Var med i boka «Godt vaksen» – no er alle døde

Bernt Kaldestad.

Bernt Kaldestad er død, nær 102 år gammal. Han var den siste attlevande av 12 kvinnheringar i boka Godt vaksen. Dei elleve andre er gått bort både før og etter at boka kom ut i 2015. Den første var Solveig Heimvik frå Utåker, ho døydde brått 93 år gammal berre nokre månader før boka var ferdig. Ho ville likevel vera med om noko slikt skulle skje, sa ho i intervjuet vi hadde med henne.

Godt vaksen handla om livet til fem menn og sju kvinner, alle over 90 år. Kvar og ein fortalde interessante historiar om liva sine, frå oppveksten i tjue- og trettiåra og fram til dei i 2015 var komne på oppløpssida i livet. Det var først og fremst forteljingar om korleis det var å veksa opp, ofte under tronge økonomiske kår og åra dei hadde levd seinare. Dei reflekterte òg over kva som eventuelt ventar oss etterpå når vi legg att augo for siste gong.

Første bok om eldre

Så langt vi var kjende med, var det ikkje tidlegare laga ei bok om 90-åringar her i kommunen. I så fall var det på tide at denne aldersgruppa fekk koma til orde og fortelja sin historiar, skreiv vi i føreordet til boka.

For menneske som har levd så lenge sit inne med mykje kunnskap, erfaring og visdom etter sine lange liv, som vi meinte det var viktig å få nedteikna. Når folk er vekke for godt, er det for seint å spørja seg korleis livet deira var.

Bernt Kaldestad, 93 år då boka blei laga, sa til intervjuaren at han ikkje ville høyra snakk om at han var ein gammal mann. Han var berre litt eldre. Bortsett frå litt plager etter eit lårbeinsbrot, var han frisk og rask både i kropp og sjel. Dessutan tenkte han lite på det som ein gong skal koma, det uungåelege – døden. Han var nok blant dei som skauv slutten på livet framfor seg lengst mogleg, sa han ettertenksamt i boka.

Men Bernt var i det minste overtydd om at det finst meir mellom himmel og jord enn det vi er i stand til å forstå. Om vi får eit liv ein annan stad eller i eit anna univers når det er slutt her på jorda, var 93-åringen derimot tvilande til.

Dei elleve andre som var med i boka (nemnt i same rekkefølgje som i boka):

• Valborg Vikane, Åkra

• Karl Landro, Sæbøvik

• Solveig Heimvik, Utåker

• Reidar Hjelmeland, Herøysundet

• Tordis Gausvik, Mauranger

• Jens Ljosnes, Uskedalen

• Ragna Hjelmeland, Omvikdalen

• Wenche Skaaluren, Rosendal

• Bjørg Hellesøy, Løfallstrand

• Bjarne Enæs, Ænes

• Birgit Boland, Hatlestrand

Godt vaksen vart ei svært populær bok i 2015, og ho blei utseld til jul same året. Viss det er stor nok interesse for det i dag, vil vi vurdera å publisera ei e-bok, som interesserte kan kjøpa og lesa på nettet. Send oss gjerne ein epost om det her.

Du kan elles lesa om boka her.

Alle foto: Kristen Børje Hus

Valborg Vikane.

Solveig Heimvik.

Karl Landro.

Bjørg Hellesøy.

Birgit Boland.

Reidar Hjelmeland.

Jens Ljosnes.

Ragna Hjelmeland.

Wenche Skaaluren.

Bjarne Enæs.

Tordis Gausvik.

Forrige
Forrige

«Han hev synt stor trott og orden»

Neste
Neste

Fekk bassgitaren sin tilbake