Godt vaksen: Jens Ljosnes
Ikkje oppteken av alderen
Det er 9. april 1940: Vêret er lettskya og fint med vår i lufta. 15-åringen Jens Ljosnes kjem roande mot land heime i Kvednavikjo om morgonen etter å ha teke inn garna sine. Enno rører dagens fangst på seg i stampen bak i båten; ein stor torsk og nokre småsei. Auregarnet hans var tomt for fisk denne gongen. Ein nabogut kjem småspringande ned mot sjøen og ser nokså oppøst ut. Han har visst noko alvorleg å fortelja:
– Jens, Jens, da e krig, mammo høyrde da nett i radioen! Tyske soldatar har angripe Norge!
På nøyaktig same dato, men 75 år seinare, møter vi ein røsleg kar i tunet på det vesle og til dels bratte småbruket hans eit stykke innanfor Rød i Uskedalen. Jens Ljosnes har nyleg fylt 90 år og er blitt feira av familie og vener i Helgheim.
Vi er komne for å høyra livshistoria hans, ikkje så mykje for å snakka om 9. april og krigshandlingane i bygda i 1940. Men Jens hugsar likevel enno godt episoden med naboguten som kom springande for å fortelja om åtaket på Norge. Også dei tyske soldatane med gevær som kom heilt innpå tunet deira etter skotvekslinga med kjempande kvinnheringar den 20. april, sit fast i minnet hans enno.
Jens har vore flink med hendene, noko det finst mange døme på i heimen i Kvednavikjo.
Eit langt liv
Men så var det dette lange livet då, heile 90 år, med alt det andre Jens Ljosnes har opplevd og kan fortelja om – på godt og vondt. Det mest vonde og triste; bilulukka på riksvegen like ved heimen i Kvednavikjo før jul i 1979, der eine sonen deira og ein kamerat omkom, har han prøvt å leggja bak seg. Men langt frå gløymt, for det sit spikra i minnet. Slikt må ein leva med livet ut, og Jens føler på saknet kvar einaste dag. Men han snakkar lite om det med dei andre i familien. Så vondt gjer det.
– Livet må gå vidare, sjølv etter ei slik tragisk hending, seier Jens stillferdig, der vi sit på kvar vår stabbestein utanfor barndomsheimen hans og drøser om livet – og om døden.
Det siste vil han helst ikkje snakka så mykje om, sjølv om han inderleg godt veit at utgangen på livet, det endelege punktum her på jorda, er like sikkert som at vi blir fødde. Dessutan kjenner han seg ikkje så gammal heller, at det skulle vera nokon grunn til å snakka om slutten no allereie.
– Eg er då berre 90, seier Jens og ser på oss med glimt i auga.
Kvednavikjo
Han er fødd på Voss, der mor hans var frå. Faren kom frå Skorpo, og dei to overtok etter kvart småbruket i Kvednavikjo, der Jens voks opp. Han byrja på skulen før vinteren hadde sleppt taket i 1932, og hugsar enno godt første skuledagen i nye tresko på vegen utover mot Uskedalen, hand i hand med mor si. Lærar Anna Omvik stod på skuletrappa og tok imot dei nye elevane.
Men fleire år før Jens byrja på skulen, var det sjøen og livet i fjæra han var mest interessert i, slik det òg skulle bli ein stor del av livet i vaksen alder. Guten var mykje ute og fiska, ofte i lag med ein onkel, og stundom rodde dei like til Ølve. Der hadde Jens ei søster.
Berre 12 år gammal fekk han læra seg å bøta garn, og fekk endåtil sitt eige auregarn på den tida. Men det var smått med pengar i Kvednavikjo, som i dei fleste andre familiar, så då Jens eit år skulle kjøpa julepresangar var det inga anna råd enn å selja auregarnet. Kjøparen var bestemor hans, og ho betalte heile 75 øre for garnet. Dermed fekk Jens nok pengar til presangar, og sat endåtil att med fem øre i portemonéen. Gode pengar, det òg i desse åra.
Men Jens hadde fleire garn og liner igjen, som han brukte ofte for å tena seg litt pengar fram mot konfirmasjonen i 1939. Han minnest enno at han ein gong fekk seks torskar på sju onglar på kveitelina. Det tykte han var storveges.
Gamlahuset i Kvednavikjo blir renovert, og Jens følgjer arbeidet med stor interesse.
Dress til 45 kroner
Om hausten før krigsutbrotet i 1940 var det konfirmasjon i Uskedalskyrkja, med Knut Sellevold som prest. Og som vanleg var, hadde Jens òg fått seg dress til den store dagen. Prisen var 45 kroner, og konfirmanten betalte halvparten sjølv etter å ha tent litt på fiske og anna arbeid.
Konfirmasjonsdagen er ei historie for seg. Fadrane hans budde på Voss, og hadde korkje tid eller råd til å reisa den lange vegen til Uskedalen. Kommunikasjonane var vel òg så som så på den tida. Men fine gåver og kort fekk han då saktens, minnest Jens. Eit slips som gjevaren hadde betalt tre kroner og tjue øre for, var det gjevaste.
På ein slik dag skulle ein òg køyra standsmessig heim frå kyrkja, så faren hadde tinga drosjebil for seg og sine til Kvednavikjo. Men bilturen blei heller kort for konfirmanten sin del. For langs vegen gjekk det fleire eldre nabokoner, nokre av dei skrale til beins, så Jens måtte vika plass – og gå heim i findressen sin. Med slips til tre kroner og tjue øre.
Sju år seinare, i 1946, då Jens var blitt 21 år, kjende han større dragning mot sjøen enn nokon gong før. Han ville ut i verda, og søkte plass på skuleskipet «Statsraad Lehmkuhl». Men på same tid vart han innkalla til Marinekommando Vestlandet sin rekruttskule på Garnes ved Bergen. Derifrå bar det rett til ein marinebase ved Chatham i England på knm «Narvik», ein jagar som Sjøforsvaret overtok frå engelskmennene under krigen, då med namnet «Glaisdale».
Den unge uskedelingen arbeidde både i byssa og på dekk, medan båten vart reparert og klargjort for å gå tilbake til Norge. «Glaisdale» var blant anna brukt under invasjonen i Frankrike og blei minesprengt i juni 1944, så det var mykje som måtte reparerast og ordnast då krigen var slutt.
Jens Ljosnes tenestegjorde i Marinen etter krigen.
Sjømannsblod
Vel heime etter militærtenesta mønstra Jens på fraktefartøyet «Mågen», som far hans førde for eigaren, uskedelingen Sigurd Arnesen. Men utferdstrongen sat i kroppen på Jens, det var sjømannsblod i familien, fortel han, så etter eitt års tid reiste han til England og mønstra på som lettmatros og tømmermann på 12 000-tonnaren «Julian», eigd av Hilmar Reksten. Her vart han verande i kring tre år.
Mot slutten av denne perioden var Jens byrja å tenkja både på husbyggjing og endåtil etablering av familie i Kvednavikjo. Han minnest at det vart sendt telegram heim via gnisten på båten om kor huset skulle plasserast.
I mai 1951 mønstra han av med nærare 10 000 kroner i setleboka og reiste heim for å starta arbeidet på huset. Han grov ut tomta med handamakt og bar på plass sand og sement, med litt hjelp frå innleigde arbeidarar. Dei hadde ei løn på tre kroner og femti øre i timen på det meste. Huslånet i Kvinnherad Sparebank var på 15 000 kroner.
Men Jens slo seg enno ikkje til ro. Han var framleis fascinert av sjømannsyrket, og då huset i Kvednavikjo så å seia var ferdig, mønstra han på som matros med tømmermannshyre på ein heilt ny båt; tankaren «Majorian», også denne eigd av Hilmar Reksten. Det var ei fin tid, minnest 90-åringen, og fortel om turane frå Amerika, gjennom Gulfen til hamner langt vekke. Ofte kunne det vera oppi 60 grader i solsteiken på det meste.
Jens likte seg òg godt på sjømannskyrkjene rundt om i verda, og gjekk alltid der når dei låg til lands. Kanskje var det her han vart styrkt i trua på at det finst ein Gud? Men livet til sjøs baud òg på mindre hyggjelege ting, og endåtil dramatikk, som til dømes då båten ein gong blei råka av ein kraftig syklon.
Piratar og småbandittar, som truga Jens med kniv for å få pengar eller tobakk, fortel han òg enno levande om.
Sertifikat på at Jens kan ferdast fritt og uhindra på alle verdas hav. Signert av keiser Neptunus.
Trefte kona
Då Jens gjekk i land for godt i 1956 hadde han reist med i alt fem av Reksten sine båtar. Mot slutten av livet i utanriksfart hadde han òg møtt uskedalsjenta Ingrid Haugland. Dei to gifte seg i 1959.
Livet heime har òg i stor grad vore knytt til sjøen på ulike måtar. Han kjøpte seg eigen gavlabåt til fiskebruk og skøyte ilag med far sin, som dei brukte til ulike transportoppdrag rundt om i distriktet. Seinare vart det meir arbeid på land, først som snikkar hjå Sigurd Wang i tre år før han byrja på Eidsvik Skipsbyggeri. Her avslutta Jens yrkeslivet sitt då han var 65 år.
Jens har hatt god helse gjennom heile livet, og meir enn nok å gjera på både i fritida og etter at han blei pensjonist for 25 år sidan. I alle år har han til dømes levert fisk til heile familien. Dessutan har han bygt garasje på tunet, eit røykjeri og naust nede ved sjøen i sine mest aktive år. Treskjering og garnbøting, to av hobbyane hans, har han òg drive mykje med.
Men på ferie og andre turar har Jens og Ingrid vore lite på gjennom samlivet sitt.
– Nei, vi har ikkje akkurat vore noko reisande folkeslag, seier Jens. Dessutan har han heller aldri køyrt bil. Heldigvis, legg 90-åringen til. Så det har for det meste blitt til at dei har halde seg heime, og vore aktive der. Her er meir enn nok å ta seg til den dag i dag, meiner Jens, som alltid har funne glede i det han har drive med både på land og til sjøs.
Utsikt frå snikkarboda. Ymse holjarn til treskjering.
Ser lyst på livet
– Eg ser lyst på livet, seier Jens når vi spør korleis det er å vera over 90 år. Han er ikkje så oppteken av alderen, og føler seg ikkje gammal i det heile teke. Men han tar det sjølvsagt meir med ro no enn før. Han er glad for kvar dag han får stå opp og reia senga si, eta frukost og gå å henta posten.
Både han og kona er glade for å kunna bu ilag heime så lenge dei kan. At dei har tre døtre som ofte kjem og ser til seg og hjelper dei med praktiske ting, er heilt uvurderleg. Slik skulle alle eldre hatt det, meiner Jens. Også sonen i Haugesund er ofte heime for å besøkja foreldra sine, og for å restaurera gamlahuset i Kvednavikjo.
– Nei, vi kan ikkje ha det betre enn dette. Vi les også fleire aviser kvar dag, ser på fjernsyn og prøver å halda oss orienterte om det som føregår rundt oss så godt vi kan.
– Tar de eit glas vin om kveldane? Det skal vera så sunt for eldre menneske, har vi høyrt.
– Å, nei du, eg har korkje røykt eller drukke i livet. Men eg var då saktens på bar eg òg då eg reiste ute. Men alkoholen heldt eg meg alltid vekke ifrå, takk og pris!
– Du held på barnetrua, seier du. Kva betyr det?
– Ja, eg trur på Gud, og les kveldsbøna mi kvar kveld, slik eg alltid har gjort, seier Jens. Men noko typisk bedehusmenneske eller ivrig kyrkjegjengar er eg likevel ikkje. Det har liksom vore så tungvindt for meg å koma til kyrkja når eg ikkje har hatt bil.
– Tenkjer du mykje på at dette livet ein gong tar slutt?
– Nei, det tenkjer eg nesten ikkje på i det heile, døden får koma når han kjem. Eg har gjort så godt eg har kunna og håpar berre at Vårherre vil ta vel imot meg, seier Jens Ljosnes, fast i barnetrua.
Kassettar med musikk til arbeidet.
Det evige livet
Kva som eventuelt møter han på den andre sida, i det evige livet, går vi ikkje nærare inn på. Vi lar det vera hans private tru og sak.
90-åringen er glad for at han har vore fysisk sterk og hatt god helse gjennom heile livet. At han var borti litt kreft for tre år sidan og hadde eit lite slag i januar, er ikkje noko å leggja særleg vekt på, meiner han.
Nei, då er det kjekkare å trekkja fram eit langt og godt ekteskap med Ingrid. Til bryllaupet i Uskedalen i 1959 hadde dei invitert 180 menneske! Men om det kom så mange hugsar ikkje Jens i dag. Derimot gløymer han ikkje at han svima av minst to gonger i løpet av bryllaupsdagen – på ein svært varm augustdag.
Etterord
Jens Ljosnes døydde på Rosendalstunet 3. april 2016, vel 91 år gammal, og vart gravlagd frå Uskedal kyrkje 12. april.
«Du vil alltid vera i våre hjarte, stod det i dødsannonsa.
Denne teksten er henta frå boka Godt vaksen – kvinnheringar fortel og reflekterer over livet. Boka kom i 2015 og har vore utseld sidan dess. No publiserer vi innhaldet frå boka. Du kan lesa alle tekstane på Skimtvis.no etter kvart som dei vert publiserte.
Om du vil, kan du støtta Skimtvis ved å kjøpa e-boka, der alle tekstar og bilete er samla. Boka kostar 100 kroner, og vert levert som ein PDF med 202 sider.