Halsbetennelse


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


wil-stewart-tB4-ftQ4zyI-unsplash.jpg

Då Gunnar Mehl frå Rosendal var 18 år, fekk han halsbetennelse, og det var av det kraftige slaget. Dermed bar det til dokter Haugen, som starta behandling umiddelbart. Det var ned med buksa, og sprøyte med penicillin i baken.

Kuren forsette to eller tre dagar, etter det Gunnar hugsar. Då måtte han møta på kontoret til Haugen i halv sjutida om morgonen for å få nye penicillinsprøyter. Såpass tidleg måtte han koma for at han skulle nå jobben som starta klokka sju. Her var det ikkje snakk om eitt minutts fråvær. Sjukemelding var i alle fall ikkje i tankane hos nokon av dei.

Kuren virka, og det tok ikkje lange tida før Gunnar Mehl var kvitt halsbetennelsen.

Forrige
Forrige

Duehandel 2

Neste
Neste

Hans Gertz: Pensjonist med munnspel