Godt vaksen: Bjørg Hellesøy

Passar ikkje på ein sjukeheim – enno

Bjørg Hellesøy på Løfallstrand høyrer til dei stillfarande menneska rundt oss, som slett ikkje likar publisitet om sin eigen person. Men ho har lete seg overtala og tar hjarteleg imot oss utanfor det gamle og staselege huset sitt på «Prestasætre», som plassen heitte før i tida. Ho blei 96 år i mai, og det skulle då berre mangla om ikkje nettopp ho har noko å fortelja frå eit langt – og til tider strevsamt liv.

– Ungane mine kjem til å bli heilt sjokka når dei får høyra at eg har gått med på dette, skrattar Bjørg, medan vi set oss ned i stova for å snakka om livet som har vore, og kva ho ser for seg vil koma. Den godlyndte og åndsfriske kvinna blei fødd her i huset i 1919, med etternamnet Sætre, og voks opp som einebarn.

Det var Malmanger prestegard i Rosendal som opphaveleg eigde jorda der Bjørg kom til verda, og som var beitemark like frå 1600–1700-talet og fram til om lag 1800. I tidlegare tider hadde tenarar på prestegarden fått kvar sine stykke med utmark i gåve frå herskapet, slik at dei kunne driva bureising her. Såleis oppsto namnet «Prestasætre».

Far til Bjørg dreiv som frukthandlar attåt drifta av det vesle småbruket med ein liten buskap og 40–50 tre med eple, pære og moreller på nokre få mål.

Enkle kår

I dag kan 96-åringen fortelja om ein oppvekst i ei lita grend med få hus, i enkle kår og smått med pengar blant folk flest. Ein måtte verkeleg passa på kroner og øre om ein skulle greia seg. Og var det nokon som greidde å skaffa seg større økonomisk utkome av slitet sitt enn andre, så heldt dei det for seg sjølve. Det måtte ikkje koma ut på bygda at nokon var betre stilte enn andre.

I dag sit dei fleste godt i det, og før vi ante ordet av det, kom det mange millionærar rundt oss, seier Bjørg ettertenksamt. Ho har ein mistanke om at det før i tida var meir slik at folk ikkje unte kvarandre at det gjekk betre med naboen enn seg sjølve.

Etter som Bjørg var einaste barn i familien, måtte ho læra seg å arbeida i svært ung alder. Til dømes deltok ho allereie som 10-åring i mjølkinga, på stølen om sommaren og heime på vinterstid. Det dreiv ho med til siste kua deira vart seld i 1964.

– På stølen mjølka vi kyrne der vi fann dei. Eg kan ikkje hugsa noko form for sanking, berre at vi lokka dei til oss på ein passeleg plass i Sætremarka, fortel Bjørg. Dei bar mjølkeholkane på ryggen og spann og mjølbytte i hendene på lange og bratte stiar.

I ung alder var Bjørg nærast som ein dreng for far sin å rekna. Ho rodde båten når han skulle setja garn, ho mjølka kyrne og sytte for at dei andre dyra på garden; sauer, gris og høns, fekk godt stell.

Eit anna arbeid var å vaska kassane som faren sende frukt i med rutebåten til butikkar og torghandlarar i Bergen. Han hadde endåtil eige utsal i byen ei tid. Frukta kom frå både Hardanger og grannebygdene.

Mange år seinare, etter at Bjørg hadde gått handelsskule, hjelpte ho faren med både sjølvmelding og næringsoppgåve.

Skule

Barneskulen var på Løfallstrand, og dei var fem nye elevar det året Bjørg byrja. Dei gjekk ilag med elevane i 2. og 3. klasse, tre dagar i veka fram til det fjerde skuleåret. Då gjekk 4. til 7. årstrinn i ein felles klasse.

Om laurdagane kunne dei ofte samlast etter skuletid heime hos lærarinna. Der fekk dei høyra på barnetimen i ein gammal radio ho hadde med seg frå Jølster. Bjørg gløymer aldri kor kjekt dette var. Brettspel og mobiltelefonar var ikkje oppfunne den gongen.

Bjørg gløymer heller ikkje då ho skulle byrja på skulen. Mora hadde vore på ullvarefabrikken i Rosendal og kjøpt stoff som ho sydde fin kjole til dottera av. Det same hadde ein nabo òg gjort, og sanneleg kom ikkje ho i nesten heilt lik kjole, med same stoff og farge! Einaste skilnaden på kjolane til dei to jentene var at den andre hadde kvit krage. Men litt forsmedeleg var det jo, då som no.

Bjørg greidde seg nokolunde bra på skulen, kan ho hugsa, men sleit i nokre fag. Då blei det ofte mykje gråt og tårer, spesielt når det kom til eksamen og mykje av lærdommen var forsvunne ut av hovudet. Best likte ho gymnastikktimane, landkunne og rekning.

Utanom skulen kunne ungane gå i Santalmisjonen si barneforening på Løfallstrand, og sjølvsagt òg på søndagsskulen. Alt saman svært gildt, minnest Bjørg. Ho gjekk òg til kyrkje i Rosendal i alle barneåra ilag med mor si – ein tur på godt ei mil til saman. Ho gjekk òg mykje til Omvikdalen for å besøkja ei veninne der, ein tur på godt to mil att og fram. Eigen sykkel fekk ho først i 12-årsalderen, og då kunne ho sykla like til Uskedalen.

Likte livet

– Eg likte livet mitt heile vegen, men aller mest om våren då bjørka spratt og vi kunne sjå blomane veksa ut or vinterdvalen for kvar dag som gjekk. Vi levde enkelt, men hadde det likevel bra. Nokre suter var det sjølvsagt innimellom, her som andre stader.

Juletrefestane kunne blitt ei soge for seg. Bjørg minnest spesielt ein gjeng ungdommar som sat i gangen i skulehuset med heimebryggja øl i små dropsaspann under benkene. Ein gong opplevde ho òg ein illsint og rusa mann med gevær koma på døra deira for å henta heim kona si. Ho hadde søkt tilhald på nabogarden på grunn av hans overdrivne alkoholbruk. Slikt gjorde eit sterkt inntrykk på ei ung jente, og var nok medverkande til at ho tidleg tok avstand frå alt rusmiddel.

– Ja, eg tok tidleg avstand frå alkohol, seier Bjørg. Bryggjing føregjekk på dei fleste gardar då ho voks opp, men ikkje hjå dei, etter det ho kan hugsa. Far hennar var nok meir liberal enn mora, så det blei ofte to mot ein når det kom til diskusjonar om den slags i heimen.

17 år gammal drog einebarnet på «Prestasætre» til Framnes ungdomsskule i Norheimsund, og det var her Bjørg sto fram og vedgjekk seg trua på Gud. Den har ho halde fast ved seinare i livet – og er glad for det.

– Ja, eg tona flagg då, som dei sa, og har aldri seinare vakla i trua mi. I dag kunne eg ikkje greidd meg utan å vera ein truande. Gud har halde meg oppe i tunge stunder, ja, eg har rett og slett funne trøyst ved å tru og lesa i Bibelen.

Møtte mannen i livet sitt

Etter halvåret på Framnes i 1936 reiste Bjørg sporenstriks tilbake til foreldra. Vidare skulegang var ikkje til å tenkja på, for dei trong hjelp på gardsbruket sitt, spesielt medan faren dreiv med frukthandel og var ute og reiste.

Men to år seinare reiste ho likevel til Bergen for å gå på handelsskule. Det skulle endra på alt, og alle planar. For i same klassen gjekk det òg ein kjekk gut frå Øygarden; Thorvald Hellesøy, som Bjørg fekk eit godt auga til nesten med ein gong.

– Ja, vi likte kvarandre godt så å seia frå første augekast, og det utvikla seg til kjærleik som varde livet ut.

Då handelsskulen var ferdig i 1939 reiste dei heim kvar til sitt, men heldt kontakten gjennom brev kvar einaste veke. Thorvald kunne nok tenkt seg å fått Bjørg med seg til Øygarden, men ho høyrde til på Strando. Og slik vart det.

Vel to år seinare, i november 1941, gifte dei seg i Bergen, endåtil på ein onsdag. Det var sikkert ikkje noko lett avgjerd for Thorvald å reisa heimanfrå og busetja seg på ein ny stad. Både han og familien hans hadde tenkt seg at han skulle skaffa seg eit levebrød heime i Øygarden. På den andre sida likte han ikkje tanken på å reisa frå småbruket på Strando, spesielt sidan Bjørg var einebarn. Dessutan er kjærleikens vegar urannsakelege, som vi veit.

Dei første åra etter at Thorvald kom til Løfallstrand, dreiv han fiske om vintrane ilag med kameratar frå Øygarden. Men etter kvart begynte han å byggja båtar i det små, og i 1946 vart Hellesøy Skipsbyggeri etablert. Då var òg tyskarane for lengst jagde ut or landet.

Tysk razzia

Bjørg kan ikkje minnast noko som helst vondt frå krigens dagar. Heime lei dei heller ingen nød i matvegen. Men ho kan hugsa ein gong dei hadde kjøkenet fullt av tyske soldatar, som var ute på ein razzia etter skyteepisoden på Sunde i 1943. På lemen sat far til Bjørg, livredd for at dei skulle finna radioen han hadde gøymt der. Men tyskarane hadde først og fremst stoppa på garden for å reparera syklane sine, og fann det visst ikkje bryet verdt å undersøkja huset nærare.

Bjørg og Thorvald fekk eit langt og godt liv ilag på Løfallstrand, han mest oppteken med verftet, ho med alt ansvar for hus og heim. Dei fekk fire barn, tre søner og ei dotter. Seinare er det kome 11 barnebarn og no er sanneleg det tjuande oldebarnet ventande! Det gler ei gammal bestemor.

Medan Thorvald dreiv skipsbyggeriet blei det Bjørg si oppgåve å syta for mat til ein stor familie, og i mange år også for tilreisande kundar og andre, som skulle ha både mat og overnatting i fleire veker i strekk.

– Det blei reine hotelldrifta somme gonger, fortel ein av sønene. Han kan nesten ikkje forstå korleis dei fann plass til alle, og korleis mora greidde alt slitet. Dessutan var det ikkje radt sjeldan at dei gav husrom og mat til emissærar frå misjonen. Såleis blei det mykje kjøkenarbeid for kona i huset. Men ho fann likevel tid til rekneskapsarbeid og vask av kontora på verftet i bortimot 20 år.

– Du har sanneleg hatt eit travelt liv?

– Ja, det har vore lange arbeidsdagar, men stort sett berre i glede, for eg likte det. Vi har hatt våre nedturar vi òg, men dei har eg prøvt å ikkje ta inn over meg. Det er slikt som skjer i næringslivet heile tida. Men eg finn trøyst i det som står i skrifta om sju gode år, etterfølgt av sju vonde. Ja, ja, det har vore slitsamt, det kan eg ikkje nekta for.

– Kva med hobbyar, har du hatt tid til det?

– Å, ja, litt handarbeid, som strikking og slikt har eg fått drive med, men ikkje så veldig mykje. Eg har vore meir glad i hagen min – og veden.

Borna, ei Guds gåve

96-åringen fortel at det ikkje alltid var like kjekt og enkelt å veksa opp som einebarn. Ikkje er det naturleg heller, legg Bjørg til. Difor er ho svært glad for at ho og Thorvald fekk fire barn. Ho kallar det ei gåve frå Gud. Godt var det òg at alle fire fekk seg utdanning og at sønene driv livsverket til faren vidare.

– Du har har halde fast på trua di?

– Ja, eg hadde ikkje greidd meg utan Gud. Han har følgt meg så å seia heile livet, like frå barnsbein av til no. Han vil òg vera med meg når eg fer ut på den siste reisa mi, det er eg ikkje i det minste i tvil om. Det er godt å vita.

– Tenkjer du mykje på slutten?

– Både ja og nei. Men eg er glad i livet og vil prøva å halda det gåande ei stund til, same kor skrøpeleg eg blir. Eg vil gjerne vera hjå borna mine og deira etterkomarar så lenge eg kan. Dei har då nok suter som det er om eg ikkje skulle døy frå dei no. Vårherre bestemmer kor lenge eg får leva, og no tar eg ein dag om gongen. Men eg er ikkje redd for å døy når tida mi kjem.

– Du virkar sterk i trua. Blir du bønnhøyrd?

– Somme gonger får eg svar på bønene mine, ja. Når eg ikkje får svar, tenkjer eg som så at Han veit kva som er best for meg. Det var Gud som i mine yngre år let meg forstå at eg skulle vera hjå foreldra mine her på garden heile tida. Han fann plassen for meg frå vogge til grav, så å seia. Det er eg glad for.​

Bibelen har òg vore ein styrke for meg gjennom mange prøvelsar i livet. Til dømes vinteren 1998 då Thorvald døydde var det ekstra godt å kunna lesa og finna trøyst i Det gamle testamentet.

Passar ikkje på sjukeheim

– No vil kommunen leggja betre til rette for at de eldre skal kunna bu heime lengst mogeleg, i staden for å koma på ein heim. Det er vel bra?

– Ja, det passar meg svært godt, i alle fall når eg er så pass oppegåande som no. Eg har så mange skavankar som eg må ordna med sjølv, og eg kvir meg litt til at andre må ta over stellet av meg.

Nei, eg passar ikkje på ein sjukeheim enno. Her har eg òg gutane våre og tre kjekke svigerdøtre rundt meg, og får både tilsyn og mat. Og det beste av alt; dei behandlar meg ærefullt, det set eg stor pris på. I tillegg har eg kommunal heimehjelp som kjem og vaskar eit par gonger i månaden.

– Held du deg orientert om det som skjer rundt deg?

– Å ja, litt, eg les eit par aviser om dagen og ser på tv, helst fotball.

– Fotball?

– Ja, kvifor ikkje, det er då god og spennande underhaldning for eit gammalt kvinnfolk! Politikk er eg derimot nesten heilt slutta å følgja med på. Det er så mykje tull som føregår i dei krinsar, seier Bjørg – heilt utan tanke på at sonen Thorleif, i ein alder av 71 år framleis held det gåande i kommunepolitikken.

– Nei, eg tykkjer det er berre kjekt at Thorleif er med enno, og det er sikkert bra for han å ha noko utanom verftet å tenkja på. Eg trur forresten han har gjort ein bra jobb i politikken i alle dei åra han har vore med. Då var det verre dei to gongene han skulle læra mor si å køyra bil. Han var meir redd enn eg var, trur eg, så det blei med dei to forsøka, skrattar eleven.

Bjørg har måtta greidd seg utan bil og førarkort, stikk i strid med det ho hadde tenkt seg. No blir det berre ein og annan tur med sønene eller svigerdøtrene når det høver slik.

Bjørg er glad for å ha kome gjennom livet med lite sjukdom. Å ha levd i over 40 år med diabetes plagar henne ikkje stort i dag. Ikkje hjarteinfarktet for sju år sidan heller. At ho så å seia også er blind på det eine auga etter grå stær, er heller ikkje noko å syta over, meiner Bjørg. Alt er for småtteri å rekna samanlikna med dei store lidingane mange andre må stri med.

Einaste handikapet 96-åringen trekkjer fram, er at alt ho skal gjera går så mykje seinare no enn før.

Men det kan Bjørg leva godt med. Det hastar ikkje med å koma til enden på livet – enno. For ho vil så gjerne vera ilag med sine nokre år til. Dessutan finst det heilt sikkert ein plass for henne hjå Gud, same kva tid ho måtte forlata denne verda.

96 år er tvillaust eit langt liv, men ikkje langt nok for den som ikkje kjenner seg gammal eller mett av dagar. Bjørg Hellesøy ser ut til å tilhøyra denne gruppa menneske.

Etterord

Bjørg døydde på Rosendalstunet 29. juli 2019, vel 100 år gammal, og vart gravlagd frå Kvinnherad kyrkje 2. august.

​​«Borte frå lekamen – heime hos Herren», stod det i dødsannonsa.


Denne teksten er henta frå boka Godt vaksen – kvinnheringar fortel og reflekterer over livet. Boka kom i 2015 og har vore utseld sidan dess. No publiserer vi innhaldet frå boka. Du kan lesa alle tekstane på ​Skimtvis.no etter kvart som dei vert publiserte.

Om du vil, kan du støtta Skimtvis ved å kjøpa e-boka, der alle tekstar og bilete er samla. Boka kostar 100 kroner, og vert levert som ein PDF med 202 sider.

Kjøp Godt vaksen som e-bok

Neste
Neste

Bøker er gode gåver!