Godt vaksen: «I gode og vonde dagar»

Otto og Hildur under Eldredagen i Kulturhuset Husnes i 2010.

– Dersom det verkeleg eksisterer ein allmektig gud, så har han sanneleg mykje å svara for! skriv Otto Blokhus (83). Etter over femti års ekteskap, er kona Hildur blitt dement og bur no på Husnestunet. Både mora og søstera hennar lei same skjebne. Går det slik for Otto òg, spør den gamle hotellmannen seg når han i dag prøver å sjå nokre år framover i tid. Han har langt på veg halde på barnetrua si, men tenkjer likevel på om det finst ei høgare makt utanfor alt, som kan hjelpa i denne situasjonen.

Av Otto Blokhus


Når ein har passert åtti år, er det kanskje meir naturleg å tenkja på det ein har opplevd i livet enn på det som skal koma. Slik er det i alle fall for min del no. For kva er det å sjå fram til når ein har passert 83 år og er åleine? Eit liv på ein institusjon kanskje, sitjande i ein rullestol der eg må ha hjelp til alt. Hjelp til å eta, hjelp til å vaska meg og hjelp når eg må på toalettet.

Nei, ein slik livssituasjon vil eg ikkje tenkja på endå, for eg er då framleis alt for åndsfrisk og oppegåande til at eg skulle øydeleggja dagen med slike negative tankar. Den fysiske helsa mi er dessutan ikkje så aller verst, og her i Røsslandslia lever eg trass alt eit godt liv, sjølv om eg bur åleine no. Dessutan har eg barn, barnebarn og oldebarn – ein stor rikdom for oss som får oppleva det. Men eg skulle så gjerne fått fleire år saman med Hildur, kona mi. Ho er dessverre blitt sjuk og bur no på Husnestunet. Det er denne situasjonen eg først og fremst vil fortelja om her.

Men først litt bakgrunnshistorie:

Hildur og eg møttest på Maurseth hotell i 1959. Då hadde eg allereie jobba i hotellbransjen i sju år, hovudsakleg i Bergen. Vi blei kjærestar og gifta oss i Domkirken 18. august 1962. Til jul året etter flytta vi til Husnes, der eg er fødd og oppvaksen. Aluminiumverket skulle byggjast og saman med Isak, bror min, fekk vi oppdraget med kantinedrifta ved Søral. På det meste skulle 600 personar ha mat tre gonger per dag. Utanom matserveringa hadde vi også ansvaret for brakkeriggen med plass for 340 arbeidarar, samt formannsbrakka med 36 personar.​

Tidleg i 1967 blei eg oppmoda av leiinga ved verket til å byggja og driva eit motell/hotell på Husnes. Søral ville garantera for eit lån på 300 000 kroner, og saman med lån frå Distriktenes Utbyggingsfond blei det relativt enkelt å finansiera prosjektet. 1. oktober 1968 sto motellet klart, medan kantina blei driven vidare av Isak åleine, med garanti og støtte frå Søral.

Ny epoke

Med stor innsats og pågangsmot starta no ein ny epoke for Hildur og meg. Kroa ved motellet blei opna i 1972, og seks år seinare blei romkapasiteten utvida. Då fekk vi også hotellstatus.

Vi trudde på vidare utbygging av aluminiumverket, og satsa difor i 1987 på større restaurant på toppen av hotellet. Dette blei ein økonomisk fiasko og personleg nedtur for oss. Budsjettet var på to millionar kroner, medan sluttrekninga kom på 4,2 millioner kroner – med 18 prosent rente!

Det blir for langt å gå i detalj om drifta av hotellet i alle år, og det ligg også utanfor temaet i denne boka. Men eg nemner likevel at arbeidsfordelinga mellom Hildur og meg var grei; ho tok seg av reinhald, blomar og oppdekking, medan eg hadde ansvaret for resepsjon og den økonomiske sida. Arbeidsdagane blei ofte både lange og strevsame, men vi tok oss likevel tid til å vera saman med gode vener, heime og på ferieturar i inn- og utland.

Men så er realitetane i hotellbransjen, som i næringslivet elles både då og no, at det ofte er mange skjer i sjøen. Det skulle vi få oppleva i rikeleg monn, og eg kunne skrive mange sider om alt vi gjekk gjennom. Men det er ei historie for seg. Her kan eg berre konstatera at det som for vår del starta med ei optimistisk kantinedrift på Søral i januar 1964 enda opp med at vi den 8. mai 1992, etter 29 år, måtte kasta korta. Eit langt og strevsamt liv som hotelleigarar var over!

Vi hadde hytte på Maurseth, der vi hadde truffe kvarandre mange år tidlegare. Eg tenkte ofte på at der skulle vi sitja å mimra når vi ein gong fekk tid til å setja oss ned, bla i albumar og slappa av. Men slik skulle det ikkje bli, for i 2012 merka vi at det skjedde noko med Hildur. Ho forandra seg. Då vi feira gullbryllaup og min 80-årsdag på Hovden det året, saman med heile familien, la vi merke til at noko var gale. Det starta i det små, som at ho gløymde småting, dagar og namn på barn. Fastlegen kunne merka uro og aning til demens.

Hildur blei meir og meir forvirra. Kor er dette? Kva heiter dette? Og mistankar om pengar som var borte. Ein gong måtte eg endåtil få banken til å bevisa at pengane hennar var på konto. Å få henne til å levera frå seg førarkortet, var også ein kamp. Medisin ho skulle ta, blei gløymt eller overdosert. Til slutt måtte heimehjelpa koma med medisinen til avtalt tid.

Ei vond tid

Så kom tida då Hildur ikkje lenger var trygg på kor ho budde eller kor ho skulle. Heime, det var i Eikefjord i Sunnfjord, der ho kom frå. Fleire gonger stakk ho av, og vi måtte leita etter henne. Korttidsplass på ein institusjon blei eit tema i familien.

Etter lang tid fekk ho endeleg plass, først på dagtid, så to vekers opphald på Husnestunet. Men då såg også personalet etter kvart at dette ikkje gjekk, og kampen for å få fast plass begynte. Det var ei vond tid, med press frå vår side og manglande plassar.

Gjennombrotet kom ein kveld då ein ny pleiar frå Husnestunet kom med medisin. Ho måtte først tilkalla ein som var betre kjent med Hildur, men det gjekk heller ikkje noko betre. Til slutt måtte avdelingsleiaren koma, og då blei det også skrive bekymringsmelding. ​

Medan ho var på korttidsavdelinga kom telefonen vi hadde venta på den 8. juli 2014; Hildur hadde fått langtidsplass. Det var ein rar følelse å tenkja på at ho skulle bli verande der, og ikkje koma tilbake.

Då starta samtidig eit nytt liv for meg, eg var plutseleg åleine. Kva no? Eg skulle handla, vaska kle og stella alle blomane inne og ute, som Hildur hadde stelt så fint med i sine gode år. Det blei også slutt på småturane vi hadde hatt saman både til fots og i bil. Alt var kaos.​

I slekta til Hildur finst den same sjukdomen. Den eldste søstera hennar på 96 år, er sterkt dement og har budd på sjukeheim i 15 år no. Ho kjenner ikkje igjen nokon, sjølv ikkje sine eigne barn. Mannen hennar blei også pleietrengjande for ei tid sidan og dei ville at han skulle flytta til kona si på sjukeheimen.

– Nei, sa ho bestemt, ho skulle ikkje ha framande menn på rommet sitt! Også mora hennar var dement dei siste åra av livet sitt og døydde på pleieheim 91 år gammal.

Går det slik for Otto òg? tenkjer eg av og til.

Ei høgare makt

Eg kan på ein måte sjå for meg framtida. Kor står eg om 5–10 år, undrast eg.

Mange gonger har eg tenkt på om det finst ei høgare makt langt utanfor vår fatteevne, som kan hjelpa i denne situasjonen. Eg har halde fast på barnetrua, men i det siste er eg blitt litt forvirra – og på leit etter eit svar. For viss det verkeleg eksisterer ein allmektig gud, så har han sanneleg mykje å svara for, tenkjer eg.

No prøver eg å besøkja Hildur tre gonger i veka. Ho må ikkje gløyma og ikkje bli forvirra. Når eg skal gå igjen, vil ho som oftast bli med, og då treng eg hjelp frå personalet. Men eg er trygg på at ho har det bra no, det er det som tel – for henne.

Når eg kjem på besøk på Husnestunet blir eg alltid møtt av eit hyggeleg personale og blir servert både kaffi og kaker. Men blomane som Hildur var så glad i, skin ikkje lenger. Kva er kunstig, og kva er ekte? Stundom når eg kjem på besøk har ho pakka bagen og er klar for å reisa heim. Ho vil heim til mamma, for ho har så mykje å gjera. Og faren, han er jo på båten sin!

Heldigvis finn eg alltid noko å gjera på om dagane, og eg kan heller ikkje klaga over eigen helse. Om sommaren er eg oppteken med hagearbeid; blomane, plantene, plenen og gode vener. På vinterstid, ja, då ventar skogen. Eg har ved for tre vintrar no. Samtidig har eg barna våre, barnebarna og oldebarna – alle ein stor rikdom.

Men eg manglar det største; Hildur!


​Etterord

Otto budde på Rosendalstunet siste tida av livet sitt og døydde der 14. april 2024, vel 91 år gammal. Han vart bisett frå Husnes kyrkje 23. april.


«Ein som deg, skulle alle hatt», kunne vi lesa i dødsannonsa.


Denne teksten er henta frå boka Godt vaksen – kvinnheringar fortel og reflekterer over livet. Boka kom i 2015 og har vore utseld sidan dess. No publiserer vi innhaldet frå boka. Du kan lesa alle tekstane på ​Skimtvis.no etter kvart som dei vert publiserte.

Om du vil, kan du støtta Skimtvis ved å kjøpa e-boka, der alle tekstar og bilete er samla. Boka kostar 100 kroner, og vert levert som ein PDF med 202 sider.

Kjøp Godt vaksen som e-bok

Forrige
Forrige

Bøker er gode gåver!

Neste
Neste

Bok om bjønbærane