Båt-bok på beddingen

Boknemnda (bak frå venstre): Leif Helge Særsten, Øyvind Særsten, Torleif Fjelland, Idar Landa, Kirsten Fjelland, Gerhard Eide og Karin Gram-Nygaard. Nils Magne Kloster framme. (Foto: Kristian Hus)

Arbeidet med boka, eller bøkene om dei mange frakte- og fiskebåtane frå Halsnøy, Fjelberg og Valen går på fram, jamt og trutt nokolunde i rute.

Alt i alt er det snakk om kring 350 motoriserte farty, og ein god del av desse vil bli omtala i den første boka, som er planlagt å koma ut i haust. Dei resterande båtane har boknemnda planar om å ta med i ei bok nummer to hausten 2024.

Forutan detaljerte opplysningar om kvart farty, som til dømes byggjeår og -stad, storleik, eigarskap og bruksområde, vil bøkene innehalda interessante artiklar knytt til sjø, fiske og fangst. Som vi veit har Halsnøy og dei nærliggjande bygdene spelt ei sentral rolle opp gjennom tidene, like frå klostertida og fram til i dag. Halsnøy Kloster representerte til dømes eit maktsentrum i regionen. Då var sjøen og båten viktige element, noko som kan ha påverka den maritime utviklinga i gamle Fjelberg kommune fram til nyare tid.

Heimehamn på Halsnøy

Ein annan faktor som har vore medverkande, er at det i mange år var to sardinfabrikkar på øya (i Sæbøvik og Toftevåg), som mange lokale båtar på ein eller annan måte var knytte til, enten som leverandørar av råstoff eller i transportsamanheng. I tillegg kjem hundrevis av fartøy som har drive fiske både i nærområda og i farvatn lengre unna. Felles for alle var at heimehamna deira var på Halsnøy, Fjelberg eller Valen.

Dei mange båtbyggeria som har vore her i fleire generasjonar, blir også omtalt i den første boka. Ei tid var det vervaplassar nærast i kvar ei vik på øyane. I den første boka blir bortimot 40 vervaplassar omtalt.

Frå boknemnda sitt møte i maritimt miljø i Høylandsbygd, der ein blant anna fekk sjå det flotte maleriet frå bygginga av «Atlanta», eit farty som også er med i boka. (Foto: Karin-Gram Nygaard).

Forrige
Forrige

«Nytt» Baronispel

Neste
Neste

Helsehus med noko attåt