«Han hev synt stor trott og orden»

Tjerand Aske, sjølvportrett på Folgefonna i 1931.

Hugsar du historien om Tjerand Aske (1906–1976) frå Borgundøy, mannen som vi skreiv om i boka «Den sindige villmannen» i 2018? Han vart ofte sett på som ein eventyrar, etter at han midt på vinteren i 1931 tok seg over Folgefonna på ski – og sykkel. Mange karakteriserte denne turen som ei stor bragd, som blei hugsa i vide kretsar i mange år etterpå.

Men Tjerand var ikkje berre ein eventyrar, sjølv om han levde i takt med naturen og sauene sine på det vesle småbruket i tidlegare Fjelberg kommune. Han var noko langt meir, med mange gode og kloke sider, kjem det fram i boka.

– Eg hugsar far min alltid sa at Tjerand er nok mykje klokare og tenkjande enn han ser ut som, seier ein av dei som bidrog i boka. Eg trur dei fleste aksepterte han som ein likeverdig sambygding.

Småbruk på Borgundøy

Historia om Tjerand Aske er ikkje berre ei forteljing om ein litt uvanleg mann, ein eventyrar og hardbarka friluftsmann. Boka skildrar like mykje livet han levde som småbrukar, fiskar og endåtil omsorgsarbeidar blant uteliggjarar i Oslo siste del av livet sitt. I boka følgjer vi han frå vogge til grav så å seia, like til han omkom på tragisk vis i hovudstaden.

Vi fortel om oppveksten på småbruket på Borgundøy, og om skulegang både heime og ute etter at han blei vaksen. Til dømes gjekk han i 1931 på Hardanger jordbruks- og fruktdyrkingsskule på Utne, der han oppnådde uvanleg gode karakterar, som vi nyss har fått kjennskap til. Ein tidlegare fjelbergbu har nemleg sendt oss vitnemålet frå skulen, der det kjem fram at Tjerand «…hev synt stor trott og orden. Ved hans framferd er ingen merknad å gjera…».

Gode karakterar

I så å seia dei fleste faga fekk han karakteren «Svært godt». I hagebrukslæra fekk han endåtil karakteren «Framifrå godt». I rekning og bokførsel gjekk det derimot ikkje så godt, men karakteren «Godt» vitnar likevel om ein svært flink elev. I praktisk dugleik viser vitnemålet ein hovudkarakter på «Svært godt (1,67)».

Alt i alt gjev vitnemålet frå Hardanger jordbruks- og fruktdyrkingsskule eit godt bilete av ein kunnskapsrik mann med mange eigenskapar. Men han greidde likevel aldri å få skikk på sitt eige liv, ei heller småbruket på Aske, der han vaks opp og budde like til dyrevernsnemnda i Kvinnherad i 1958 kom og tok alle sauene hans. Han datt saman, bokstaveleg tala, slik også husa på garden gjorde dei siste åra han budde der. Tre dagar etter at han fylte 70 år i 1976 døydde han på tragisk vis i Oslo.

Boka om Tjerand Aske er utseld, men du kan lesa meir om han her.

Her kan du òg tinga ei PDF-utgåve av boka.

Berre grunnmurane står att etter småbruket på Aske. (Arkivfoto: Kristen Børje Hus).

Forrige
Forrige

Folgefonna blir borte hver dag

Neste
Neste

Var med i boka «Godt vaksen» – no er alle døde