«Nytt» Baronispel
23. juli 1987 var det premiere for det første Baronispelet i Rosendal. No har Sundal Media for eiga rekning gjort dei gamle filmopptaka sine mykje betre gjennom ny programvare. Sjølve digitaliseringa av den 36 år gamle filmen vart gjort for nokre år sidan, fortel Egil Sundal. Den nye versjonen er publisert på Kvinnherad kommune si nettside.
I samband med spelet vart det òg laga ein PR-video, der Knut Hass intervjua fleire av dei som var involverte i prosjektet.
Lars Amund Vaage skreiv manuskriptet til «Baronen – eit kvinneportrett», medan Ketil Bjørnstad komponerte musikken. Marit Sofie Lea var initiativtakar til spelet, som mange karakteriserte som ei storhending i Kvinnherad. Hovudrolla, Karen Mowat, vart først spelt av Juni Dahr seinare av Frøydis Armand.