Jul på kanten til framtida

Frå Trolltunga. Bilete frå Jangens blogg.

Kanskje høyrer vi til den meste og beste tida nokon folk i dette landet har hatt. Dei mest priviligerte. Noke kan tyde på det. Eg veit ikkje. Men framtida kommer uansett. Korleis skal den sjå ut? Meir krig? Meir vondskap? Og var det bedre før?

I Gaza er fleire tusen barn blitt drept. Fordi nokon mellom anna skal verna seg sjølve - eller fordi ein mann er redd sin eigen skjebne? For om lag 2000 år siden skjedde noko liknande då kong Herodes ga ordre om at alle gutebarn frå to år og yngre skulle utryddast. Kongen hadde høyrt at det skulle bli eller var født ein konge. Han måtte drepast. Alle vart drepne og 2000 år etter kallar vi skrikene frå mødrene Ramaskrik!

Oppkalt etter den store sorgen.

Men Maria og Josef og Jesusbarnet hadde fått ein draum, og flykta i tide til Egypt. Dette har vi berre Bibelen sine ord på, vi høyrer om det enten vi bryr oss eller ikkje no i jula. Og vi veit om drapene no i 2024 og vi veit om barnedrapene for 2000 år sidan. Dei er nærare oss denne gong.

Historien har nådd oss igjen.

Det skjedde noko då for 2000 år sidan i Midt-Austen, som fekk veldig tyding for om lag ei heil verd fram til no. For han som blei født i stallen i Betlehem og om lag 30 seinare blei hengd på eit kors, ei hending som vi veit fann stad, har fått oss – nesten alle – til å leva nokolunde etter dei orda frå den gong. Mange trur ikkje på dette, men like fullt lever vi meir eller mindre etter dette. Sjølv hardbarka ateistar reknar Jesus og hans virke som den høgaste av all leveveg som finst.

2000 år har gått. No har vi nådd til kanten av stupet. Vi veit ikkje korleis det går. Det er fleire som vil skubba oss over kanten. Det er nok med eit par droner. Men vi, både kristne, ateistar og heilt vanlege folk, må stå i mot. Til sist vinn vi! Vi må.

Er det forkynning? Eg veit ikkje, eg er ikkje prest, eg er ikkje meir kristeleg enn andre folk. Men eg trur meir på Jesus enn på julenissen. Vi lever på kanten av eit stup.

God og velsigna jul!

Jan Gravdal
Jangen’s blogg

Forrige
Forrige

Tommel som ei kjøttkake!

Neste
Neste

Duehandel 2