Fekk bassgitaren sin tilbake

Gjensynsglede: Ove Lemicka (t.v.) er glad for å få den første bassgitaren sin tilbake frå Lars Jostein Rørvik. (Privat foto).

Black Widow: Ove Lemicka (frå venstre), Olav Helge Rye og Roald Kleppestø. Bak står Leon Hansen jr.

Det er snart 50 år sidan Ove Lemicka kjøpte seg ein bassgitar for cirka 1500 kroner. Han spelte i si andre popgruppe på den tida. Dei kalla seg «Black Widow», og hadde i 1975 seriøse planar.

Gutane kjøpte godt utstyr, og satsa friskt. Dei var berre 14–15 år gamle, og hadde eigentleg ikkje lov til å gå på dans. Etter eit par år, la dei av ulike grunnar opp – før instrumenta var betalte. Noko av utstyret blei levert tilbake til musikkforretninga i Bergen, medan bassgitaren på biletet hadde Ove kjøpt på avbetaling, så den kunne han behalda.

Lars Jostein Rørvik var i vande for ein bassgitar i 1983, og på bedehuset på Husnes hadde dei ein for sal. Korleis den var hamna der er noko uvisst, men han var truleg brukt av Ten Sing. Ved eit tilfelle seinare på 80-talet såg Lemicka at Rørvik brukte gitaren på eit speleoppdrag, og tok kontakt. Han meinte at dette var gitaren som han kjøpte i 1975. Kjennemerket var ein skade der ein set inn pluggen.

Dei siste 40 åra har gitaren stort sett lege bortgløymd heime hjå Lars Jostein Rørvik. Men no var det på tide at han kom tilbake til sin opphavelege eigar, og det skjedde i denne veka.

Omtala i ny bok

Black Widow er elles omtala i boka Rock- og popband i Kvinnherad gjennom 60 år, som nyleg er komen ut. Der kan ein lesa at som ungdomsgrupper flest på den tida, var repertoaret litt meir rocka enn dei tradisjonelle danseorkestera. Dei spelte både for Trio Supporterklubb, på fleire skuledansar og på «Rocke-show» i Husnes samfunnshus.

Klikk her og les om boka

Forrige
Forrige

Var med i boka «Godt vaksen» – no er alle døde

Neste
Neste

Bok om pop og rock i Kvinnherad