Modige kvinner i Kvinnhersminne

Kvinnhersminne XXI har fått tittelen «Modige kvinner. Kultur og verksemd langs fjorden». Skriftet er gjeve ut av Kvinnherad sogelag, og det er styret i laget som har ansvaret for boka. 2023-utgåva markerer også 40-årsjubileet for sogelaget, sjølv om laget eigentleg vart skipa 30. november 1982.

Lars Jostein Rørvik likar å både spela, syngja og skriva. (Arkivfoto: Kristian Hus)

Eit interimstyre leia laget fram til det fyrste årsmøtet i april 1983. Det er også den 20. utgåva av Kvinnhersminne som Kvinnherad sogelag har ansvaret for. Den fyrste, som kom ut i 1982, stod Husnes mållag bak.

I føreordet for årets utgåve står det at det fyrste skriftstyret hadde som mål å ha eit par hovudtema i boka. Dette er eit prinsipp ein har følgd i meir eller mindre grad sidan.

– Vi har halde oss på same leist som tidlegare, for målgruppa er gjerne den same også, stadfestar Lars Jostein Rørvik, som har vore redaktør for dei fem siste utgåvene.

Juliette på Ænes

I arbeidet med årets bok hadde skriftstyret fleire tematiske målsetjingar.

– Tidlegare har vi hatt ein mangel på kvinnehistorier. Denne gongen opnar boka med tre slike artiklar. Fyrst har vi franske Juliette på Ænes, deretter kjem reportasjen som Grenda hadde om jentene som jobba i Inste Botnane, og så kjem eit stykke om den heilt spesielle kvinna Laura Døssland, seier Rørvik.

Styret ynskte også at gamle naust skulle vera eit sentralt tema.

– Vi har fått nokre artiklar frå Ølve og Hatlestrand, dessutan var eg og Audun Eik i Sunndal og snakka med Trygve Fredheim om det gamle naustet der. I tillegg hadde vi ein tanke om å skriva om våre nye landsmenn, men det lukkast vi berre delvis med. Men vi har i alle fall éin slik artikkel med, fortel Lars Jostein Rørvik.

Han reknar med å vera redaktør for den neste Kvinnhersminne også, men då vil 76-åringen setja strek for sin del. Han har allereie ein tanke om kva som bør vera tema i bok nr 22.

– Eg er som kjent oppteken av krigen, og i 2025 er det 80 år sidan den tok slutt. Så eg vonar eg får styret med på at neste Kvinnhersminne skal handla om åra 1940–1945, og har allereie lufta det med dei, avslører han.

Kvinnhersminne vert trykt i eit opplag på 550 eksemplar. Rørvik reknar med at kring 450 vil gå ut i løpet av kort tid, då medrekna at 250 medlemmer i Kvinnherad sogelag får boka gratis. Han er sjølvsagt spent på mottakinga.

Han nyttar høvet til å takka Åslaug Snilstveit, som har stått for grafisk design, og skriftstyret, som har bidrege med innlegg og teke kontakt med aktuelle bidragsytarar.

– Utan deira aktive innsats hadde det ikkje vore mogleg å samla nok stoff til å gje ut denne utgåva av Kvinnhersminne, slår redaktøren fast om boka som er i sal frå 1. november.

Før jul er Rørvik også aktuell med den store boka om pop- og rockhistorien til Kvinnherad. Han kan dessutan fort koma attende med endå ei bok neste år:

– Ja, eg har òg fått i oppdrag å skriva om 150-årsjubileet til Husnes kyrkje, og jobbar som om det skal bli bok.

Av Morten Nygård
Grenda

Forrige
Forrige

Den nære fortida i Uskedalen

Neste
Neste

Fartøyhistorie i bokform