Godt vaksen: Ny-pensjonist

Av Ove Tvedt

Når ein er blitt 65 år og ny som pensjonist, er det tid for ettertanke og tid for å sjå framover. Tida som er gått får eg ikkje gjort noko med, ho er borte. Men eg har lært noko undervegs. Den lærdommen vil eg bruka til noko. Eg vil møta tida som kjem med dei erfaringar eg har med meg.

Eit kinesisk ordtak seier: «Ein gammal mann som sit, ser lenger enn ein ung mann som står». Kanskje det er rett. Eg meiner både unge og eldre kan tenkja gode tankar. Det er mangfaldet, som gir dei gode løysingane. Eg treng ikkje korrigera alt og alle, som ikkje er einig med mine meiningar.

Det er viktigare å vera interessert enn å vera interessant. Når eg møter nye meiningar, nye tankar og nye løysingar, vil eg prøva å få innsyn i kva desse inneheld. Visa interesse. Dette håpar eg på vil gje meg ei god pensjonisttid.

Ei svensk sigøynerdame me møtte i ein liten hamneby ved Middelhavet i 2005 lærte meg noko viktig. Ho hadde reist gjennom Europa med hest og prærievogn. Vogna var heimen hennar.

– Går det an å reisa med hest og kjerre gjennom Europa i vår tid?
spurde eg.

Ho såg på meg med sine mørke augo som ikkje veik for noko, og svarte kort:

– Det beror på hur man prioriterar!

Slik er det nok oftast, ein får til det ein prioriterer.​

Mi tid som pensjonist ynskjer eg å fylla med aktivitetar, som kjem fellesskapet til gode. Fellesskapet er viktigare enn individet. Men individet må ha det bra om fellesskapet skal bli godt. Difor blir mitt møte med den einskilde avgjerande.

Eg har vore lærar ved Valen skule i meir enn tretti år. Å vera i klasserommet for å gi kunnskap til barn, har eg likt. Dei var så tillitsfulle – og ynskte å læra. Kvart barn møtte på skulen med sine føresetnader, og eg prøvde å møta den einskilde slik han eller ho var.

Eg er blitt fortald historia om ein prest som klaga til faren over guten som ikkje klarde å læra noko utanboks, og presten tykte at faren burde gjera noko med det. Men faren svara presten og sa:

– Me måtte ta guten slik han kom til oss, det lyt presten også gjera.

Noko til ettertanke for alle som møter barn og unge!

Eg ser tilbake på tida mi som lærar med stor glede, sjølv om eg veit at heller ikkje eg har vore ein god lærar for alle. Men det gler meg umåteleg mykje når eg ser tidlegare elevar får til noko og utnyttar sine evne. Eg er stolt av elevane mine!

Dei siste ni åra som utekontakt i Kvinnherad møtte eg svært mange barn og unge. Mange av desse unge har delt sine gleder og sorger med meg. Eg har fått gjeve dei nokre råd med i livet. Trent på situasjonar som dei vil møta og prøvd ut strategiar som kan hjelpa. Nokon, for å ikkje ta for hardt i, har fått livet sitt «på skinner» att. Det er verd meir enn ei årslønn kvar gong eg har opplevd dette. Men ein ting har eg erfart; ikkje gi råd til nokon som ikkje spør etter råd. Det er berre bortkasta energi både for mottakar og givar.

Skulle det vera ein far som les dette, og som har ein konfliktfylt farsrolle og vil ha eit råd: Du er viktig i livet til barnet ditt. Set dine eigne behov i andre rekkje og ta oppatt kontakten med barnet. Han eller ho treng deg. Ein del av dei unge eg har møtt har eit mykje vanskelegare liv fordi far har svikta. Det høgaste ynskjet deira er at far skal «bli vaksen» og stilla opp i livet deira. ​

Tvillingbror min har als. Han har levd med denne sjukdommen i mange år no. Meir enn ti av desse åra i respirator. Det er òg ti år sidan han kunne seia noko, og snart ti år utan at han kunne bevega så mykje som ein finger.​

Har han innhald i livet sitt? Ja, han fokuserer ikkje på det han har mista, men på det han har att. Trua har hjelpt han til det. Han gler seg til kvar dag! Det fortel mykje til oss som er rundt han. Då bror min fekk denne sjukdommen sa mor vår:​

– Han lyt vera i skinnet sitt.

Det var kloke ord. Dei har eg teke vare på som gull. Livet vart ikkje slik me, bror min og eg, hadde tenkt oss, men me lyt vera i skinnet vårt. Livet må eg òg ta som det kjem. Alle er heilt avhengige av kva helsa ein får.

Eg har erfart at min livsvisjon «Eg er her på jorda for at du skal ha det litt betre enn om eg ikkje var her» har gitt meg eit rikt liv. Det er eg takksam for. Framtida er eg ikkje redd for, eg har ein trygg hamn i sikte. Trygve Bjerkheim har ein setning i ein av sine fantastiske songar; «Då vil Jesus dra båten i hamn». Det trur eg på!

Eg har brukt ein del av tida mi til ungdomsarbeid på Valen. «Ope Hus – Valen» er ein ungdomsklubb i kyrkja, den har namnet sitt frå då me opna heimen vår i Bjørkestølen i 1973. Me var nye i bygda den gongen. Gjennom dette arbeidet har eg fått snakka med mange om «Gud og Jesus og sånt». Eg håpar og trur dette har hatt betydning for nokon. Eg er sikker på at mange av dei lyspunkta eg vil oppleva som pensjonist vil vera møtepunkta med desse som har gått på Ope Hus.

Då me kom til Valen hadde eg ikkje møtt mange som var så psykisk sjuke at dei måtte på sjukehus. Det å få møta desse i eit ope bygdesamfunn som Valen, var «vidareutdanning» for meg. Erfaringane har vore positive, og eg har sett pris på desse menneska som har synt meg sine plager – og ikkje minst sine sigrar. At barna våre har fått sin oppvekst på Valen har gjeve dei ekstra ballast i deira liv.

Me har alle ei psykisk helse og den må me ta vare på. Det hjelper å vera sosial. Det skaper fellesskap, og eg kan gi av meg sjølv til andre og eg får mykje meir tilbake. Slike fellesskap må skapast av nokon. Mitt bidrag må vera å stilla opp og gi «oppmuntrande tilrop». Gi ros og skryt av alt som er bra, og av alle som gjer sitt beste.

Det å sjå inn i framtida er ikkje noko eksakt vitenskap; heller ikkje for meg. Eg har gjort «avtale» med nokre unge som har lova meg at dei vil hjelpa meg når eg treng det. Dei har teke seg utdanning i ulike fag. I mitt aldrande liv vil eg kunna trengja nokre av dei. Frisørar, bilmekanikarar, drosjesjåførar, bønder, røyrleggjarar, ambulansepersonell, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar, reinhaldarar og mange fleire blir viktige aktørar også for meg. ​

Dersom eg skulle koma på Husnestunet som pleietrengjande, vil ikkje det vera noko katastrofe. Me har bygd ut eit fantastisk hjelpeapparat som står klart. Det er ikkje fullgodt kanskje, men ingen i verda har eit betre system enn oss i Norge. Eg har ei bøn om at eg ikkje treng min plass på Husnestunet, men kjem dagen vil eg truleg møta nokon som eg har møtt i mi førpensjonisttid. Eg er trygg på at dei vil meg vel!

Nokre gonger har eg hatt den gleda å få vera med på å ta imot gjester frå Guatemala. Dei har kome på vitjing gjennom Venskapsgruppa San Lucas Tolemàn/Kvinnherad. Det har vore fantastisk å få møta desse menneska. Nokre av dei har vore her når me har hatt kommuneval. Deira møte med den norske politiske røyndomen har vore interessant å oppleva. Særleg tre tema var dei opptekne av: Kvifor var det ikkje væpna vakter ved stemmeurnene? Korleis kunne me vita og stola på at ingen hadde juksa med valresultatet? «De har er jo så mange parti, men går det an å vera så uenige når de har alt?»​

Det første kan eg seia noko om til dei, men det siste er berre til ettertanke. Eg har vore i Guatemala nokre gonger og veit litt om kva dei strevar med. Me har mykje å vera nøgde med her i landet. Vårt politiske system er fantastisk. Alternativet er ikkje bra. Dei som tar på seg politiske verv treng «oppmuntrande tilrop». Det er vel kanskje den største frivillige innsatsen som me har hos oss. Gi dei først ros, og så råd om dei vil ha det, tenkjer eg.

I 2013 var me på ein tur til Manila i Filippinene. Der møtte me Rachel Trovi og hennar arbeid der. Eg veit at Rachel tok til med arbeidet sitt då ho var nesten seksti år. Ho var 87 år då me møtte henne. Eit av desse møta var då me vitja ein førskuleklasse. Me norske var nok svært store og skremmande personar for desse små. Eit av barna tok til tårene og var heilt utrøysteleg. Me «store» framande trekte oss litt unna, men det hjelpte ikkje mykje. Så går Rakel bort og tar kjærleg rundt barnet og kysser det på panna, lenge. Redsla liksom rann av barnet og det roa seg. Barnet såg nok på oss med nye augo etter dette.

Denne opplevinga gav meg håp om at ingen er for gammal til å trøysta og skapa fred rundt seg. Eg har tenkt mykje på ordet fred. Det er eit utfordrande ord. Kan du og eg skapa fred? Ja, eg trur me kan. Eg trur det er så enkelt: «Gi fred, og du skapar fred».

«Kvar tid har løyst sine problem», heiter det, og det satsar eg på gjeld framleis. Eg har sett ei utvikling som me alle bør ta tak i. Det er blitt altfor lett å vera egoistisk. Å vera svært egosentrisk er akseptert, det vert beint fram dyrka. Me ser det i media, men òg i kvardagen vår. Oss «gamle» er ikkje noko unntak. Eg har snakka med unge butikktilsette, skuleelevar som har ekstrajobb, som kvir seg når gamle skal handla hos dei. Dei får så ofte negative kommentarar og irettesetjingar. Slikt skjemmest eg over, og ber dei overhøyra så godt dei kan. Vårt egosamfunn må me kjempa imot på kvar vår plass. I køar, i trafikken, i heimen og på bussen, senteret, venterommet når me er to ilag eller mange. Gi heller «oppmuntrande tilrop» og ros!

Tida som kjem meg imøte tar slutt ein gong. Kva brukar eg den tida eg har att til? Det er ikkje enkelt å seia noko sikkert om framtida. Men det livet har lært meg må eg kunna bruka til noko. Pensjonisttida har eit nytt preg over seg, det er ikkje så mykje ein «skal» lenger. Eg er heilt og fullt styrmann sjølv. Det er noko nytt. Eg ynskjer å bruka tida mi til beste for andre, dei næraste først, men òg dei andre som eg vil møta. Laga meg møteplassar og sjølv møta opp på andre sine møteplassar. Vera meg sjølv og møta dei andre som dei er.

Mitt oppdrag i verda er ikkje å forandra andre. Eg vil heller gi litt løft i ein grå kvardag, eller dela gleda i ein strålande kvardag.

Tida som kjem vil gi meg utfordringar, er eg viss om. Det er mange gjeremål som før gjekk raskt unna som no framover vil ta lenger tid. Og vert eg endå eldre vil det ta endå lenger tid. Det er noko eg, som utolmodig mann, må læra å leva med. Det kan bli interessant å sjå korleis eg taklar det.

Tida som kjem vil òg gi meg ny kunnskap og nye erfaringar.

«Ein lever så lenge ein lærer noko», vil eg seia.


Denne teksten er henta frå boka Godt vaksen – kvinnheringar fortel og reflekterer over livet. Boka kom i 2015 og har vore utseld sidan dess. No publiserer vi innhaldet frå boka. Du kan lesa alle tekstane på ​Skimtvis.no etter kvart som dei vert publiserte.

Om du vil, kan du støtta Skimtvis ved å kjøpa e-boka, der alle tekstar og bilete er samla. Boka kostar 100 kroner, og vert levert som ein PDF med 202 sider.

Kjøp Godt vaksen som e-bok

Neste
Neste

Godt vaksen: Tordis Gausvik