Sommarferie i Fønderdalen


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


Fønderdalen4.jpeg

Med dei svært så travle arbeidsdagane dokter Haugen hadde, veit vi at det var lite tid til å ta seg fri. Difor er det nesten overraskande på mange at han tok seg tid til å ha sommarferie. Men det gjorde han. Då samarbeidde han blant anna med Konrad Lunde ved sjukehuset på Valen, og det er fleire eksempel på kortfatta brevvekslingar mellom dei to om dette. «Jeg ferierer, du vikarierer» pluss aktuelle datoar, er ein variant av dette.

Fønderdalen1.jpeg

Barnebarnet Kjell Haugen fortalde i boka at han trudde det var sjeldan bestefaren tok seg tid til ferie. Men han hadde blitt fortalt at medan barna var små, var heile familien på bilturar nedover i Europa. Og etter at han kom til Kvinnherad var han ofte med Lars T. Bondhus på turar til Fønderdalen ovanfor Sundal i Mauranger.

Kjell fekk aldri vera med på desse turane, men han hugsar at søskenbarnet, Erik Nordang, som var eldre enn han, fekk vera med ein gong Haugen hadde med seg ein slektning på turen. Utan å hugsa det sikkert, har han inntrykk av at bestefaren hadde ei veke i Fønderdalen kvar sommar.

Nytte livet i fjellet

Turane til Fønderdalen sette Haugen svært stor pris på, og det var tydeleg at han lada batteria når han kom til stølen øvst i dalen. Det var Torbjørn Bondhus som eigde stølen på den tida, og dotterson hans, Lars Næs, fortel at det var stølsdrift der fram til sommaren 1947. Mor til Lars, Oddlaug Næs (f. Bondhus 1926), var stølsjente der dei siste somrane i rundt fem år. Namnet Fønderdalen tyder «den grøderike dalen», og namnet vert også i ein del samanhangar skrive Fynderdalen. Denne forma vart brukt på framsida av hytteboka frå 1945.

I dette natureldoradoet var det tydeleg at Haugen nytte livet. For å koma til dette paradiset tok han båt til Sundal, og så gjekk dei til fots til Bondhusvatnet, som dei etterpå rodde over. Deretter var det ein og ein halv times fottur fram til stølane i Fønderdalen. Til saman var det fem stølar, og det var stølsdrift der første tida Haugen ferierte der. Lars Næs fortel at onkel hans, Lars T. Bondhus, ofte var med på turane, men han trur at onkelen gjerne gjekk heim om dagane for å jobba på garden, medan Haugen budde på stølen. Han budde i det største stølshuset, medan fleire stølsjenter budde saman i eit av dei andre.

Hytteboka

Haugen skreiv i hytteboka, og Lars Næs har funne eksempel på det. I august 1945 skreiv han til dømes at han og dottera Ragnhild hadde budd på stølen i ei veke.

– Eg blei nesten overraska då eg såg at han hadde teke seg tid til ei heil veke, seier Lars Næs. Og det er det ikkje vanskeleg å vera einig i.

Haugen skreiv vidare:

«Vi har funnet en fredelig støl med serlig venlige og gjestfrie stølsfolk, som har forgit oss med mjølk, helst rømmekolle, og har budt oss på rømmegrøt og stekt aure (fisket i vatne ved Kroka-stølen av Johan Kroka).

Vi har hat bare godvêr og har veret på de nærmeste mitene. Her er vill og storfallen natur så en kan lete efter maken. En dag fikk vi følge med Lars T. Bondhus og Thorvald Sundal som sørget for at vi fikk se både hjort og ørn.

Det er ugjerne vi reiser herfra.

Jeg tror jeg vil fortelle bare mine nærmeste venner at vi har været her.

Endre Haugen»

Hyttebok1.jpg
Hyttebok2.jpg

Ville ha fred

Slutten understrekar vel eit bilde som vi har av Haugen. Han var tilbakehalden og fortalde lite om seg og det han gjorde privat. I tillegg ville han kanskje ikkje ha noko renn til dette paradiset, som han hadde funne, og ville ha mest mogeleg fred. Det er òg tydeleg at han gjekk turar i området då han var i Fønderdalen.

Lars Næs hugsar særleg to ting som onkelen, Lars T. Bondhus, fortalde frå turane med Haugen. Han var alltid fin i tøyet når han gjekk på tur, og turkleda var alltid dress. I tillegg var han imponert over dei store botaniske kunnskapane til dokteren. Han var veldig interessert i alt som voks, og han kunne namna på alt av planter. Men han brukte det aldri for å framheva seg sjølv. På ein naturleg måte gjorde han også dei rundt seg nysgjerrige på denne kunnskapen. I samband med dette fortalde onkelen ei artig historie til Lars Næs.

Ein gong dei var på tur viste Haugen dottera si ei plante og fortalde at ho heitte Søterot.

Jenta ville vita kvifor ho heitte det.

– Du får smake på rota så finner du det ut, svara faren med eit lunt smil og gledde seg tydelegvis over vitebegjeret til dottera.

Jenta så gjorde, og då ho kjente kor beiskt det smakte, vart ho så sint at ho kasta planta med rot og det heile på den dresskledde faren. Han tok dét og med eit smil.

<img src="https://images.squarespace-cdn.com/content/v1/5d31e796f543d400017d57ac/1574697777180-UKBQQ43IB6GAKWBTSQ42/F%C3%B8nderdalen2.jpeg" alt="Fønderdalen2.jpeg" />

Fønderdalen2.jpeg
Neste
Neste

Militærteneste, eller fritak?