Godt vaksen: Ragna Hjelmeland
Ragna Hjelmeland tar dagane som dei kjem no, og går ikkje rundt og tenkjer på at livet ein gong vil ta slutt. Det kan vi ikkje gjera noko med likevel, seier ho. Einaste 90-åringen stundom tenkjer litt på, og innerst inne ønskjer, er at ho må sleppa smerter og ikkje ha det vondt når hennar siste time ein gong kjem. Bortsett frå det, får det gå som det går.
Godt vaksen: Jens Ljosnes
Det er 9. april 1940: Vêret er lettskya og fint med vår i lufta. 15-åringen Jens Ljosnes kjem roande mot land heime i Kvednavikjo om morgonen etter å ha teke inn garna sine. Enno rører dagens fangst på seg i stampen bak i båten; ein stor torsk og nokre småsei. Auregarnet hans var tomt for fisk denne gongen. Ein nabogut kjem småspringande ned mot sjøen og ser nokså oppøst ut. Han har visst noko alvorleg å fortelja.
Godt vaksen: Ny-pensjonist
– Når ein er blitt 65 år og ny som pensjonist, er det tid for ettertanke og tid for å sjå framover. Tida som er gått får eg ikkje gjort noko med, ho er borte. Men eg har lært noko undervegs. Den lærdommen vil eg bruka til noko. Eg vil møta tida som kjem med dei erfaringar eg har med meg.
Godt vaksen: Tordis Gausvik
Dersom Tordis Gausvik i Mauranger hadde fått levd livet sitt på nytt, er det mangt ho ville gjort annleis. Ho tenkjer spesielt på åra med små born, medan ho og mannen dreiv handel og HSD-ekspedisjon og endåtil eit lite småbruk i Sundal. I dag angrar ho litt på at ho ikkje brukte meir tid på dei minste.
Godt vaksen: Reidar Hjelmeland
Etter eit langt og godt liv, så å seia fri for sjukdomar, flytta 95-åringen Reidar Hjelmeland frå Herøysund til Halsnøytunet tidleg i 2015. Kona, Birgit (88) bur framleis heime. Det er best slik når åra renn på og helsa sviktar. Den gamle treskjeraren har fått plass på demensavdelinga, og vi forstår etter kvart under samtalen med han at ein del er forsvunne frå minnet. Men Reidar er ikkje borte vekk; og han kan enno fortelja. Dessutan høyrer og ser han uvanleg godt til å vera så langt oppi åra.
Godt vaksen: Solveig Heimvik
Solveig Heimvik (93) flytta seinhaustes 2014 til kommunalt husvære i Kvadraten, og seier ho i dag bur ideelt til. At ho har medverka til at folketalet på Utåker har minka, tenkjer ho ikkje så mykje på.
– Det var ein trist og vemodig dag då eg flytta, seier Solveig ettertenksamt. Men eg hadde god hjelp og det gjekk fort for seg. Ho kjenner enno på lengselen etter huset sitt og hagen med alle blomane, og viser oss eit vakkert bilete på veggen som fortel kva ho snakkar om. Er det løye at eg lengtar tilbake, spør ho?
Godt vaksen: Alt liv er verdt å leva
– Då eg var yngre var døden noko fjernt og uverkeleg. Eg kunne lese om andre unge, som døydde i ulykker eller av sjukdommar, men sjølv var eg udødeleg. Eg skulle leve til eg i alle fall vart 90. Eg skulle flytte til Oslo å få meg mann og tre barn. Eg skulle bu i eit stort kvitt hus med hage, og etter kvart lære meg å like hagearbeid.
Godt vaksen: Karl Landro
Eg kjenner at kroppen min er utsliten, men eg er langt frå lei av livet. Tvert imot takkar eg Vårherre for kvar dag eg får stå opp og kle på meg, seier Karl Landro på Sæbøvik. Han går i sitt 96. år og bur framleis heime i huset han bygde for snart 70 år sidan – og greier seg stort sett åleine. Berre om kvelden treng han litt hjelp av folk frå Halsnøytunet; dei kjem og trekkjer av han sokkane. Det er vanskeleg å bøya seg når kroppen stivnar til.
Godt vaksen: Valborg Vikane
På Rogdo reiste dei ikkje vekk korkje når dei skulle føda eller døy. Alt skjedde i heimen, både når det kom nye born til verda og når folk låg på sitt siste. På den måten fekk vi eit mykje nærare forhold til livet og døden enn i dag. No er begge delar så godt som ute av heimane; borna blir for det meste fødde på eit sjukehus og der sluttar òg livet for mange, seier Valborg Vikane på garden Ølvestveit. 92-åringen har budd her på nordsida av Åkerfjorden i heile 65 år – og held framleis på hardingdialekten sin.
Godt vaksen: Bernt Kaldestad
Bernt Kaldestad (fødd 1922) ønskjer å bu i heimen sin livet ut. Å flytta til ein annan stad vil han absolutt ikkje, i alle fall ikkje så lenge han er så sprek som no. Dessutan vil han ikkje høyra snakk om at han er ein gammal mann.
Godt vaksen 10 år
Vi publiserer tekstane frå boka Godt vaksen (2015) her på Skimtvis framover.
Var med i boka «Godt vaksen» – no er alle døde
Bernt Kaldestad er død, nær 102 år gammal. Han var den siste attlevande av 12 kvinnheringar i boka Godt vaksen. Dei elleve andre er gått bort tidlegare etter at boka kom ut i 2015. Den første var Solveig Heimvik frå Utåker, ho døydde brått 93 år gammal berre nokre månader før boka var ferdig.
Kurshelg om levd liv i Sunnhordland
Det er viktig å ta vare på historien. Birgit Boland på Hatlestrand fekk fortalt si historie i boka «Godt vaksen» i 2015 før ho døydde. (Foto: Kristen Børje Hus)
Birgit Boland: Eit langt og allsidig liv
Birgit Boland på Hatlestrand nærmar seg 96 år, og er det næraste vi kjem eit levande leksikon. I dette lyd-intervjuet fortel ho om korleis det var å veksa opp i Osa i Hardanger, som einaste barn i familien. Mora fødde i alt sju born, men seks av dei døydde etter berre nokre få dagar.