Godt vaksen: Ragna Hjelmeland

Tar dagane som dei kjem

Ragna Hjelmeland tar dagane som dei kjem no, og går ikkje rundt og tenkjer på at livet ein gong vil ta slutt. Det kan vi ikkje gjera noko med likevel, seier ho. Einaste 90-åringen stundom tenkjer litt på, og innerst inne ønskjer, er at ho må sleppa smerter og ikkje ha det vondt når hennar siste time ein gong kjem. Bortsett frå det, får det gå som det går.

Eit liv etter døden har ikkje Ragna noko tru på, og ho vil heller ikkje kalla seg personleg kristen. Likevel tykkjer ho bodorda som Moses fekk av Gud på Sinaifjellet kunne vore ei god rettesnor for nokon og kvar av oss i dagleglivet.

– Ja, tenk om alle menneske kunne levt etter dei ti boda i 2. Mosebok, då ville verda vore ein god stad å leva i, seier Ragna ettertenksamt.

Vi møter Ragna i ein kommunal leilighet i Rosendal ein tidleg vårdag, der ho har budd dei siste fire åra. Ho flytte frå Ognhaug i Omvikdalen, eit lite gardsbruk med fin utsikt til fjella på begge sider av dalen og innover Hardangerfjorden. I over 60 år budde dei saman her, ho og mannen Anton. Han var anleggsarbeidar i Sunnhordland Kraftlag og dreiv også som bygningssnikkar attåt gardsarbeidet. Før han vart pensjonist arbeidde han ved Hellesøy Skipsbyggeri på Løfallstrand.

Anton døydde i 2004, 84 år gammal. Seinare har Ragna gjort som mange andre eldre gjer i dag; ho har flytta til ein mindre og meir sentral bustad. Her vil det venteleg vera lett å få hjelp frå den kommunale heimesjukepleien og andre når behovet ein gong melder seg. Ho bur sentrumsnært og kjøper mat og anna i butikkane på Skåla.

Søskenflokken Langballe (frå venstre): Karen, Bernt, Ragna, Else Marie, Gunnvor, Margrethe og Rigmor.

Skorpo

Ragna tar oss med tilbake til barndommens dal, eller rettare sagt til øya der ho vart fødd og voks opp; Skorpo utanfor Uskedalen. Den dag i dag har ho gode minne derifrå, men også dramatiske hendingar frå siste verdskrigen hugsar ho godt.

Året er 1924, og Ragna Langballe blir fødd. Seinare kom der ei jente til, og barneflokken talde då seks jenter og ein gut. På den tida var det heile seks familiar på Skorpo og ungane gjekk på skule i borgstova på garden, alle i ein felles klasse til og med 7. årstrinn. Utover skulegang og gardsarbeid, var det lite ungane på øya elles kunne ta seg til. ​

– Vi fekk heller ikkje gå så mykje til dei andre ungane på øya i tide og utide for å leika, dei måtte ikkje heftast i arbeidet dei hadde å gjera, minnest ho.

Far til Ragna, Oscar, var gardbrukar og såkalla proprietær, den gamle nemninga for ein som eigde mykje jord, men ordet blei sjeldan brukt i daglegtale, etter det Ragna kan hugsa.

Michael H. (1797–1873) var den første med namnet Langballe som etablerte seg på Skorpo, i 1835. Seinare gjekk eigedomen i arv frå far til son fram til 1920, då tre av bruka blei selde. Familien var av dansk opphav og som så mange andre blant tidlegare tiders danske innvandrarar, vart dei rekna til overklassen. Talemålet til foreldra var riksmål, noko Ragna og søskena òg måtte læra seg. Men i skulen var det nynorsk som galdt.

Ragna og Anton budde her på Ognhaug i over 60 år.

God oppvekst

Ungane hadde ein god oppvekst på Skorpo, fortel Ragna. Men dei måtte tidleg læra seg å arbeida, likevel utan alt for mange daglege plikter. Dei følgde med på det som foreldrene føretok seg og hjelpte til etter beste evne. Om kveldane kunne dei sitja å høyra på mora som las høgt for dei i lyset frå parafinlampen. Elektrisitet fekk dei først på slutten av 1950-talet.

Fritid og ferie var det lite snakk om, og til Uskedalen på andre sida av fjorden drog dei sjeldan, bortsett frå nødvendige turar til butikken på fastlandet. Då var det å setja seg til årane og ro. Derimot hugsar Ragna enno godt at ho fekk vera med til Stord eit par gonger, ja, endåtil like til Bergen. Det var stas for ei ung jente, minnest ho. Både hsd-båten «Haugland» og den privatdrivne «Lønningdal» hadde rute til Skorpo. På det viset fekk bøndene òg levert frukta si om hausten.

I 1939 gjekk Ragna og las for presten, på same tid som ho var barnejente hjå ein familie i Herøysund. Ho gjekk til Uskedalen kvar gong under heile konfirmantførebuinga. Ingen stod klar med bil den gongen!

Under krigsutbrotet i april og eit stykke ut i mai 1940, var det dramatiske dagar og netter på Skorpo, slik Ragna enno hugsar det. Ho var knappe 16 år den gongen og minnest ei nifs tid, og kor redde dei var då tyskarar med skarpladde gevær og andre skytevåpen inntok øya. Før fienden kom hadde norske soldatar vore nøytralitetsvakt der og passa på telefonlina og kabelhusa. Øya hadde stor strategisk betydning på grunn av telefonlina mellom øya og fastlandet på begge sider.

Ragna har funne fram gamle bilete og fortel mellom anna korleis det såg ut på Skorpo før i tida.

​Tyskarane kjem

I boka Kvinnhersminne – Årbok xvi har Ragna skildra noko av det som hende:

​​– Den 20. april ca klokken to om natten kom det tre tyske krigsbåter og la seg til mellom kaien og Steinsnesenden. De begynte å skyte mot Uskedalen, men skytingen ble besvart. Vi sto i vinduet i soveværelset og så på lysglimtene. Steinsnesenden var helt hvit etterpå. En av båtene ble skadet, og tyskerne røkla området og slepte båten vekk.

Det ble stille noen timer, men så begynte skytingen igjen. Mor og vi jentene hadde ikke lyst til å gå i kjelleren, så vi valgte å gå gjennom skogen, og opp mot Skorpehaugen. Mens vi gikk gjennom skogen hørte vi kulene slå i furutoppene og kvister datt ned rundt oss. Far ville ikke forlate huset. Han prøvde å gi hesten og kyrne mat, men måtte snu, for kulene haglet over låvetaket.

Mens vi satt på Skorpehaugen, så vi tyskerne komme inn utmarken fra Herøysund mot Uskedalen. En tropp kom forbi Ljosnes mot Rød, og det ble skyting i Uskedalen. En stor tysk båt lå i fjorden og skjøt over Skorpen mot Uskedalen. Den norske motortorpedobåten «Tyr» måtte til slutt gi opp og ble forlatt ved kaien på Skorpen. Mannskapet kom opp til oss og fikk frukost. Det ble stor forskrekkelse da Else-Marie startet separatoren, for de trodde de ble angrepet av tyskerne.

Tidlig om morgenen den 18. mai vekket far oss og ba oss ta på klær. Det var kommet en stor tysk båt ved kaien, og nå var tyskerne i gang med å omringe huset vårt. Det banket hardt på døren og tolken spurte hvorfor far hadde tatt i mot så mange norske soldater.

– Jo, sa far, – de kom med våpen i hånd, akkurat som dere.

Vakter med skarpladde våpen

Det ble plassert en tysk soldat med gevær i hvert rom i første etasje som vakt. Alle voksne menn på Skorpen ble hentet og plassert hver for seg i hagen vår med vakt over. Under bøken satte tyskerne opp bord og stoler, og der drev de med forhør.

En mitraljøse var plassert på Krekenpytt og pekte rett mot huset, og inne herjet tyskerne fælt. Alle skuffer og skap ble endevendt og tømt på gulvet, og alle madrasser ble revet ut av sengene. Far måtte vise tyskerne veien til Skorpefjellet, og der rev de ned vakthytten og hev alt utfor, kant over kant.

Mens far satt på en stein og ventet på at de skulle gå ned igjen, var det en tysker som stilte seg opp bak ham, med revolver i hånden. Far hadde bestemt seg for at han skulle sitte helt stille og rørte seg ikke da tyskeren skjøt et skudd over hodet på han. Far kunne litt tysk, så etterpå forstod han at de skjøt et varselskudd for å kalle tilbake resten av tyskerne, og så ville de vel skremme far samtidig.

– Jau, det var mykje dramatikk på Skorpo den gongen, og nokså uhyggeleg for alle oss som budde der, avsluttar Ragna forteljinga si om første del av krigen. I dag, 75 år seinare, hugsar ho endåtil at tyskarane skrudde pianoet i stova heilt frå kvarandre for å leita etter noko. Kva dei leitte etter, fekk vi aldri vita, fortel Ragna. Men ho hugsar at dei skrudde instrumentet fint saman att, og endåtil begynte å spela på det!

​Etter kvart roa det seg både på Skorpo og på fastlandet og livet byrja å normalisera seg på eit vis. Då Ragna var blitt 17 år i 1941 reiste ho ut, først til Stord på handelsskule og seinare til Dimmelsvik der ho var både hushjelp og butikkmedarbeidar hjå familien Thunold. Ho arbeidde òg på Samyrkelaget i Uskedalen eit par år før ho i 1948 reiste til Granvin for å gå på husmorskule. Då hadde ho eit halvt års tid bak seg som stuepike på ein gard på Ringerike.

Gifte seg

Så bar det attende til Dimmelsvik og jobb på Telegrafen. Der var ho i to år før ho gifte seg og busette seg på Ognhaug, der mannen hennar var frå. Ti år seinare byrja ho i Televerket igjen, ein arbeidsplass ho var på i heile 25 år. På denne tida, i ein alder av 48 år, lærte ho seg å køyra bil og tok sertifikat. Det trong ho for å kunna køyra til jobben i Teigen. Og enno køyrer den snart 91 år gamle dama bil, noko ho håpar å få fortsetja med så lenge ho kan – og legen tillet.

Ragna har god helse, og ber ikkje preg av sjukdomen ho har hatt i mange år; diabetes 2. Men dette er nesten ikkje til å nemna ein gong. Ho går på dametrim i Rosendal helselag kvar onsdag i lag med 15–20 andre. I sitt 91. år er ho den eldste deltakaren her. I tillegg går ho på tur frå ein halv til ein time så ofte ho kan.

– Ja, eg trimmar for å halda meg frisk lengst mogleg, seier Ragna. Å vera i god fysisk form er viktig for eldre menneske. Dessutan er det kjekkare å trena i lag med andre enn åleine her heime, legg ho til.

Ragna har laga kring 30 dukar, løparar og serviettar i Hardangersaum, noko ho lærte av mor si. Ho har òg sydd til fleire bunader. Det meste har ho gitt vekk innan familien, som ho håpar vil føra det tradisjonsrike handverket vidare til neste generasjon.

63 år i bygdekvinnelaget

Ragna har vore med i Omvikdalen bygdekvinnelag sidan 1952, og deltek enno på møta i laget. Handarbeid, og spesielt Hardangersaum høyrer til hobbyane hennar.

​– Du har god tid til å reflektera over livet no?

​– Ja, du veit, eg har jo levd uhorveleg lenge og har opplevt mykje på alle desse åra. Samfunnet har endra seg ufatteleg mykje i mi tid, ja, det er nesten ikkje til å tru. Vi hadde til dømes ikkje straum på Skorpo då eg voks opp, den kom først på 1950-talet, og då var eg reist heimanfrå. Men mat hadde vi, og eg kan ikkje hugsa at vi nokon gong la oss svoltne om kvelden. Pengar derimot, var det lite av og det fanst nesten ikkje kontantar blant folk. Eg hugsar at far min før krigen måtte selja ei ku for at eine søstera mi skulle få reisa til Austlandet på hagebruksskule.

​– Kva er dei største endringane tykkjer du?

​– Det må vera pengeverdien og all velstanden blant folk flest. I dag har vi jo råd til det meste, og ungane kan berre peika på kva det skulle vera. Ei anna stor endring er internett og kommunikasjonen folk imellom. Noko slikt kunne vi ikkje drøyma om før i tida, vi visste rett og slett ikkje kva det var.

«Tempus fugit», står det på golvuret i stova. «Tida flyr».

​Interessert i geologi

Om eg var ung i dag, ville eg ha gått meir på skule og utdanna meg til noko, geolog for eksempel. Det interesserer meg, og difor går eg ofte på turar i steinparken i Rosendal og studerer alt det fine der.

– Politikk, då?

– Nei, det bryr eg meg mindre om, og eg er glad eg slepp å vera med å bestemma. Men eg føl no likevel litt med i avisene og på tv og held meg nokolunde oppdatert om det som skjer, også innan eldreomsorga, seier Ragna.

Førebels greier ho seg godt i leiligheten sin, utan noko hjelp frå kommunen si omsorgsteneste.

– Eg føler meg trygg her, og om det skulle koma noko uventa på, er det lett å få tak i hjelp. Men den dagen eg ikkje greier meg åleine lenger, må det vera ein plass til meg på Rosendalstunet eller ein annan stad. Det trur eg alle eldre menneske forventar.

– Er du einsam noko tid?

– Nei, absolutt ikkje! Vi er fire veninner som held i lag, den eine er søstera mi, og vi finn alltid på noko å gjera. Onsdagskafeen til dømes, er ein av aktivitetane våre i dag. Tidlegare har eg òg reist mykje, både til Island og Gran Canaria for å nemna nokre stader. Dessutan har eg to søner og ei dotter som kjem på besøk. Eg har òg barnebarn og oldebarn. Så einsam, nei.

– Kva er det viktigaste med livet?

– Det er å ta det som det kjem og gle seg over kvar dag, prøva å vera positiv, og ikkje syta. Eg går dessutan ikkje rundt og tenkjer så mykje på at det ein gong vil ta slutt. Det er jo ikkje akkurat så oppløftande, og ikkje kan vi gjera noko med det heller.

Men det er klart, tanken sviv meg av og til. Eg håpar berre at når tida mi kjem, må det skje utan smerte. Det er mitt største ønskje no, seier Ragna Hjelmeland og ser på oss med milde auge.​

I sommar vart ho, saman med søster si og 12 andre kvinnheringar tildelt regjeringa si minnemedalje etter det som skjedde under krigen.​

– Dette var overraskande, men likevel veldig kjekt, sa Ragna til Kvinnheringen under utdelinga på Rosendalstunet i juni. Det er ein minnemedalje, vi gjorde jo ikkje noko under krigen, sa ho.

Men dramatikken på Skorpo, og spesielt i heimen hennar i april og mai 1940, hugsar ho likevel svært godt enno.


Etterord

Ragna Hjelmeland døydde 25. august 2016, knapt eitt år etter at boka kom ut og blei nær 92 år gammal. Ho vart gravlagd frå Kvinnherad kyrkje 6. september.

​​«Dine strevsomme hender har lagt seg til ro, vi unner deg kvile, men saknet er stort, kunne vi lesa i dødsannonsen.


Denne teksten er henta frå boka Godt vaksen – kvinnheringar fortel og reflekterer over livet. Boka kom i 2015 og har vore utseld sidan dess. No publiserer vi innhaldet frå boka. Du kan lesa alle tekstane på ​Skimtvis.no etter kvart som dei vert publiserte.

Om du vil, kan du støtta Skimtvis ved å kjøpa e-boka, der alle tekstar og bilete er samla. Boka kostar 100 kroner, og vert levert som ein PDF med 202 sider.

Kjøp Godt vaksen som e-bok

Neste
Neste

Godt vaksen: Jens Ljosnes