Godt vaksen: Wenche Skaaluren

Klar for siste reis

Eg har gjort mitt her på jorda, og er klar til å fara herifrå, seier Wenche Skaaluren når vi besøkjer henne i Rosendal ein grå og vindfull januardag. Ho har gjort nok i livet sitt, tykkjer ho, men meiner likevel at ho ikkje har sett djupe og varige fotefar etter seg. Det siste er det nok ulike meiningar om!

– Alt har si tid, og no er det snart tid for å døy for mitt vedkomande, seier ho.

Wenche har eit realistisk forhold til liv og død. I ein alder av 95 år ser ho heilt klart at ho i dag berre eksisterer – på ein måte – og at det ikkje er noko liv å berre sitja i ein stol og visna vekk. Parkinsons sjukdom og eit stadig dårlegare syn har sett den tilårskomne kvinna nesten heilt ut av spel. Ho kan korkje lesa eller skriva, og nål og tråd styrer ho ikkje lenger.

– Vi har alle vår tilmålte tid, og mi tid her på jorda er blitt lenger enn det mange andre får oppleva. Einaste eg håpar på no, er at eg får døy utan smerte når stunda mi kjem, seier Wenche ettertenksamt.

Ho er sjølvsagt lei seg for at helsa har svikta, men er ikkje bitter på noko vis. I staden gler ho seg over kjekke og omsorgsfulle barn, barnebarn og oldebarn, og håpar berre alle vil greia seg godt vidare i livet når ho er vekke for alltid. Tre av barna kjem etter tur på besøk og byter på å laga middag til mor si kvar dag, heile veka, og les samtidig høgt for henne frå dagens aviser.

Fjernsynet står på og sender nyhende frå heile verda, men ho høyrer berre kva som blir sagt, bileta ser ho ikkje lenger.

– Er det ikkje fælt, det som har skjedd i Frankrike i dag, seier Wenche med ein gong vi kjem inn i stova hennar. 95-åringen har fått med seg terroranslaget mot vekebladet Charlie Hebdo i Paris, som krov 12 menneskeliv.

Ho er sanneleg oppdatert, tenkjer vi og set oss i stolen ho tilbyr.

Då vi avtalte møte med Wenche Skaaluren gjorde ho det klart at det sto ille til med helsa, etter at sjukdomen slo inn for fullt for eit par år sidan.

– Eg hugsar så dårleg, sa ho då vi ringde.

Akkurat det skulle visa seg å vera ein litt overdriven diagnose. Ho hugsar alt vi spør om, noko endåtil svært detaljert.

​Oppvekst

Wenche voks opp i Omvikdalen i tjue- og trettiåra. Då fanst det berre tre telefonar og utepærer på to hus i den vesle bygda, så noko velstand kunne ein ikkje snakka om. Men to butikkar var der likevel. Den eine og eldste var S. Meidels Enke på Dimmelsvik. Den andre låg på Lund, rett over den gamle brua.

I dei første barneåra gjekk ungane på søndagsskulen, men det var visst både trist og kjedeleg, skal vi tru Wenche. Dei forstod ikkje alt lærarane fortalde om gudstru og fortaping og det som verre var, det var så vanskeleg.

Dei sju åra i barneskulen minnest heller ikkje Wenche med stor entusiasme eller glede. Mykje var så einsformig og tradisjonelt. Terping på tal og bokstavar, samt enkle reknestykke høyrde småskulen til. Ein songtime i veka var òg eit sorgens kapittel. Historien får Wenche til å gjera eit sprang til notida:

– Er det noko som har gledd meg seinare i livet, så er det alt det positive som har skjedd i song- og musikklivet etter at vi fekk kulturskule i Kvinnherad. Den må få leva vidare med gode arbeidskår, skriv Wenche i «Minneboka mi», som ho gav ut i 2007.

Foreldra til Wenche, Karen Marie (frå Ogna på Jæren) og Martin Lea (frå Omvikdalen), såg behovet for skulegang og utdanning. Hausten 1934 sende dei difor dottera si til Stavanger på to-årig middelsskule då ho var berre 14 år gammal, endåtil før ho var konfirmert!

– Du veit, det var berre gutane som skulle ha utdanning den gongen, og at eg fekk reisa ut og gå på skule var jo eit storhende på landsbygda, smiler Wenche.​

Etter endt skulegong i Stavanger bar det attende til Kvinnherad og sommarjobb på Baroniet Rosendal. Men utferdstrong kjende ho framleis på, så Wenche reiste til Oslo for å læra seg «penere husholdning», som det heitte den gongen, i ein privat heim. Det blei ei underleg oppleving for den unge omvikedalsjenta, så ho vart ikkje der så lenge. I staden vart ho først lærling i eit gartneri i Asker, og deretter elev ved Statens gartnerskole for jenter.

Då skulen var slutt fekk ho tilbod om å bli gartnar på garden Store Berg i Ringsaker. Der skulle ho seinare, i april 1940, få oppleva dramatiske dagar. Krigen rulla fram i Norge og tyske fly og soldatar var å sjå dagstøtt. Wenche minnest enno då ho og to andre gjekk rett i armane på tyskarar med bajonett på geværa sine då dei prøvde å koma seg vekk frå garden. Dagane etterpå i lag med andre norske fangar, og den utrulege historia om mannen som vart skoten i nakken, men som likevel overlevde, gløymer ho aldri.

Byggjenemnda for Kvinnherad Aldersheim på tur til Fana (bak frå venstre): Gardbrukar Amund T. Myklebust, lensmann Sigurd Malmanger, gardbrukar Bernt Nes. I midten: Formann i nemnda, Gerhard Skaala og doktor Endre Haugen. Framme: Husmor Inger Holm, sokneprest Knut Sellevold og husmor Wenche Skaaluren. Aldersheimen stod ferdig i 1957. (Frå Kvinnherad kommune sitt digitale fotoarkiv).

Møtte mannen i livet sitt

I krigsåret 1940 møtte Wenche òg Knut Skaaluren på ein kafé i Rosendal. Det utvikla seg til eit trufast forhold som skulle vara livet ut. Han var komen heim frå skule i Bergen for å arbeida på verftet til far sin. Året etter vart dei trulova, og i 1942 gifte dei seg. Huset i Skålafjæro var påbygt og det unge paret etablerte sin eigen heim under same tak som Knut sine foreldre og tre søsken budde.

– Det var ikkje alltid berre lett å dela hus med svigerforeldre og tre svigerinner, minnest Wenche. Men sjølv om vi budde svært tett innpå kvarandre vart det aldri sagt eit vondt ord mellom oss. Men eg følte nok at vi heile tida måtte ta omsyn, og at dei kunne følgja med på kven som kom og gjekk til oss.

Med ansvar for hus og heim, og etter kvart fire barn, fekk Wenche ei travel tid i Skålafjæro. Likevel fann ho tid til å engasjera seg i samfunnet rundt seg. Gamleheimen i Rosendal er berre eitt døme på innsatsen hennar. I 14 år dreiv ho kvinneforening, der hovudføremålet var å samla inn pengar til ein heim for eldre og pleietrengjande. I 1957 sto «heimen» på Nes klar til bruk, og prisen var rundt 600 000 kroner, etter det Wenche kan minnast.

Neste store prosjekt ho vart trekt inn i var bygginga av samfunnshuset nokre år seinare. Ei nemnd som hadde arbeidd med planane var då i ferd med å gje opp.

– Det er på tide at folk no innser at dette ikkje går, sa dåverande leiar i byggjenemnda. Noko samfunnshus i Rosendal var ikkje til å tenkja på, dei ville aldri greia eit så stort økonomisk løft, meinte han.​

«Fru samfunnshus»

Då kom Wenche Skaaluren inn i biletet. Ho vart valt til styreleiar med spesielt ansvar for å skaffa pengar til prosjektet. På bygda fekk ho tilnamnet Fru samfunnshus. Engasjementet skulle ta seks år av tida hennar.

Det blei mykje arbeid og slit, men òg mykje glede, minnest Wenche. Folk støtta entusiastisk opp om arbeidet og mange ytte både pengar og dugnad. Entreprenørfirmaet G. Røsseland på Husnes grov til dømes ut tomta heilt gratis, medan støypesanden vart henta frå garden på Krakje, også det kostnadsfritt.

Då samfunnshuset vart offisielt opna våren 1966 var det fest i Rosendal. Eit stort løft i ei lita bygd var fullført.

Men gleda over den nye storstova vart kortvarig – i første omgang. For i november same året bles det storm frå sør-aust i baronibygda, og det flate taket på huset vart løfta av murane og knust til pinneved.

14 år seinare, 2. oktober 1980, råka tragedien bygda nok ein gong; samfunnshuset vart øydelagt i ein brann. Det blei ei tung tid, minnest den tidlegare styreleiaren. For første gong sidan 1904 var Rosendal heilt utan forsamlingshus og gymnastikkanlegg.

Politikk og lagsliv

Den samfunnsengasjerte Wenche Skaaluren var òg med i politisk arbeid gjennom sitt lange liv og sat blant anna i Senterpartiet sitt sentralstyre i fire år. Andre verv var Hordaland fylke si sjukehusnemnd, styret for Husbanken og Arbeidstilsynet, for å nemna noko av alt ho var engasjert i.

I Kvinnherad var ho med i skulestyret og i kommunen sitt kulturutval, der ho var leiar i nokre år.

Hobbyar og private interesser vart det mindre tid til, men turane i skog og mark i lag med mannen sin, hugsar Wenche enno godt. Knut sa ofte at dei to løyste mange problem på turane sine ute i naturen.

– Ja, ja, eg har hatt eit godt og travelt liv, rikt på gode opplevingar. Eg fann endåtil tid til å skriva litt for fleire aviser i nokre år, og elles delta i den offentlege debatten. Men då eg var 92 år begynte nedturen, då fekk eg beskjed frå doktoren min om at eg hadde fått Parkinsons sjukdom. Så no kan eg berre gjera det beste ut av situasjonen slik han er, og vera glad for kvar dag så lenge eg lever. Men eg vil ikkje sitja her som ei grønsak resten av livet. Og noko livsforlengjande behandling eller utstyr som skal halda liv i meg ei lita stund til, vil eg ikkje høyra snakk om. Det har eg sagt til ungane mine òg.

Tvilande og spørjande

– Kva tenkjer du om det som ein gong skal koma, om døden, det einaste visse i livet vårt?

– Det er eg nok både tvilande og spørjande til. Men eg trur absolutt ikkje på det som står i skrifta om at alle graver skal opna seg og at vi ein gong skal stå opp frå dei døde. Likevel er eg viss på at det finst ei sterkare kraft utanom oss sjølve, kall det gjerne Gud eller Vårherre. Det opplever eg i alle fall når eg stundom må be om hjelp til heilt alminnelege ting i kvardagen.

– Tenkjer du på kvifor vi er her på jorda, og kvar det blir av oss når vi døyr?

– Det har eg reflektert mykje over, men det er eit svært komplisert spørsmål, som det nesten er håplaust å svara på. Ikkje vitskapen ein gong kan fortelja oss om døden er eit endeleg punktum eller ikkje. Einaste som er sikkert er at vi blir fødde, at vi lever på tilmålt tid og at vi til slutt døyr. Slik er det, og det har eg forsona meg med.

– Skulle du gjerne levd livet ditt opp att?​

– Ja, så absolutt! Det skjer jo så mykje spennande rundt oss heile tida, og samfunnet er i stor utvikling. Så eg skulle gjerne fått sett korleis dei som er unge i dag vil greia seg i framtida. Eitt og anna råd kunne eg vel saktens gitt dei om eg fekk leva lenger. Eg trur forresten nye generasjonar ikkje vil ha fantasi til å forstå kva krav og slit som rådde før i tida. Offentleg omsorg var til dømes eit bortimot heilt ukjent begrep då eg voks opp. Men fattigkassen visste mange om!

– Det var ikkje noko kontor å springa til for å få hjelp om armoda banka på. Visst var det ein såkalla Fattigkasse, som kunne dela ut ein skjerv til dei som leid mest, men vegen dit var meir enn tung, skriv Wenche i «Minneboka mi». Her kan vi òg lesa om Sjukepleieforeiningane (skipa i 1917), som løna ei sjukesøster. Ho ferdast på sykkel eller med hesteskyss frå Musland i Uskedalen til Øyo og Løfallstrand for å sjå til gamle og sjuke.

– Kva vil du helst bli hugsa for?

– Det er eg ikkje så oppteken av, eg føler ikkje at eg har sett djupe fotefar etter meg. Men viss nokon syns det har vore kjekt at eg har vore til, er det fint å ta med seg når eg legg augo igjen for godt. No er eg i alle fall klar til å ta farvel med dette livet. Og eg er slett ikkje lei meg.

På veg ut av stova fortel Wenche oss at barna har søkt om plass for henne på Rosendalstunet. Men det har ho eigentleg ikkje lyst til, og det kjem til å bli ein vemodig dag når ho må flytta frå heimen sin. Men realistisk som Wenche er, ser ho at det er det beste for alle partar.

Alt har si tid, og når livskrafta er i ferd med å renna ut, må ein innretta seg deretter. Slik er det berre.



Tre månader seinare, i midten av april, besøkjer vi Wenche på nytt. Då har ho feira 95-årsdagen i lag med sine næraste, og er komen på Rosendalstunet. Her har ho det godt, på alle måtar, og er nøgd med livssituasjonen sin. Flyttinga frå leiligheten på Skåla vart heller ikkje så vanskeleg og vemodig som ho trudde i januar.

– Nei, det gjekk forbausande fint, og langt betre enn eg frykta, smiler Wenche til oss. Omsorga og stellet her på «Heimen» er eg verkeleg imponert over, seier 95-åringen. Ho skryt over personalet og måten dei tek vare på henne.

På Rosendalstunet har ho fått ei av dei små leilighetene på første plan, med utsikt både mot sjøen og fjella. Private gjenstandar, som bilete på veggene og møblar frå sin eigen heim gjer den vesle stova heimsleg – og lite institusjonsprega. Einaste ho kunne ha klaga over, er at ho ikkje får nyta utsikten, synet er sterkt svekka. Men Wenche klagar ikkje!

Framleis byter borna på å laga middag til henne tre dagar i veka. Dei andre dagane får ho middag frå Bergen, til liks med dei andre bebuarane på «Heimen», og slik det førebels òg er for dei som bur på Halsnøytunet og Husnestunet. Bergensmaten, som Wenche tidlegare var så skeptisk til, tykkjer ho er heilt i orden, smaken òg.

Prioritert

Wenche kjenner seg prioritert, og er ikkje einsam på noko vis. Vil ho vera saman med andre, så hjelper betjeningen henne opp trappene eller inn i heisen til daglegstova ein etasje opp. Måltida derimot, inntek ho helst hjå seg sjølv.

– Eg treng litt lang tid på å eta, og føler meg av den grunn litt brydd når eg et saman med dei andre, seier Wenche. Difor blir det helst måltid åleine, bortsett frå dei dagane borna er der og et i lag med henne. Då les dei òg høgt frå avisene. Elles er ho ikkje avhengig av å bli underhalden av andre.

Ei natt gjekk det radt gale for Wenche på Rosendalstunet. Ho skulle på toalettet, fortel ho, ramla på golvet og fekk brot i bekkenbeinet og låg med store smerter. Dermed bar det rett til Odda sjukehus, der ho låg i 3–4 dagar. Wenche har ikkje noko å utsetja på behandlinga, tvert imot er ho imponert over personalet og hjelpa ho fekk ved sjukehuset i Hardanger. Men Rosendals-tunet er liksom best då, forstår vi. Etter kort tid har Wenche funne seg godt til rette og er tilfreds med situasjonen sin her.

– I min alder og veikskap er dette det beste ein kan venta av samfunnet, seier Wenche Skaaluren stillferdig. Men ho tenkjer mykje på andre eldre menneske som sit heime, ofte einsame og nesten ikkje har kontakt med omverda.

Etterord

Wenche døydde på Stord sjukehus 18. desember 2016, 96 år gammal. Gravferda var frå Kvinnherad kyrkje 28. desember.​
Frå dødsannonsa siterer vi følgjande:

«Så kom dagen og siste timen,
livets veg til ende var.
Takk for dagar,
takk for minne,
takk for alt du for oss var».


Denne teksten er henta frå boka Godt vaksen – kvinnheringar fortel og reflekterer over livet. Boka kom i 2015 og har vore utseld sidan dess. No publiserer vi innhaldet frå boka. Du kan lesa alle tekstane på ​Skimtvis.no etter kvart som dei vert publiserte.

Om du vil, kan du støtta Skimtvis ved å kjøpa e-boka, der alle tekstar og bilete er samla. Boka kostar 100 kroner, og vert levert som ein PDF med 202 sider.

Kjøp Godt vaksen som e-bok

Neste
Neste

Godt vaksen: Ragna Hjelmeland