Travel trafikant


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


Dokter Haugen hadde ikkje tid å missa når han var på utrykking, han tok alltid raskaste vegen. Theodor Totland på Sunde fortel ei historie som viser det. Ein gong dokteren var ute og køyrde, møtte han bussen i Øyradåso, like ved Øvrevik sin butikk før SØRAL blei etablert. Det var ikkje plass for begge, og derfor begynte bussen å rygga for å finna ein passande plass der bilane kunne passera kvarandre. Medan sjåføren rygga, oppdaga han plutseleg bilen til Haugen bak seg.

Haugen hadde ikkje hatt tid til å venta, og han hadde køyrd over bakkane for å koma seg forbi bussen.

Plassen det skjedde, er på Hydro sitt område i dag.

Forrige
Forrige

Uhell med luftgevær

Neste
Neste

Undersøking på sjeselongen