Duehandel 2
Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.
Dueslaget var plassert høgt oppe på løeveggen på Kjærland. (Foto: Hans Reidar Kjærland)
Dei flotte fuglane til Haugen var til glede for mange. Mange hadde det som ein fast post på programmet når dei var i Rosendal at dei stakk innom og såg på dei staselege påfuglane og dei kvite, fine duene. Vi kan vel seia at Haugen dreiv dueoppdrett for mange, og særleg barn og ungdommar fekk, eller kjøpte duer av dokteren. For dei som betalte noko, var det alltid snille prisar.
Hans Reidar Kjærland i Uskedalen hadde lyst på duer, og i 12–13-årsalderen fekk han tips om at det var råd å få kjøpa duer hos Haugen. Han fekk mora til å ringa og spørja om dette var mogeleg. Dokteren lova guten duer, men det passa ikkje akkurat då, så han lova at han skulle ringa tilbake når han hadde duer klare til levering.
Etter ei tid ringte Haugen. Gleda var stor for Kjærlandsguten, for det vart gjort avtale om at han kunne koma til Rosendal neste dag ved lunsjtider og henta to kvite duer. Guten tok bussen innover, og med seg hadde han ei pappøskje til å ha duene i. Guten troppa opp på venterommet, og då Haugen oppdaga han, tok han straks ein kort pause frå pasientane. Iført den kvite legefrakken tok han øskja med seg til duehuset, og kom kjapt tilbake med to flotte kvite fuglar, ei due av kvart kjønn.
Under overrekkinga ute på tunet, var det oppgjer for duene, og prisen var det ikkje noko å seia på. Hans Reidar hugsar han betalte ei krone, 50 øre for kvar due. Nøgd og glad tok guten bussen tilbake til Uskedalen med duene i øskja på nabosetet.
Heime på Kjærland vart fuglane plasserte i dueslaget som var gjort klart. Det var plassert høgt oppe på løeveggen, slik at kattar og andre «fiendar» ikkje skulle koma til. Buret hadde ein innedel og ein utedel, og fuglane vart mata frå innsida av løa. Første 2 – 3 vekene var buret stengt, slik at fuglane skulle slå seg til ro på den nye heimplassen sin. Etter det vart det opna, slik at dei kunne få seg flygeturar, men dei kom alltid tilbake.
Duene trivdest på Kjærland, og dei formeira seg, men dei hadde også fiendar. På slutten vart ein hønsehauk så nærgåande at han sat på taket på dueslaget og venta på at han skulle få seg eit måltid. Etter eit par år gjorde hauken at det vart slutt på duehaldet på Kjærland.
Hans Reidar fortel at det var fleire som fekk duer frå Haugen, også i Uskedalen. Ein av dei var næraste naboen hans, Kåre Myklebust.