Kommunevalet – eit dilemma

Eg er fødd og oppvaksen i Rosendal, har budd på Husnes i over femti år, men er først av alt kvinnhering. I det ligg at eg ønskjer det beste for heile kommunen vår, for alle som bur her i dag – og nye som vil flytta hit seinare. Men eg er òg for eit sterkt sentrum, og er difor svært skuffa over at nesten ingen parti engasjerer seg for regionsenteret Husnes! Det gjev grunn til bekymring.

I mitt tidlegare liv var eg politisk aktiv, medan eg i dag følgjer interessert med frå sidelina og observerer det som blir sagt og skrive. I den pågåande valkampen er det sanneleg mykje å fabulera over, som langt frå er avklarande i høve til kven eg skal røysta på. Det som gjer det vanskeleg, er at fleire parti kjem med lovnader, som eg trur er heilt urealistiske og vanskeleg lar seg gjennomføra. Eg tvilar til dømes på at det er så enkelt å flytta ferja mellom Kvinnherad og Stord tilbake til Sunde, som nok ein gong er blitt ei valkampsak. Men eg forstår dei som av ulike grunnar ønskjer ei endring.

Kven er så best eigna til å styra kommunen dei neste fire åra, no når så mange av dei mest erfarne har trekt seg? Skal vi satsa på eitt av partia som stiller med unge og langt på veg urøynde kandidatar, og gje dei ein sjanse til å byggja seg opp politisk til seinare val? Eller skal vi bruka ei av listene, der ein framleis finn folk med politisk erfaring og kompetanse? Kven har dei beste løysingane på utfordringane?

Blant folk eg snakkar med, blir slike spørsmål ofte diskutert no om dagen. Dessutan sit eg og andre framleis på gjerdet fordi vi ikkje heilt greier å bestemma oss. Men det står likevel klart at ved eit kommuneval er det ikkje partiet som er det viktigaste, men personane vi vel – og som vi håpar vil tala «våre» saker når kvardagen kjem. Dette blei til dømes godt illustrert under folkemøtet om kraftlinene gjennom Rosendal nyleg. «Vi kan røysta på kva parti som helst, for alle seier nei til planane», sa møteleiaren. Mange veljarar tenkjer nok slik i desse dagar; politisk ideologi og ståstad er bortimot underordna for mange. I inneverande periode ser vi til dømes at Høgre og Arbeidarpartiet er i same «båt», og det er ikkje første gongen. Dei har samarbeidd fleire gonger før i kommunepolitikken.

I min alder, og med erfaring frå Eldrerådet i kommunen, er det naturleg for meg å røysta på parti som har eldreomsorg som ei prioritert oppgåve. Lesarbrevet til Olav Røssland om tilhøva på Husnestunet tidlegare i sommar, fortel meir enn noko anna kva politikarane må gripa tak i – omgåande! Men ei god eldreomsorg er ikkje det einaste som må få høg prioritet i det nye kommunestyret. For minst like viktig er barn og unge sine oppvekstkår, der ein legg til rette for gode fritids- og utdanningstilbod. Ein trygg oppvekst er viktig for etterkomarane våre. Dessutan må politikarane engasjera seg meir i arbeidet med å skaffa nye arbeidsplassar i Kvinnherad. Gode og tenlege samferdsleløysingar er ein del av dette.

Til slutt: Som sagt innleiingsvis er det svært skuffande å registrera i val-avisa at så å seia alle parti, bortsett frå Venstre, ikkje seier eit einaste ord om regionsenteret Husnes. Er ikkje dette så viktig lenger? Eg hadde i det minste venta at leiande parti som Høgre, Arbeidarpartiet og FrP ville engasjert seg meir i spørsmålet, og fortalt sine potensielle veljarar noko om kva ein har tenkt å gjera for å få meir fart i utviklinga.

Det er sanneleg eit dilemma kven vi skal røysta på den 11. september!

23.08.23.

Kristian Hus

Forrige
Forrige

Inga trøyst å få hjå dokter Haugen

Neste
Neste

Vart sydd i søvne