Bok om pop og rock i Kvinnherad

Kvinnherad rockeklubb har fått god omtale i boka.

I juni 2005 kunne Svein A. Vårdal og Geir Yven stolte presentera 40-års rockehistorie i ei utstilling på biblioteket på Husnes. Dei hadde samla effektar og anna dokumentasjon frå denne perioden, og hadde funne fram til 87 ulike band og 150 artistar med tilknytning til Kvinnherad.

Planen med utstillinga var at materialet skulle enda opp i ei bok. Men om bokidéen kunne la seg gjennomføra, var dei derimot ikkje sikre på.

– Det blir i alle fall ikkje denne veka, sa Geir Yven spøkefullt den gongen.

No er boka komen

Men no er tida endeleg komen! Tjue år seinare er boka klar, med omtale av nær 200 band og enkeltartistar, og med over 400 bandmedlemer. Det var Lars Jostein Rørvik som for eit par år sidan fekk ideen til å dokumentera den store aktiviteten som har vore innan ulike musikksjangrar i kommunen vår. Kristian Hus i Skimtvis forlag tende òg på ideen, og no er resultatet av meir enn to års arbeid ferdig

Arbeidsfordelinga i prosjektet har stort sett vore at Rørvik har skrive eller samla inn tekstar og bilde. Hus har språkvaska stoffet og utført andre redaksjonelle oppgåver, medan Kristen Børje Hus i Multipleks design har stått for den grafiske formgjevinga.

Lokale artistar har stilt velviljug opp, bidrege med bilde og fortalt historiar frå musikklivet. Mange hendingar ligg langt tilbake i tid, og då kan noko lett gå i gløymeboka. Då er dei digitale utgåvene av lokalavisene gode å ha. Gjennom annonsar, referat frå ulike arrangement og intervju med artistane, har forfattaren prøvd å laga omtale av alle band og soloartistar så nær realitetane som mogleg.

Han rettar ei stor takk til alle som har bidrege med bilde. Utanom Rockeklubben og artistane sjølve, nemner han spesielt Jonn Karl Sætre, Carina Wangensten og Jorunn Larsen.

Les meir her

Forrige
Forrige

Fekk bassgitaren sin tilbake

Neste
Neste

Den nære fortida i Uskedalen