Bok om den nære fortida i Uskedalen

Allereie på lanseringsdagen var det stor interesse for den nye boka om den nære fortida i Uskedalen.

Uskedal Historielag har dette året jobba med stoff frå bygda si nære fortid, og har i haust gitt ut boka «Den nære fortida». Skriftstyret har funne plass til 22 artiklar og mange interessante bilete. Den mest omfattande er samlinga av ulike personlege minne, som framleis finst om kva som hende i bygda i dagane rundt 20. april 1940, med særleg fokus på evakueringane i bygda.

Elles kan vi lesa om dei ulike bakeria som har vore i Uskedalen, om ulike skreddarar, om møbelsnikkeri, reveoppdrett, første traktoren i bygda, guteklubben «Gordon», om idrettsliv, aktivitetane på dampskipskaiane, Sunnhordlandsmeisterskapane i friidrett på Heio og mykje anna.

Interessa hjå publikum har vore stor, og svært mange hadde førehandstinga boka før ho vart lansert i gamle skulehuset 12. november. Nokre veker seinare kan Thor Inge Døssland i skriftstyret fortelja meir:

God respons

– Ja, responsen har vore god og salet går unna, både i Uskedalen og elles, seier han. Så langt er godt over halvparten av opplaget på 600 eksemplar selt. Mange utflytta uskedelingar tar kontakt og ønskjer boka tilsendt. Det er òg veldig kjekt med alle tilbakemeldingane frå dei som har kjøpt boka, og ekstra kjekt at mange unge seier dei likar det vi har fått til og syns det er interessant stoff.

Boka er i sal på Spar Uskedalen og hjå bokhandlarane i Rosendal og på Husnes. Boka kan òg kjøpast direkte hos skriftstyret. Åslaug Snilstveit i Salikat design har stått for produksjonen av boka. Under lanseringa fekk ho ros for velgjort arbeid og godt samarbeid.

– Det er mykje stoff att, og vi er godt i gang med neste utgjeving, melder skriftstyret i historielaget. Alt no kan dei seia at det kjem oppfølgjarar i alle fall dei to komande åra. Mykje kjekt stoff er så godt som klart.

Skriftstyret har truffe ei nerve hjå både unge og eldre lesarar i Uskedalen og bygdene ikring. Frå venstre: Svein Rimestad, Thor Inge Døssland, Harald Sætre, Torkel Stensletten og Astrid Haugland. (Foto: Kristian Bringedal).

Forrige
Forrige

Helsehus med noko attåt

Neste
Neste

Ny bok om stikkvegane frå E134 Haukelivegen