Helsehus med noko attåt

Kvinnheringen skreiv nyleg om at kommunen no er klar til å starta arbeidet med forprosjektet for eit nytt helsehus på Husnes. Eg trur mange ser fram til eit slikt tiltak i regionsenteret, rett og slett fordi det er eit stort behov for å samla tenestene. Dei som i dag har arbeidet sitt ved Husnes helsesenter har òg gjeve uttrykk for at arbeidsforholda deira i dag langt frå er optimale.

At administrasjonen i kommunen ikkje responderte på tilbodet frå Seniorsenteret for fleire år sidan om å samlokalisera helsetenestene sine der, får så vera. Det løpet er køyrt. At det også har gått over eitt år (1) sidan politikarane fekk informasjon frå einingsleiaren for helse om ideen for eit helsehus på Husnes, får oss til å tru at kommunen ikkje har det travelt. Dessutan er det ikkje sett av pengar i økonomiplanen før i 2025 og 2026, så det er gjerne difor det går litt seint. Men nok om det, no får vi sjå framover – og venta på eit godt resultat.

Venteleg vil alle helserelaterte tenester, som i dag er knytte til Husnes helsesenter, inklusiv fysioterapeuttenesta og den offentlege tannrøkta, finna sin plass i eit nytt helsehus i Husnes sentrum. Sektorleiar Sigbjørn Øye tar ifølgje Kvinnheringen òg til orde for at det truleg vil vera lurt å få inn eksterne aktørar – for å få ned kostnadene for kommunen. Det tykkjest vera ein «lur» ide! I denne diskusjonen bør det også vurderast å bruka topp-etasjen (5. etasje?) til leilegheiter, kanskje i eit fellesskap med ein privat utbyggjar. Venteleg vil det òg føra til reduserte kostnader for kommunen.

Eit anna moment som bør vurderast i samband med forprosjektet, er parkeringstilhøva. Slik eg har forstått dagens situasjon, er parkering i sentrum allereie eit stort problem. Difor bør ein i forprosjektet for helsehuset sjå på om det er tenleg, og økonomisk forsvarleg å laga p-plassar i kjellaren. Venteleg vil det løysa mange problem.

Lukke til med forprosjektet – og bygginga.

Kristian Hus

Forrige
Forrige

Båt-bok på beddingen

Neste
Neste

Bok om den nære fortida i Uskedalen