Bøker er gode gåver!
Vi nærmar oss jol igjen, og bøker gjer seg alltid bra under joletreet. Om du vil gleda nokon som er interessert i lokal kultur, båtar, historie eller musikk, har Skimtvis ei rekkje gode bøker du kan pakka inn.
Bøkene er å finna i hyllene hjå bokhandlarane i Kvinnherad; Norli Husnes storsenter og Rosendal bokhandel. Nokre finn du også i lokale butikkar i kommunen og regionen.
Du kan også tinga bøker frå din lokale bokhandel, kor som helst i landet. På bokhandlarane sine nettsider er det også enkelt å bestilla bøker.
Kva med sjølvbiografien og det lokale minnesmerket Skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år? Der får du mange glimt frå oppvekst, industrireising og erfaringar gjennom eit rikt liv.
Eller les om entreprenøren Gunnar Røsseland og familieverksemda i bokaSamfunnsbyggjarane. Verksemda var heilt konkret med på å byggja opp bygdene i Kvinnherad, og familien deler mange av sine tankar og minne.
I Prestegardsminne kan du lesa om Malmanger prestegard, som har vore heim og base for fleire familiar og omstende opp gjennom åra i Rosendal.
Gløym heller ikkje den tøffe boka om det sterke musikkmiljøet i Kvinnherad, Rock- og popband i Kvinnherad gjennom 60 år, skriven av Lars Jostein Rørvik. Her får vi ei rekkje intervju og anekdotar frå folk både på og utanfor scena, og ein grundig gjennomgang av dei fleste banda som kommunen har skapt.
Og for den maritimt interesserte er dei solide praktverka om lokal kystkultur og fiske- og fraktebåtar perfekt. Både Fartøyhistorie frå Halsnøy, Fjelberg og Valen 1900–2023 (del 1) og Fartøyhistorie frå Halsnøy, Fjelberg og Valen 1900–2024 (del 2) er fyllt til ripa med detaljert informasjon om båtar som har frakta folk, fe og varer i over 100 år.
Her er det altså noko for ein kvar smak! Vi er trygge på at du finn noko som passar som jolegåve.
Du kan lesa meir om bøkene her på Skimtvis.no.
Med vensam helsing
Kristian