Tredje grads forbrenning


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


Hos Jostein Guddal (67) har ei hending frå han var i 3-årsalderen brent seg fast i minnet.

Han var i floren med far sin, som var i gang med stiinga. Rett innafor døra stod ei bøtte med glovarmt vatn. Den skulle brukast når dei gjorde klar drikke til kalvane. Då Jostein var like ved døra, kom ein ver springande rundt hjørnet. Guten vart nok litt redd, og tok eit par steg bakover. Resultatet vart at han knea og sette seg i bøtta med det varme vatnet.

– Eg skambrende meg både på revo og føtno, kan du vita, fortel Jostein om den dramatiske hendinga i gutedagane.

Heldigvis hadde faren ein stor stamp med kaldt vatn i. Han var kjapp og sette den forbrende guten i vatnet. Dette var nok viktig for å avgrensa skadane.

På den tida var det ikkje telefon på gardane, og dei måtte springa til naboen for å ringa etter dokter. Der var det eit pengeapparat, og det var der alle på gardane rundt om på Seglem, der Jostein voks opp, gjekk når dei skulle ringa. Haugen vart kontakta, og han var raskt på plass.

Jostein sjølv hugsar naturleg nok ikkje hendinga, men han har fått den fortalt frå mor si. Han beundrar den innsatsen Haugen la ned i behandlinga.

– Han hadde ein stor stamp med matolje og kanskje noko i tillegg, og så tok han meg i armar og bein og svinga meg fram og tilbake. Såleis spylte han meg gjennom oljebadet, fortel Jostein om behandlinga. Kvar morgon og kveld kom dokteren til Seglem og gjentok dette. Det har gjort sterkt inntrykk på Jostein at den travle dokteren brukte så mykje tid på dette.

– Det var jo tredje grads forbrenning, og det medførte at eg fekk feber. Mor mi fekk også nokre tablettar som ho skulle gje meg dersom feberen vart for høg, fortel Jostein. Han legg til at mora har fortalt at ei natt vart feberen så høg at ho var redd for at ho hadde mist han om ho ikkje hadde hatt desse tablettane.

– Jau, dokter Haugen var ein flott fyr. Det er det mange eksempel på, avsluttar Jostein Guddal, som òg kan fortelja at han måtte læra å gå på nytt etter den skremmande hendinga, som han utruleg nok kom frå utan eit einaste arr.

Forrige
Forrige

Vart sydd i søvne

Neste
Neste

Balansekunst på isen