Til sjukehus for blindtarmen


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


elyne-anthonissen-zmj0Y5Ox2_8-unsplash.jpg

Turid Rønning, med jentenamnet Omvik, no busett i Oslo, har òg fleire minne frå møte med Haugen under oppveksten i Omvikdalen.  

Ho fortel at ho i 1953 eller -54 vakna og hadde så forferdeleg vondt i magen. Det hjelpte ikkje kor ho snudde og vende på seg, så det enda med at foreldra ringte til dokteren. Han kom. Etter å ha undersøkt henne konkluderte Haugen med at det var blindtarmbetennelse, og at ho måtte til Bergen på sjukehus.

Turid visste at ein annan i bygda var blitt henta med fly av same grunn kort tid i førevegen. Ho hadde også sett at ei gammal kone hadde blitt sendt i korg med båten. Derfor spurde ho litt uroleg korleis ho skulle reisa.

– Du kan reise som et annet menneske, men du må ha lugar, var svaret ho fekk.

Turid trur det var same gongen han kommenterte at «hun har pene føtter!» før han breidde over henne att, fòr ut døra og hasta vidare.

Forrige
Forrige

Skremt i vegkanten

Neste
Neste

Med aksla or ledd