Den nære fortida i Uskedalen

Fire av medlemene i boknemnda (frå venstre): Svein Rimestad, Thor Inge Døssland, Astrid E. Haugland og Torkel Stensletten. Harald Sætre er også med i nemnda. Foto: Kristian O. Bringedal.

«Den nære fortida» er no til sals.

I fjor kom første utgåve i den lokalhistoriske uskedalsserien Den nære fortida ut, og det blei ein stor suksess – med svært mange kjekke tilbakemeldingar. No er oppfølgjaren klar, og den blei presentert i Helgheim laurdag 4. november.

Årets bok byrjar med ein artikkel om det som no er SPAR Uskedalen si 160 år gamle soge i Sandaslekta. Hjørdis Holgersen fortel levande, særleg frå sine mange år som drivar, eigar og medverkande i forretninga. Etterpå skriv Ove A. Olderkjær om kampen om bruken av Sandakaien i bestefaren, Mandius Myklebust, si tid.
Vidare er det ein rik bolk med minne frå den tida det var tre skular i bygda. Arbeidsstova og alle dei andre aktivitetane i huset på Brekketoppen vil truleg også vekkja minne hos mange.
I artikkelen «Sommeren 1944» fortel Anne Karin Norbø Børsheim om korleis det var å koma frå byen til Uskedalen for å «feita seg opp» under krigen. I ein skulestil frå tida før vi fekk eiga kyrkje i bygda i 1914, får vi høyra korleis ei kyrkjeferd til Rosendal arta seg for ein ung gut. Haugland og Musland misjonforeining si 175-årige soge blir det også fortalt om frå start til slutt.

Korn, kverndrift og skikkar

To artiklar omhandlar korn, kverndrift og skikkar og mytar rundt det. Innan landbruket har det skjedd ei utruleg utvikling. Det kjem òg tydeleg til syne gjennom artiklar om meieri og mjølkeutsal, mjølkebilen og mjølkerampane, intervju med mjølkekontrolløren gjennom 50 år og overgangen frå raudkolle til NRF.
Fotballen var ein aktivitet, som stod særs sterkt i Uskedalen i tidlegare tider. Dette har fått god plass i boka.
Ikkje minst er boka denne gongen krydra med mange kjekke bilete. Mange av personane på bileta vil nok folk dra kjensel på, noko som vil vekkja gode minne.

Den første boka er òg framleis i sal. Sjølv om den siste utgåva er vel så innhaldsrik som nr 1, har vi alt godt med stoff til neste bok, som er planlagt å koma hausten 2024.

På boksleppet i Helgheim var det musikkinnslag ved Veteranbandet i Uskedal Musikklag og Rustne Menn, forutan informasjon om arbeidet i historielaget, kaffi og litt å bita i.

Uskedal Historielag
skriftstyret

Boksleppet i Helgheim samla mykje folk. På scenen: Tre Rustne Menn.

Forrige
Forrige

Bok om pop og rock i Kvinnherad

Neste
Neste

Modige kvinner i Kvinnhersminne