Godt vaksen: Bjarne Enæs

Vil ikkje sitja på aldersheimen og stura

Bjarne Enæs kjem i same kategori som fleire andre i denne boka: Han er oppvaksen på eit lite småbruk i ein stor søskenflokk, med søndagsskule og sjuårig folkeskule som dei mest sentrale gjeremåla i barneåra, når vi ser vekk frå arbeidet alle ungar i større eller mindre grad måtte ta del i. Dei to skuleformene vart ein viktig ballast i livet.

– Søndagsskulen heime i stova likte vi lite, fortel snart 94 år gamle Bjarne Enæs. Men foreldra bestemte alt den gongen, og då måtte vi berre lyda, enten vi ville høyra gudsordet eller ikkje. Slik var det berre.

Vi møter Bjarne i heimen på Ænes, bygda med det opne og meir solrike landskapet enn dei små grendene innover i Maurangerfjorden. Her sit han ofte og filosoferer over eit langt liv, som for hans del byrja julafta 1921. Spesielt i barneåra kunne det no vera både og at fødselsdagen og julafta kom på same tid, forstår vi.

– Ænes var ein kjekk plass å veksa opp på, og det var sjeldan vi fann på noko fantaskap, seier Bjarne. Far hans dreiv som smed attåt gardsarbeidet og hadde eiga smie nede ved sjøen. Der laga han beslag og andre gjenstandar i jarn til dei som dreiv med skipsbyggjing langs fjorden – ofte med hjelp frå sønene sine. Bjarne var den yngste.

Det året Bjarne stod for presten byrja han som oppslagar i smia. Han var stor og sterk etter alderen å vera, så den tunge slegga løfta han og slo med så lett som berre det. Eit anna arbeid i smia for den unge guten var å laga gjenger på boltane som skipsbyggjarane hadde tinga frå smeden.

Hausten 1936 vart Bjarne konfirmert av sokneprest Sellevoll. Den folkekjære presten budde i Rosendal og kom med båt frå Løfallstrand til den veglause bygda Ænes kvar 14. dag for å undervisa ungdommane frå heile soknet. Konfirmasjonsførebuinga var ein stor kontrast til åra i skulen, minnest Bjarne.

11 munnar å metta

Så langt 94-åringen i dag kan hugsa, greidde foreldra hans seg rimeleg godt økonomisk, trass i at dei hadde 11 munnar å metta, medrekna seg sjølve.

– Ja, vi hadde nok av alt. Men så forlangte vi ikkje så mykje heller på den tida, veit du. Det var ikkje som i dag. Andre sleit derimot økonomisk, og mange pruta nok på det meste far skulle laga til dei. Mange bønder hadde knapt nok pengar til jarnet og kolet han brukte i smia, så det blei mykje gratisarbeid.

Det var aldri einsamt å veksa opp i ein så stor barneflokk som Bjarne gjorde, og dei fann alltid på noko kjekt å driva på med utanom skulen og pliktene på garden. Om vinteren gjekk dei mykje på ski, som far deira laga av furu eller ask. Men på Folgefonna kom Bjarne aldri, og han seier som mange andre; han hadde ikkje noko der å gjera.

På sjøen derimot, var han ofte, sjølv om fiskeutstyret var dårleg. Likevel vart det som regel alltid mat på bordet etter turane i robåten.

Då Bjarne hadde fylt 17 år fekk han vera med to eldre brør på fraktebåten deira, «Solglytt II». Dei førde sild frå Florø til Bergen og Haugesund, og den unge guten hadde jobb både i byssa og på dekk. Her fekk han òg smaken på sjølivet.​

Så vart det krig i Norge, og ein dag kom det beskjed frå nazilensmannen om at tyskarane ville ha dei største og beste båtane som fanst i Kvinnherad til transportoppdrag. «Solglytt II» var ein slik båt. Men brørne til Bjarne ville ikkje gå for fienden, så før det blei meir snakk om det, selde dei båten. Slik kom dei seg unna tyskarane på heimebane.

Dramatikk

Bjarne og brørne opplevde likevel dramatiske timar og dagar første del av krigen. Natt til 9. april 1940 låg dei med båten sin ved Festningskaien i Bergen med 50 mål ved frå Gjetingsdalen om bord. Dei vakna av bulder og brak, med skyting og masse fly i lufta og tyske vaktsoldatar med maskingevær på kaien. Det gjorde naturleg nok eit sterkt inntrykk på mannskapet frå Ænes, som ikkje visste at krigen i Europa var komen så nær.

Då det dagast gjekk karane på dekk og ville løysa fortøyningane og fara heim att med veden sin. Men då sa dei tyske vaktsoldatane på kaien stopp.

– Vi vart liggjande i Bergen i fleire dagar, utan at vi fekk gitt beskjed til dei heime om situasjonen vi var komne i. Dei venta på å få høyra frå oss og var sjølvsagt urolege, men telefonlinene var avstengde.

Då vi omsider fekk reisa sette vi straks kursen sørover, framleis med 50 mål ved om bord. Korleis skulle vi bli kvitt den? var spørsmålet. Det vart til at vi svinga innom Glesvær i Fjell, kor vi heldigvis fekk selt alt til handelsmannen og bakaren i det vesle fiskeværet. Dei tok halvparten kvar, og betalte kontant før vi la frå kai og tok ut på heim. Der var sjølvsagt gjensynsgleda stor.

«Solglytt II» vart liggjande på Ænes ei tid utan oppdrag, og året etter krigsutbrotet vart fartyet seld. Tre år seinare vart ein ny båt sjøsett og teken i bruk, men det vart aldri meir snakk om oppdrag for den tyske overmakta.

Ein juledag i 1942 fekk Bjarne jobb som vikar på HSD-båten «Rosendal», og seinare vart det meir og meir arbeid for han om bord. Månadsløna var 183 kroner. Pluss gratis kost, poengterer den tidlegare matrosen. Han tykkjer det helst var ei bra løn. Men Bjarne var ungkar og spelemann, så han sparte lite av det han tente på denne tida. Då var det godt at han ikkje brukte pengar på tobakk, noko han har halde seg klar resten av livet òg.

Tilknytinga til sjøen under krigen gjorde at bondesonen frå Ænes i 1946 reiste til Florø for å gå på fiskarfagskule. Etter eksamen trefte han på ein kjenning i Bergen, som hadde oppdraget med å hyra inn folk til ein heilt ny båt for Eilert Lunds Rederi. Etter få dagar var Bjarne på veg ut i den store verda – til Sør-Amerika i stykkgodsfart.

Han vart om bord i halvtanna år. Med ein aldri så liten lengt i blikket minnest han enno Rio de Janeiro, turane til byane rundt Middelhavet og transporten av appelsiner frå Haifa i Israel til London.

Bjarne (kvit vest) var med på innspelinga av Vikingfilmen i Mauranger i 1957. (Ukjend fotograf).

Bygde hus

Bjarne var blitt kjent med Edith Grasdal frå Bekkjarvik, som var komen til Ænes som tenestejente på ein liten gard i nabolaget. Dei gifte seg i oktober 1948 og då var Bjarne også begynt å tenkja på byggjing av eige hus. Han kontakta skogforvaltar Chr. L. Holm ved Baroniet i Rosendal og fekk avtale om å kjøpa ein teig med nok tre til både bjelkar og sperr på huset sitt. Tømmeret blei drege til sjøs med hest og derifrå slept med båt til sagbruket for skjering.

I 1954 stod huset ferdig, og då hadde Bjarne bore all materialen på skuldrane fram til byggjeplassen. Sjølv deltok han som handlangar i prosjektet.

Men sjømannslivet hadde enno ikkje sleppt taket i Bjarne, så i 1958 reiste han ut att, som matros og båtsmann på stykkgodsbåten «Draco», eigd av Det Bergenske Dampskibsselskab. Medan han var der om bord vart han ein gong med på ein dramatisk redningsaksjon på Store og Lille Fiskebank, der sju svenske fiskarar vart redda.

– Båten var i ferd med å søkkja under føtene deira då vi kom til, og situasjonen var nokså dramatisk. Vi greidde å kasta ei line over til dei og deretter drog vi ein og ein mann gjennom sjøen og opp i båten vår. Seinare kom havaristen i brann, og etter som vi hadde 150 fat med flybensin på dekk måtte vi berre koma oss vekk, fortare enn svint.

Vi gjekk til Flekkefjord med dei svenske fiskarane, og det var òg siste gong vi såg dei, fortel Bjarne. Han høyrde aldri meir noko om korleis dei hadde opplevd redningsaksjonen.​

Dette vart Bjarne sin siste tur i utanriksfart, for då han kom heim på ferie til kone og barn i 1962, blei han verande på land for godt.

Han byrja i nve (seinare Statkraft), der han først var med på byggjinga av høgspentlina frå Matre til Bergen. Fram mot 1970 var det blitt ei ny tid i Mauranger, med veg til omverda og kraftutbyggjing i fjellet (Folgefonnanlegga). Straks vegen frå Ænes til Nordrepollen var ferdig, begynte Bjarne på anlegget, som etter kvart skulle endra eit heilt bygdesamfunn.

I kring fem år arbeidde han i tunnellane som fører vatnet til kraftstasjonane ved Jukla og i Austrepollen. Den tragiske rasulukka i Rednedalen i januar 1970, der sju menneske omkom, hugsar Bjarne enno godt. Han arbeidde på vegen denne dagen.

Han heldt fram på anlegget i Mauranger til 1975. Då fekk han tilbod om arbeid på Ulla-Førre i Suldal, det største vasskraftanlegget i Norge. Det kunne tidvis vera eit slitsamt liv, spesielt om vintrane når det bles full storm i fjellet. Men kameratskapet var fint, like eins arbeidstida. Fjorten dagars arbeid, så heim på «fri» i ei veke. Det passa Bjarne fint. Økonomisk var det òg bra, minnest han. Men i 1986 var kona vorten sjuk og han slutta av sitt aktive yrkesliv. Dessutan blei han 65 år det året.

– Lengta du til sjøen nokon gong medan du arbeidde i tunnellane høgt til fjells?

– Å, ja, det hende vel det òg, kanskje mest i dei første åra etter at eg gjekk i land. Men det gjekk seg til etter kvart, og heime hadde eg jo kone og tre søner.

Utanriksfarten gløymer eg aldri, seier Bjarne ettertenksamt. I dag ser han attende på eit aktivt liv både til sjøs og på fleire store kraftanlegg. I 1957 fekk han òg vera med på innspelinga av Vikingfilmen i Mauranger, både som statist og i transportoppdrag med båt for det amerikanske filmselskapet. Som statist blei det lange dagar og mykje venting på godt innspelingsvêr og tilpassing til ulike scenar.

Tenkjer lite på framtida

No er Bjarne komen til «skils år og alder», som det heiter. Det betyr at han er blitt så gammal at han byrjar å forstå meir, har fått meir forstand og er blitt klok og fornuftig. Slik les vi i alle fall definisjonen av uttrykket. Og då ser gjerne 94-åringen òg framover til det som ein dag kjem til oss alle, det unngåelege? spør vi.

– Nei, det går eg ikkje rundt og tenkjer på kvar dag. Det er då alt for deprimerande! Men eg tenkjer av og til på at når den tida kjem, må eg få døy snart og utan pinsle. Det er vel alle gamle opptekne av, vil eg tru.

– Trur du på eit liv etter dette?

– Eg veit ikkje heilt kva eg skal tru om det. Men eg registrerer at ingen til no har kunna motbevisa at det finst noko mellom himmel og jord, noko som er større enn oss menneske, ein gud utanfor alt. Slik ser eg det, og legg ikkje meir i det enn som så. Personleg kristen er eg ikkje, men trur likevel på at Gud er til.

Bjarne er glad for å kunna bu heime på Ænes og stella seg sjølv så lenge han greier, sjølv om matlaginga kanskje blir litt enkel av og til. Men når svigerdøtrene kjem på besøk blir det andre bollar, både i høve til matstell og reingjering i huset. Dei og sønene hans handlar òg ein del når det er nødvendig.

– Å sitja på aldersheimen og stura i ein stol, ser eg ikkje for meg. Det er ikkje noko å trakta etter, slik eg ser det no.

– Er du einsam nokon gong?

– Nei, det vil eg ikkje seia, dagane går helst fort. Sønene og svigerdøtrene ser til meg titt og ofte, og det er glad og takksam for. Dessutan føl eg med på fjernsynet og les aviser. Grenda har eg vore abonnent på like sidan sunnmøringen Olav Aurvoll fór rundt og samla tingarar i 1951. Og så køyrer eg bil enno. Eg må jo like til Rosendal for å handla når eg treng noko, veit du. Her på Ænes er det så å seia berre kyrkja og gravplassen igjen av det som ein gong var. Butikken forsvann for mange år sidan.

– Ja, ja, vi får gle oss over dagen i dag, seier Bjarne Enæs mot slutten av samtalen vår. I hans alder blir det gjerne til at ein ser meir bakover enn framover. Han har hatt eit rikt, godt og variert liv på sjø og land, og har enno ei nokolunde brukbar helse. Den største plaga er føtene, men kva anna kan ein venta etter så mange år som anleggsarbeidar? Dessutan høyrer han litt dårleg. Men høyreapparatet har han likevel hive vegg i mellom.

Det slår han forresten at kameratane hans, alle som ein, er farne. Bjarne kan ikkje lenger ringja til nokon av dei for å slå av ein prat. Ein typisk situasjon for mange eldre i dag.

Men den gamle sjømannen og anleggsarbeidaren på Ænes har forsona seg med at det må vera slik, vi skal alle herifrå ein dag, seier han.


Etterord

Bjarne døydde 22. mars 2016, 95 år gammal, og vart gravlagd frå Ænes kyrkje 1. april. ​I dødsannonsa kunne vi lesa følgjande:

​​«Eit strevsamt liv har ebba ut,
to flittige hender har dovna.
Din arbeidsdag har teke slutt,
ditt gode hjarte sovna.


Denne teksten er henta frå boka Godt vaksen – kvinnheringar fortel og reflekterer over livet. Boka kom i 2015 og har vore utseld sidan dess. No publiserer vi innhaldet frå boka. Du kan lesa alle tekstane på ​Skimtvis.no etter kvart som dei vert publiserte.

Om du vil, kan du støtta Skimtvis ved å kjøpa e-boka, der alle tekstar og bilete er samla. Boka kostar 100 kroner, og vert levert som ein PDF med 202 sider.

Kjøp Godt vaksen som e-bok

Neste
Neste

Godt vaksen: Bjørg Hellesøy