Bok om bjønbærane
Huset i Bjønbæret har vore i familien si eige sidan 1909.
Det er fleire år sidan Lars Jostein Rørvik sa seg ferdig med bokbransjen og at han ikkje ville skriva meir. Men slik vart det ikkje! Etter å ha levd med ein alvorleg kreftsjukdom i eitt års tid, kjem han sanneleg no med endå ei bok; denne gong om bjønbærane i Røyrvik på Sunde. Og forfattaren snakkar heller ikkje lenger om at dette blir hans siste bok! Tvert imot, og slik vi forstår han, er han allereie engasjert i minst eitt prosjekt til, kanskje endå fleire. Han er då berre 77 år, og sjukdomen tenkjer han ikkje så mykje på, for helsemessig går det betre og betre for kvar dag etter mange strålebehandlingar.
Bjønbærane er ei ultralokal bok om garden og folket som budde på det vesle bruket i Røyrvik. Det har vore forfattaren sitt mål å få fram ulike sider av livet på garden. Like viktig har det vore å fortelja kva familiemedlemmene var engasjerte med utanfor Bjønbæret. Song, musikk, politikk og yrkesval og karriere har vore nøkkelord i så måte.
Lars Jostein skriv på omslaget at boka i utgangspunktet er ei bok for familien. Men han vågar likevel påstanden om at boka gjev eit bilete av levekår både i førkrigstida og i åra etter 1945. Såleis er det blitt ei verdfull historisk bok på nær 90 sider.
Ved stortingsvalet i 2013 fekk Magda Rørvik besøk av dåverande forsvarsminister Anne-Grethe Strøm-Eriksen.
I boka les vi om Samson Johannesen Fosse, som kom frå Strandebarm og kjøpte Nedre Rørvik av baroniforvaltar Mathias Dahl. Den nye eigaren fekk mange born og etterkomarane hans er i dag spreidde over heile Sunnhordland. Greina som Lars Jostein skriv om flytte til Røssland, der tippoldefar hans, Samson, fekk eit lite småbruk i Naustvikjo.
Den sportsinteresserte forfattaren skriv i føreordet at han ikkje kom utanom fotballen når han skulle skriva om bjønbærane. Dei skipa eit av dei første fotballaga i bygda under krigen, og har seinare sytt for stadig nye spelarar til Trio. Bestefar til Lars Jostein, Lars, var ein engasjert fotballtilskodar, minnest forfattaren. Når han til dømes såg kampar på TV, sat han og spente med beina når han blei ivrig.
Vi trur boka er interessant å lesa for langt fleire enn berre familien! Ho inneheld òg mange gamle, fine og interessante bilete av god kvalitet, ja, faktisk langt betre enn det vi ofte ser i slike slektsbøker.
Salikat design i Rosendal har utført den grafiske formgjevinga, medan LOS Digital AS stod for trykking. Opplaget er 300 eksemplar og utsalsprisen er kr 250. Førebels er boka berre til sals gjennom forfattaren. Ei kjekk julegåve er det uansett.
Ungdomslaget var lette på foten. Framme frå venstre: Rune, Ivar og Johannes. Bak frå venstre: Knut, Lars Jostein, Arild og John.