Fekk bassgitaren sin tilbake
Det er snart 50 år sidan Ove Lemicka kjøpte seg ein bassgitar for cirka 1500 kroner. Han spelte på den tida i si andre popgruppe. Dei kalla seg «Black Widow», og hadde i 1975 seriøse planar. Gutane kjøpte godt utstyr, og satsa friskt.
Bok om pop og rock i Kvinnherad
I juni 2005 kunne Svein A. Vårdal og Geir Yven stolte presentera 40-års rockehistorie i ei utstilling på biblioteket på Husnes. Dei hadde samla effektar og anna dokumentasjon frå denne perioden, og hadde funne fram til 87 ulike band og 150 artistar med tilknytning til Kvinnherad.
Den nære fortida i Uskedalen
I fjor kom første utgåve i den lokalhistoriske uskedalsserien Den nære fortida ut, og det blei ein stor suksess – med svært mange kjekke tilbakemeldingar. No er oppfølgjaren klar, og den blei presentert i Helgheim laurdag 4. november. Thor Inge Døssland og Astrid Haugland selde godt med bøker.
Modige kvinner i Kvinnhersminne
Kvinnhersminne XXI har fått tittelen «Modige kvinner. Kultur og verksemd langs fjorden». Skriftet er gjeve ut av Kvinnherad sogelag, og det er styret i laget som har ansvaret for boka. 2023-utgåva markerer også 40-årsjubileet for sogelaget, sjølv om laget eigentleg vart skipa 30. november 1982.
Fartøyhistorie i bokform
Festsalen i Halsnøy kulturhus var nesten fullsett onsdagskvelden då boka «Fartøyhistorie frå Halsnøy, Fjelberg og Valen 1900–2023» vart presentert. Folk frå store delar av kommunen var møtt fram, og mange nytta høvet til å sikra seg ei bok, enten til seg sjølv eller som gåve til andre.
Politisk samarbeidsavtale: Vil byggja helsehus på Husnes
Fleirtalet i det nye Kvinnherad kommunestyre; Høgre, Arbeidarpartiet, KrF og Venstre, har lagt fram ein samarbeidsavtale for neste periode. Der går dei blant anna inn for at dei vil byggja eit nytt helsehus på Husnes. Samarbeidspartia har ikkje sagt noko om stadvalet, sjølv om kommunestyret tidlegare har vedteke at det skal byggjast på ei kommunal tomt bak Panorama/Coop.
Vonde, men likevel fine minne
Otto Blokhus har mange minne frå møte med dokter Haugen.
– Det er vel ingen av oss godt vaksne som ikkje hugsar denne mannen. Eg har mange minne som sit djupt i meg, seier Otto, og han nemner to tilfelle som gjorde særleg sterkt inntrykk på han.
Bror hans hadde skarlagensfeber. Det var veldig alvorleg med høg feber og feberfantasiar. Dei var fortvila, og Otto hugsar det som einaste gongen han såg far sin gråta.
Inga trøyst å få hjå dokter Haugen
På slutten av 1950-talet vart to trebruer over Oksareelva innanfor Betongvare i Sandviklia rivne. Elva delte seg knapt 100 meter ovanfor vegen, men dei murte igjen det eine elveløpet slik at vatnet vart samla i ei elv. Johannes Naterstad var med på dette arbeidet, og då dei var ferdige å støypa kar til den nye brua, måtte dei plastra slik at vassmassane ikkje skulle undergrava brukara. Les historia om Johannes, som fekk senebetennelse i eit handledd, og måtte oppsøkja dokter Haugen for å få hjelp.
Kommunevalet – eit dilemma
Eg er fødd og oppvaksen i Rosendal, har budd på Husnes i over femti år, men er først av alt kvinnhering. I det ligg at eg ønskjer det beste for heile kommunen vår, for alle som bur her i dag – og nye som vil flytta hit seinare. Men eg er òg for eit sterkt sentrum, og er difor svært skuffa over at nesten ingen parti engasjerer seg for regionsenteret Husnes! Det gjev grunn til bekymring.
Vart sydd i søvne
Etter den alvorlege brannskaden og alle smertene, fekk naturleg nok Jostein Guddal legeskrekk. Likevel fekk han behov for lege nokre år seinare. I sjuårsalderen var den gardsinteresserte guten også borte ved floren. Han var då uheldig og gjekk på karmen på mjelkebilen. Resultatet vart eit solid kutt i hovudet. Det måtte sying til, og dokter Haugen vart tilkalla. Han sydde såret medan guten sov.
Tredje grads forbrenning
Hos Jostein Guddal har ei hending frå 3-årsalderen brent seg fast i minnet. Han var i floren med far sin, som var i gang med stiinga. Rett innafor døra stod ei bøtte med glovarmt vatn. Ho skulle brukast når dei gjorde klar drikke til kalvane. Då Jostein var like ved døra, kom ein ver springande rundt hjørnet. Guten vart nok litt redd, og tok eit par steg bakover, og sette seg i bøtta med det varme vatnet.
Balansekunst på isen
Kjellaug Johnsen, som voks opp i Austrepollen i Mauranger, hugsar dokter Haugen som ein verkeleg balansekunstnar på glattisen. Dette minnet skriv seg frå ein gong bestefar hennar låg skikkeleg sjuk. Han hadde lungebetennelse.
Duehandel
I gutedagane var Arvid Tufta veldig interessert i duer. Han hadde brevduer og var medlem i Ving, ein brevdueforening i Bergen. Interessa hans for duer gjorde sitt til, naturleg nok, at han ofte var å såg på, og studerte fuglane til dokter Haugen i Rosendal. Det var særleg nokre kvite, som var spesielle og interessante, syntes Arvid.
Uhell med luftgevær
Arvid Tufta, som i dag er ein svært ivrig skyttar, hadde også denne interessa for skytesporten i ungdommen. Det starta med luftgevær. Han hugsar godt ein gong dei dreiv og skaut på blink. Midt i økta kom det ei kraftig regnbyge, og dei måtte ta ein pause. Arvid var forsiktig med våpenet sitt så han sette opninga på løpet ned mot støvelen, slik at det ikkje skulle koma vatn inn i løpet.
Travel trafikant
Dokter Haugen hadde ikkje tid å missa når han var på utrykking, han tok alltid raskaste vegen. Theodor Totland på Sunde fortel ei historie som viser det. Ein gong dokteren var ute og køyrde, møtte han bussen i Øyradåso, like ved Øvrevik sin butikk før SØRAL blei etablert. Det var ikkje plass for begge, og derfor begynte bussen å rygga for å finna ein passande plass der bilane kunne passera kvarandre. Medan sjåføren rygga, oppdaga han plutseleg bilen til Haugen bak seg.
Undersøking på sjeselongen
Kjersti Bondhus i Mauranger fortel ei historie om korleis det var å koma til Haugen på kontroll når ein var høggravid. Kjersti var tilflyttar frå Fana til Mauranger og hadde aldri opplevd noko løgnare enn då ho oppsøkte dokteren i Rosendal, like før ho vart mor for første gang i 1971.
Spretten utrykking på Karlsøy
Dokter Haugen vert hugsa som ein kar som var både spretten, lett på foten og rask i snuen. Dette utnytta han til å spara tid når han var på utrykkingar.
Ei nifs oppleving i Stalheimskleiva
Sokneprest Knut Sellevold kjøpte første bilen sin, ein Morris 10 frå dokter Haugen rundt 1950. Bilen hadde dobbelt clutch, etter som synkroniserte girkassar kom først nokre år seinare, så det var ikkje alltid like enkelt å få giret ned frå høgt til lågt turtal.
Dyktig, arbeidssam og pliktoppfyllande
Endre Haugen (1895–1986) var distriktslege i Kvinnherad frå 1934 til 1966. Etter det dreiv han privat praksis fram til 1979. Då var han blitt 84 år gammal.
Helsehus med noko attåt
Kvinnheringen skreiv nyleg om at kommunen no er klar til å starta arbeidet med forprosjektet for eit nytt helsehus på Husnes. Eg trur mange ser fram til eit slikt tiltak i regionsenteret, rett og slett fordi det er eit stort behov for å samla tenestene. Dei som i dag har arbeidet sitt ved Husnes helsesenter har òg gjeve uttrykk for at arbeidsforholda deira i dag langt frå er optimale.