frå heim til heim mockup.jpg

Frå heim til heim – Blikk på eldreomsorga i Kvinnherad

Boka kom ut i 2016, og er no ikkje lengre i sal.

Boka ser nærare på livet ved aldersheimane i Kvinnherad. Skribent Kristian Hus og sonen Kristen Børje, som er fotograf og grafisk designar, gav i 2015 ut boka Godt vaksen, med portrett av tolv eldre over 90 år i Kvinnherad kommune. No kjem oppfølgjaren; Frå heim til heim, der vi også denne gang ser på livet til nokre av dei eldste blant oss. Men i år har vi gått inn på alle alders- og sjukeheimane, og sett nærare på kvardagen der. Vi får høyra frå bebuarar om livet på heimen, men òg frå pleiarar, leiarar, pårørande, friviljuge og andre, som meiner noko om institusjonane.

Mange av dei eldre i Kvinnherad bur gjerne på ein alders- eller sjukeheim – og avsluttar ofte livet der. Alle kjenner vi nokon som bur på ein slik heim, enten i nær familie eller litt lengre unna. Men få av oss veit noko særleg om buforholda, arbeidsoppgåvene, stemninga, middagane, underhaldninga, politikken og økonomien. Frå heim til heim freistar å kasta eit lite blikk på desse temaene, og utfordrar oss til å tenkja over korleis dei eldre bør ha det.

Frå heim til heim er ei reise frå ein type heim til ein annan.

Boka er også ei reise frå ein alders- eller sjukeheim i éi bygd til den neste. Vi er innom Husnestunet, Halsnøytunet, Rosendalstunet, Ølve alderspensjonat, Varaldsøy aldersheim og bufelleskapet Utåker eldresenter.

20160416-DSCF9086.jpg
20160209-DSCF7130.jpg
20160420-Varaldsoy32.jpg
20160126-DSCF5788.jpg