Godt vaksen: Karl Landro
Utsliten kropp, men ikkje lei av livet
Eg kjenner at kroppen min er utsliten, men eg er langt frå lei av livet. Tvert imot takkar eg Vårherre for kvar dag eg får stå opp og kle på meg, seier Karl Landro på Sæbøvik. Han går i sitt 96. år og bur framleis heime i huset han bygde for snart 70 år sidan – og greier seg stort sett åleine. Berre om kvelden treng han litt hjelp av folk frå Halsnøytunet; dei kjem og trekkjer av han sokkane. Det er vanskeleg å bøya seg når kroppen stivnar til.
Etter kvart som Karl er blitt eldre og har fått betre tid til å filosofera over liv og død, har han fått ei større tru på at det finst ein Himmel der Gud styrer. No finn han ro og fred ved å lesa i Bibelen før han legg seg om kvelden. Det gjev ei indre ro og god nattesvevn.
– Sjå her, har du lese dette? spør den gamle fiskaren og industriarbeidaren, og blar opp i Bibelen for oss. Han har funne noko i Johannes openberring som han tykkjer er fantastisk sagt:
«Sjå, Guds bustad er hos menneska. Han skal bu hos dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hos dei. Han skal vera deira Gud.»
3. juledag 1919: Ein fraktebåt er på veg frå Angeltveit i Fjell kommune med ei fødande kvinne om bord. Etter knappe to timar er dei framme i Bergen, og vesle Karl Landro kjem til verda på Betanien sykehus. Slik byrjar denne historia om ein halsnøybu, som i utgangspunktet var litt i tvil om han ville la seg intervjua til ei bok om eldre kvinnheringar. Han er då ikkje fødd her.
Men Karl tar imot oss i heimen sin på Tofte ein fin april-dag, og vi møter ein kvinnhering like ekte som ein kvar annan. Han har trass alt budd på Halsnøy i snart 70 år.
Det var på eit lite småbruk på Landro i Fjell Karl voks opp i dei harde 20- og 30-åra. Far hans dreiv med fiske attåt gardsarbeidet, noko sonen òg etter kvart blei med på. Det var små kår og lite pengar blant folk flest på den tida, så alle som kunne måtte vera med å ta eit tak om ein skulle greia seg.
Søndagsskule og sju års skulegang var det obligatoriske for dei som voks opp på Landro, som i mange andre små bygdesamfunn på den tida. Karl hugsar enno godt den første skuledagen, som var både kjekk og trist på ein gong. Han var den eldste av fire søsken, som nett hadde mist mor si.
– Ja, det var vondt! Eg sto der på skuletrappa og såg på alle dei andre elevane som hadde ei trygg hand å halda i, medan eg tenkte på mor mi som nett var død, fortel Karl ettertenksamt. Slikt festar seg i eit barnesinn, og merkjer ein for livet.
Men ei tante flytte inn i heimen deira, og ungane fekk trass alt ein god oppvekst saman med faren og henne, trass i saknet etter den døde mora.
Karl har mange bilete og gjenstandar frå åra som har gått rundt om i huset sitt.
På fiske
Karl fekk i ung alder vera med far sin på sjøen, og dei to dreiv blant anna med hummar- og krabbefiske i mange år. Like til konfirmasjonsalderen reiste Karl til Bergen for å selja fangsten sin på Torget. Seinare venta større og meir spennande fiske; no på ein ålesundbåt som dreiv med sildefiske på trøndelagkysten. I heile 17 år var han med same basen på ymse bruk.
Aldri så lite stolt fortel Karl oss om at han var den første som fekk manøvrera ein motorisert loddebåt på Svinøyhavet for å leita etter sild.
Også medan tyskarane hadde Norge i si makt var den unge strileguten på fiske, utan å oppleva noko spesielt dramatisk. Men han hugsar at dei ofte måtte bruka lyskastarar om nettene for å sjå etter miner. Dei hadde fått beskjed om at fisket føregjekk på eige ansvar, nettopp på grunn av faren for å gå på ei mine. Det hende òg fleire gonger at tyske soldatar kom om bord for å sjekka at dei ikkje dreiv med noko ulovleg. Men det gjekk som oftast roleg for seg, utan samanstøytar av noko slag.
I 1942 fekk Karl førarkort for bil og framandmakta ville senda han til Mo i Rana som sjåfør under byggjinga av Nordlandsbanen, men det blei det heldigvis ikkje noko av. Han hadde då jobb på ein fraktebåt frå Sogn, som transporterte jernbanesviller frå Fredrikstad.
Det året gjekk Karl òg på kystskipparskulen på Stord, og det var her han møtte kvinna som seinare skulle bli kona hans; Anna Koløy frå Halsnøy. Lagnaden ville det slik at ho var hushjelp i same huset som den 23 år gamle eleven frå Angeltveit på Fjell budde. Det utvikla seg til ekte kjærleik, og fire år seinare gifte dei seg og sette bu på Tofte. Karl heldt seg framleis på sjøen, blant anna på fraktebåten «Koløyholm», eigd av tre svograr.
Bygde hus
Tomta til huset vart utgraven med handamakt og han brukte eit par år på jobben. Tømmeret vart transportert med båt frå Koløyholmen på Fitjar, medan svigerfaren hadde ansvaret for bygginga. Karl og Anna vart godt mottekne i Toftekrinsen, og han minnest enno godt at fleire naboar hjelpte til med å leggja heller på taket.
Det var smått med elektrisk kraft på landsbygda på denne tida, og middagen måtte dei koka på vedfyrte komfyrar. Litt straum til lys fekk dei likevel frå eit aggregat i Toftevågen, og det heldt akkurat til tre pærer samtidig. Karl meiner det var snakk om 130 watt den første tida. Brukte dei meir enn det, sytte «vippa» for at straumen vart utkopla, ei ordning som kunne vera nokså irriterande i blant. Mot slutten av 1940-åra sa Karl takk for seg som sjømann og fiskar, og tok seg jobb på land. Han byrja som linemontør og arbeidde både i Fjelberg Kraftlag og i Sunnhordland Kraftlag (skl) i mange år. Ein av dei første jobbane han var med på, var kraftlina frå Halsnøy Kloster til Høylandsbygd. Lina var nødvendig for at kraftlaget kunne levera den etterlengta elektrisiteten tidleg på 1950-talet.
Fjelberg Kraftlag vart skipa i 1947, og Karl minnest at mange deltok i arbeidet på linenettet, og fekk lutar i kraftlaget som betaling.
Karl var også brukt som kontrollør ei tid og reiste rundt i heimane til folk for å notera kor mykje straum dei hadde brukt sidan sist. Det var ikkje berre ei kjekk oppgåve, og han minnest enno ein del nervøse husmødre, som var redde for at dei hadde brukt for mykje. I desse åra fekk han òg vera med på fleire større oppdrag for skl rundt om i heile distriktet. Ei tid hadde han til dømes ansvaret for pristilboda frå ulike leverandørar av utstyr. Han var òg med på linebyggjinga i Matre, lina mellom Fjellhaugen til Blådalen og på dei store luftspenna over Matresfjorden, Åkerfjorden og Langenuen.
– Interessante jobbar, men til tider svært slitsamt, seier Karl, og tenkjer spesielt på slitet medan dei heldt på i fjellet om vintrane.
Til Stord
Etter nokre år med linebyggjing i kraftlaga skifta han jobb og byrja på Aker Stord, der han var platearbeidar i 12–13 år. Karl hugsar ikkje heilt nøyaktig kor lenge han var tilsett der, men han hugsar godt det første store oppdraget han var med på; «Statfjord a», plattforma som vart sett i produksjon ute på feltet i Nordsjøen i 1979.
På denne tida kom Karl i kontakt med skipsbyggjar Johs. G. Eide, som trong folk til verftet i Høylandsbygd. Han tilbaud same løn som dei hadde på Stord, og dermed vart det slutt på pendlinga. Her vart han òg verande fram til 1987, då han vart pensjonist, 67 år gammal.
På verftet i Høylandsbygd fekk Karl vera med på både opp- og nedturar, slik det kan vera i denne bransjen. Men han har i dag likevel berre gode minne frå siste arbeidsplassen sin.
– Det var ein svært god arbeidsplass, og Johannes’n var ein grepa kar å arbeida for, seier 96-åringen.
Treskjering har vore Karl Landro sin store hobby, noko vi legg merke til med det same vi kjem inn i yttergangen og vidare inn i stova hans. Vakre gjenstandar, høgt og lågt, fortel om eit sinnrikt og godt utført handverksarbeid gjennom mange år. Han lærte kunsten av Nils Landa frå Halsnøy og Reidar Hjelmeland frå Herøysund, og var sjølv med og tok initiativ til treskjeringskurs på Halsnøy.
Då Karl blei pensjonist og fekk betre tid, reiste han fleire gonger til Hallingdal for å selja produkta sine. Han stoppa ved tilfeldige butikkar og andre moglege salsstader for å tilby ein del av det han hadde laga i løpet av vinteren. Små hyller, auser, skeier, råmer til bilete og klokker var populær salsvare.
– Eg likte godt desse turane, og så fekk eg litt luft under vengjene, veit du, seier Karl.
Utsliten
– Ja, ja, eg har hatt eit rikt og godt liv og har ikkje noko å klaga over. Å vera pensjonist er ikkje så verst det heller, men kroppen min er ikkje noko å skryta over lenger, han er utsliten, rett og slett. Men eg er glad for at eg enno får bu heime og at eg har gode og hjelpsame naboar rundt meg.
Anna og Karl fekk tre barn; to jenter og ein gut. Guten hadde Downs syndrom og døydde i 2011, 60 år gammal, etter å ha budd på Furuly på Askøy i mange år av livet sitt. Døtrene er busette i Bergen og på Voss og kjem ofte heim for å sjå til far sin. Då har dei òg laga ferdige middagsporsjonar for fleire veker framover. Så har det berre vore for Karl å henta ferdigmaten opp frå frysaren kva tid han ville.
Men no vil han byrja å kjøpa middag frå Dill på Halsnøytunet. Det blir meir praktisk, og sikkert minst like godt, har han og døtrene kome fram til. Men tørrmaten handlar han framleis inn sjølv, og køyrer i skrivande stund enno bil til butikken på Sæbøvik.
Men i løpet av sommaren vart det slutt på bilkøyringa òg. Han hadde lov til å køyra ut juni månad, men sa tidleg til legen sin at han ikkje ville forlengja køyreløyvet. 73 år bak rattet er nok for mitt vedkomande, seier Karl. Han er likevel overtydd om at han skulle greidd seg godt i trafikken ei stund til, og minst like godt som ein del ungdommar han møter på vegen.
– Mange av dei er svært uvørne, dei blinkar ikkje ein gong når dei skal svinga, og fyk forbi meg i ein farleg fart, seier den snart 96-årige sjåføren. Sjølv har han fått vellæte for fin køyring i sin høge alder.
Ei trøyst med å parkera bilen for godt, er at det no kan bli meir fysisk trening. Karl likar å gå små turar på ein skogsveg i nærleiken av Tofteåsen, og vil prøva å halda fram med det, så lenge han kan. Elles brukar han dagane til avislesing; Kvinnheringen og stundom vg, og litt fjernsyn, om enn i mindre grad.
Unngår go’stolen
– Eg kjempar imot go’stolen så godt eg kan. Blir eg sitjande der og sjå på fjernsynet for lenge, stivnar eg til og er snart ferdig, seier Karl med sikker røyst. Nei, då vil han heller sitja ved bordet og lesa i Bibelen.
– Du held deg til skrifta?
– Ja, eg trur på Jesus og at det finst ein Gud som tar vare på oss. Men det har ikkje alltid vore slik. Sjølv om eg voks opp i ein kristen heim på Landro, tenkte eg ikkje så mykje på det åndelege i mine yngre år. Det er helst i dei seinare åra eg er vorten meir bevisst på at det finst ein Himmel, der vi ein gong skal koma til. Kristentrua blei forresten openberra for meg under ei julegudsteneste i Salhus kyrkje i Bergen for over tjue år sidan. Sonen vår fekk meg med til nattverd, og der ved alteret skjedde det noko, som eg seinare har halde fast på.
No innser eg at det minkar på tida mi her på jorda, men eg er absolutt ikkje redd for å døy. Å, nei då! Når dagen kjem, vil eg døy i trua på Jesus og Gud i Himmelen. Eg ber mine bøner kvar morgon og kveld, og legg livet mitt i hans hender, slik det står i Bibelen. Det gjev meg tryggleik og ro i sjela. Eg tykkjer ikkje det er noko unaturleg, eller trist for den saks skuld, å tenkja på at døden er slutten på dette livet.
I trua på Gud og eit evig liv etter døden, gjekk Karl i mange år i Zoar på Halsnøy. Han karakteriserer bedehuset som sin åndelege heim på jorda. Men no klarar han ikkje å gå dit lenger, han er blitt for klein. Det var betre før, stor og sterk som han var – og med gode gener. Bestefaren hans blei 96 år gammal, medan faren var over 99 år då han døydde. Og dei tre søskena til Karl lever enno, yngstemann går i sitt 90. år.
Råka av slag
Karl er glad for at han har fått vore frisk stort sett heile livet. Men litt rusk i maskineriet har det likevel vore, for i 1992 hadde han eit lettare slagtilfelle, som gjekk ut over venstre sida. Men han kråna til, og no merkar han ikkje noko til hjernedryppet for over tjue år sidan.
Anna og Karl fekk som nemnt tre barn. Jentene har gitt han fire barnebarn og seinare er det blitt sju oldebarn. At slekta lever vidare, og ser til han tidt og ofte, gler Karl seg over – kvar dag. Kona hans døydde i 2010, og ville blitt 90 år viss ho hadde levd i dag.
– Eg må forresten fortelja at eg røykte til eg var minst 60 år, då heiv eg alt på sjøen. Men alkohol har det vore lite av for mitt vedkomande opp gjennom åra. Nei, eg har ikkje brukt mykje pengar på øl og dram gjennom livet mitt, seier Karl Landro – 96 år gammal, men ikkje lei av livet.
Og heller ikkje redd for å døy når tida hans kjem. Gudstrua gjev han ro i sjela og god nattesvevn.
Denne teksten er henta frå boka Godt vaksen – kvinnheringar fortel og reflekterer over livet. Boka kom i 2015 og har vore utseld sidan dess. No publiserer vi innhaldet frå boka. Du kan lesa alle tekstane på Skimtvis.no etter kvart som dei vert publiserte.
Om du vil, kan du støtta Skimtvis ved å kjøpa e-boka, der alle tekstar og bilete er samla. Boka kostar 9 euro (om lag 105 kroner), og vert levert som ein PDF med 202 sider.