Godt vaksen: Birgit Boland

Høyrer ingen ting, men kjeftamentet er i orden

Birgit Boland har budd på Hatlestrand i over åtti år, men held enno på hardingdialekten sin. Det fekk ho li for den første tida etter at ho flytta hit saman med foreldra sine. For enno hugsar 96-åringen at ho vart erta på skulen for talemåten sin. Den gongen heitte det ikkje mobbing, men framgangsmåten var den same. At læraren korkje såg eller høyrde kva som føregjekk, og ikkje greip inn for å stoppa plageåndene, var kan henda ikkje så uvanleg på den tida.

Vi sit i stova hjå den tilårskomne kvinna på Gjermundshamn og snakkar inn i mikrofonen som er knytt til høyreapparatet hennar. Ho høyrer ikkje noko som helst utan dette remediet. Men som Birgit seier sjølv; kjeftamentet er i orden. Dermed går praten i to stive timar nesten utan opphald. Hovudet og synet fungerer òg bra, og minnene frå oppveksten og alle åra seinare strøymer på kjappare enn vi greier å notera. Ho må vera det næraste vi kjem eit levande leksikon.

Tilfellet ville at Birgit skulle bli den siste i denne boka. Det er nesten så vi kjenner på litt vemod over at vi er komne til vegs ende i dette prosjektet. For enno finst det fleire åndsfriske 90-åringar rundt om i kommunen, som alle kunne fortalt interessante historiar frå sine lange liv.

Men her og no er det historia om ei av dei eldste på Hatlestrand som er kome mellom to permar. Hennar reise gjennom livet har vore både lang og strevsam, ispedd både glede og sorg, slik livet er for dei fleste av oss. Sorg og sakn knyter seg først og fremst til tapet av seks søsken. Tre av dei døydde etter berre nokre dagar heime på småbruket i Osa, medan mora var på sjukehus i Bergen då ho venta dei tre siste. Dei vart fødde utan liv.

– Det var ein tragedie, kan du skjøna, seier Birgit stilt. Seinare har eg fått vita at det var noko med blodet til foreldra mine som ikkje stemte overeins. På den tida var det korkje svangerskapskontroll eller medisinsk utstyr som kunne redda borna. Men etter det ho kan hugsa i dag, vart det aldri snakka om dødsfalla heime. Ho hugsar berre at mora var så tjukk i ein periode og at ho var blitt så tynn igjen då ho kom heim frå sjukehuset. Men den unge jenta forsto ikkje grunnen den gongen. Seinare fann ho ein papirlapp der mora hadde skrive opp fødselsdatoen til borna sine.

– Du veit, dei greidde vel ikkje å snakka med meg om dette. Slik var det på den tida, vi var ikkje så opplyste og mangt blei skuva under teppet, seier Birgit. Ho var den førstefødde av dei sju borna, og hennar prognose for å leva opp var god. Sjansane var derimot heilt minimale for dei som kom etterpå. Dei klarte seg ikkje, og Birgit vart for einebarn å rekna resten av livet.

Birgit 4 år, 1923.

«Byen» Osa

Foreldra til Birgit budde i den vesle bygda Osa, heilt inst i ein arm av Hardangerfjorden, mellom Eidfjord og Ulvik. Her inne mellom bratte fjellsider i alle retningar, var det ein gong planlagt ein by med plass til 5 000 menneske og alt som høyrde med i eit moderne samfunn. Planane krov ein fantasi villare enn landskapet, er det sagt i ettertid. Men konjunkturane slo seg vrange, og Osa Fossekompani slapp opp for pengar i 1926, og innstilte drifta.

Draumen om ei storstila kraftutbyggjing, som skulle gjera bygda til ein pulserande by, vart lagt i grus. I staden vart det Eidfjord som mange år seinare fekk det store kraftverket – og alle arbeidsplassane. Far til Birgit arbeidde på anlegget i Osa då det stoppa opp. Etterpå fekk han seg jobb i Saudefallene og seinare i Tyssedalsfjellet fram til 1930.

Nokre år før dette hadde Birgit byrja på skulen, endåtil før ho var blitt sju år. Ho fortel om ein flink og snill lærar, men ikkje så streng som andre eldre har fortalt om frå si skuletid. Læraren var der i to – tre veker før han reiste vidare for å undervisa på ein skule lenger ute i fjorden.

Eit anna barndomsminne er at 17. mai ikkje var nokon spesiell festdag i Osa. Ungane visste knapt kva datoen betydde. Folk hadde ikkje tid til noko feiring, for geitene på gardane skulle mjølkast og stellast som vanleg. Så då sat dei der i eldhusa sine og kokte på geitost dagen lang om det var aldri så mykje feiring av grunnlovsdagen andre stader. Birgit hugsar likevel at ho eit år fekk vera med til Ulvik på ein 17. mai, og oppleva dagen der.

Sommaren 1929, då Birgit var blitt 10 år, fekk ho vera med budeiene på stølane langt oppe i fjellet i fleire månader. Ho var stor og sterk etter alderen, og kunne ta i eit tak der det trongst. Opp klokka halv seks om morgonen for å mjølka geitene, og seinare delta i vask og stell innandørs. Det var ei spennande tid, rik på gode opplevingar for den unge jenta. Men noko løn for strevet fekk ho ikkje.

Budeiene derimot, hadde femti kroner månaden, og det var rekna for ei svært god betaling den gongen. Birgit var berre glad for å få vera med tanta si på stølen.

Birgit lagar enno sin eigen mat.

Flytte til Hatlestrand

Nokre år etter at anlegget i Osa vart innstilt fekk far til Birgit nyss om ein liten gard som var til sals på Hatlestrand. Han kjøpte garden på Kirkhus og tok kona og den einaste dottera si med til Kvinnherad for å byrja eit nytt liv. Bruket var helst dårleg stelt då dei overtok, så det vart eit slit å få det opparbeidd igjen.

– Garden var forsømt og det blei mykje arbeid på foreldra mine dei første åra. Lite forteneste hadde dei òg, fortel Birgit. Avlingane gav føde til tre kyr, ein hest og 12 sauer. Av det vesle dei fekk ut av gardsdrifta skulle også mor til den tidlegare eigaren ha noko å leva av. Ho budde i same tunet på såkalla «vilkår»: Vinterfór til to sauer, 50 kilo kveitemjøl, 50 kilo rugmjøl, 150 kilo poteter, samt to–tre mål med ved. I tillegg skulle ho ha tre liter mjølk per dag, som ho separerte og laga smør av.

Enno hugsar Birgit at folk i bygda tykte det var knytt store vilkår til den vesle garden foreldra hadde kjøpt for 12 000 kroner.

Det var ikkje berre lett for ei ung jente på 13 år å flytta frå Osa til Hatlestrand på 1930-talet. Det eine var at ho måtte reisa frå venninnene sine. Men ertinga, eller mobbinga på skulen over talemåten sin, var kanskje verre. Og den dag i dag forstår ikkje Birgit kvifor læraren ikkje greip inn og stoppa dei som plaga henne. Men han visste vel ikkje betre, han heller. I alle fall kan ho hugsa at den første vinteren på den nye heimstaden ikkje var særleg kjekk. Heldigvis gjekk det seg til litt om senn.

Eit langt kjekkare minne frå dei første åra på Hatlestrand var derimot møtet med Leif Boland (fødd 1917), guten som seinare i livet skulle bli ektemannen hennar. Dei trulova seg i 1940 og gifte seg to år seinare.

– Eg hugsar vi hadde ein reisegrammofon heime som vi spelte på. Den må ha vore interessant, for allereie den første søndagen vi budde på Kirkhus kom Leif og nokre andre ungdommar på besøk for å høyra på musikken, kanskje òg for å helsa på den unge jenta som var komen til gards.

Året etter, i 1933, skulle Birgit konfirmerast og hadde sett fram til ein festdag i fin bunad, slik ho visste ungdommane brukte i Ulvik, kyrkjesoknet som Osa høyrde til. Slik vart det ikkje; for på Hatlestrand var det svarte kjolar som galdt for jentene i konfirmasjonsflokken. Men i og for seg brydde ho seg ikkje så mykje om kva klesplagg dei brukte, for det viktigaste av alt var å bli rekna som vaksen etter å ha gått for presten.

Birgit arbeidde på garden heime på Kirkhus i åra fram mot krigsutbrotet, og hugsar enno slitet med å bera vatn til folk og fe frå ei oppkome på nabogarden. Ho hugsar endåtil at dei hadde fått råd til å kjøpa to sinkbøtter som dei brukte til å bera vatnet til kjøkenet i. Vatnet til floren bar dei i trebøtter. Ho hugsar også godt då faren køyrde ut kumøka om sommaren og kor ho sleit med å spreia kvart einaste lass utover bakkane med greip.

– Hjelpe meg, for eit slit det var!

Detaljar frå kjøkenet.

På stølen igjen

Sommaren året etter at Birgit og Leif hadde sett ringar på seg, reiste ho tilbake til barndommens dal for å vera budeie på ein av osastølane. Då var det krig i Norge, og eit tysk firma hadde fatta interesse for fossefalla i området. Dei ville byggja både kraftstasjon og aluminiumverk der Osa Fossekompani tidlegare hadde måtta gje opp. Men etter eit par år med stor aktivitet og 1 800 mann i arbeid, gav det tyske selskapet òg opp, året før Tyskland kapitulerte.

Birgit hugsar enno godt tida som budeie i 1941, og påbodet frå tyskarane om at ingen hadde lov å visa seg ute etter klokka seks om kvelden. Men så hende det at geitene kom seint ned til stølen, og då måtte dei spørja om lov til å utføra jobben sin. Det fekk dei, men soldatar med skarpladde våpen heldt vakt medan mjølkinga føregjekk.​

Då kjærasten hennar skulle koma på besøk visste han lite om det tyske vakthaldet i bygda, og at det kunne bli vanskeleg å ta seg inn til Osa utan løyve. Men han greidde det på eit vis og kom seg umerka til stølen oppe i fjellet, som låg i forboden sone, og var hos Birgit ei vekes tid.

Turen heim att til Kvinnherad blei derimot litt meir dramatisk for Leif. Han hadde ikkje tysk passersetel, og tok ikkje sjansen på å reisa same vegen tilbake. I staden satsa han på tog frå ein av stasjonane på Hardangervidda til Bergen.​

Ved Hallingskeid heldt tyske soldatar vakt ved ei stor jernbanebru, og utan passersetel kunne ikkje Leif våga å gå på toget der. Men han kom seg usett forbi vaktene og gjekk til Myrdal stasjon i staden. Nokre timar tidlegare hadde Birgit rodd kjærasten sin over vatnet der stølen låg. Seinare reiste han heim frå Bergen til Gjermundshamn med ms «Lønningdal».

Den dag i dag tenkjer Birgit på kva som ville skjedd dersom han var blitt teken av dei tyske vaktene ved Hallingskeid den gongen. Han hadde kanskje blitt skulda for å driva spionasje og skoten på flekken, undrast ho.

I 1942, medan det enno var krig, vart Birgit og Leif Boland gifte. Den formelle vigsla skjedde på lensmannskontoret i Rosendal, noko anna var ikkje lovleg på den tida. Etterpå fekk dei velsigninga av presten i kyrkja.

Svigerfar til Birgit dreiv forretning på Hatlestrand, og det var slettes ikkje alltid så liketil. Leif arbeidde i lag med far sin i mange år før han og Birgit overtok ansvaret for drifta. Det skulle bli eit liv med mykje arbeid og lite fritid. Utanom butikkdrifta tok dei imot mjølk frå bøndene. Den vart sendt med rutebåten til Bergen kvar kveld, seks dagar i veka. Det kunne vera oppi femti 50-liters spann, så det vart mange tunge tak, minnest Birgit, som hadde ansvaret for oppveginga. I dag kjem store tankbilar til gards og hentar mjølka. Alt blei mykje lettare for bøndene og folk flest etter at Hatlestrand fekk vegutløysing.

Birgit og Leif fekk to søner. Den eldste, Erling, kom heim frå Bergen og dreiv butikken i mange år etter at foreldra gav seg. Den andre hadde Downs syndrom og budde fleire år på Vestlandsheimen. Han døydde i 2012. Birgit hadde passert seksti år då Erling overtok. Fram til då var det arbeid og atter arbeid frå morgon til kveld som galdt. Matlaging, oppvask, klevask og stell av hus og heim og ungar attåt butikken dagen lang. Ho hadde lite fritid, og vart difor lite engasjert i det som føregjekk på Hatlestrand.

Detaljar frå kjøkenet.

Pensjonistturar

– Herlighet, for eit liv, sukkar Birgit ettertenksamt. Men vi hadde det no kjekt òg innimellom, seier ho og tenkjer tilbake på tida i lag med gode vener. I seinare år fekk ho vera med på mange pensjonistturar både i Norge og til Danmark. Hobbyar vart det lite tid til i yngre år, men då mannen vart sitjande heime i rullestol, byrja Birgit å hekla, som eit tidsfordriv.

Til å nærma seg hundre år, har ikkje Birgit så mange fysiske plager. Men ho høyrer svært dårleg, er så å seia heilt døv, så vi kommuniserer gjennom ein mikrofon som er knytt til høyreapparatet. Det taklar ho fint. Men hendene er det verre med etter at ho fekk konstatert urinsyregikt.

– Kva fyller du dagane med?

– Ser på tv og løyser kryssord. Mykje kryssord, poengterer 96-åringen. Det held hovudet i gang, meiner ho. Men ho irriterer seg over alle reprisesendingane i fjernsynet og at mange av programma ikkje er teksta, til dømes tv2-nyhenda. Toskaskap, meiner 96-åringen.

Birgit føl også litt med i det politiske livet både lokalt og på riksplan. Finansministeren og partiet hennar gjev ho det glatte lag. Korleis skal det gå visst dei får styra lenge nok? spør ho. Men det er mykje gale i Kvinnherad òg, meiner Birgit og nemner middagsmaten til eldre som eit døme. Framleis lagar ho sin eigen middag, men kunne tenkt seg å fått kjøpt mat frå alderspensjonatet i Ølve av og til. Men den muligheten vart det slutt på, kommunen sa nei. Det var visst ikkje sanitært nok. Høyrt slikt tull!

Så la dei ned aldersheimen på Varaldsøy og begynte å kjøpa middag frå Bergen til dei andre institusjonane i Kvinnherad. Det var rett og slett ein skandale.

– Nei, det er så mykje eg ikkje forstår. Det same gjeld også i forholdet til liv og død. Kvifor er vi her eigentleg, og kor blir vi av når det ein gong er slutt? Slike tankar tenkjer eg av og til, mest når eg ligg og ikkje får sova om nettene og har litt vondt. Då har det kome over meg. Er dette min siste time? har eg spurt meg sjølv. Eg håpar berre at eg slepp å bli liggjande hjelpelaus når tida mi kjem.

– Ein sjukeheim då?

– Nei, det er ikkje noko for meg, eg er for egen og sta. Eg må ha alt på min måte. Ikkje trur eg dei har plass til meg heller nokon stad, slik politikarane har fare åt, seier Birgit og slår ut med armane. Kan du tenkja deg, dei har skore ned i eldreomsorga, og samtidig gjeve rådmannen 100 000 meir i løn. Det heng ikkje i hop!

Nei, eg er innstilt på å bu i min eigen heim så lenge eg kan, og leggja meg og stå opp nett når eg vil. Men skulle eg bli heilt vanhjelpen, er det vel ingen veg utanom. Då må eg berre pakka og reisa frå huset mitt for godt.

– Ser du meir bakover enn framover no?

– Det blir gjerne til at ein i min alder ser på det som har vore, på godt og vondt. Men eg har heldigvis enno evna til å sjå framover og gle meg over det. Til dømes at barnebarna mine skal koma på besøk frå Oslo. Eg har tre barnebarn og seks oldebarn.

Med mikrofon knytt til høyreapparatet greier Birgit å kommunisera med andre. Gåstolen er òg god å ha for eit gammalt menneske.

Over forstanden

– Er du på talefot med Vårherre?

– Nei, eg er ikkje eit spesielt religiøst menneske, det går over min forstand. Men eg vedgår gjerne at eg stundom tenkjer på at det må vera meir mellom himmel og jord, som vi ikkje heilt fattar. Likevel sit eg ikkje her og grublar over det kvar dag, det blir ein berre deprimert av. Eg er stort sett nøgd med livet mitt slik det har vore, men nokon dans på roser kan eg ikkje snakka om. Det er sikkert og visst.

– Saknar du noko? spør vi, medan vi er på veg ut døra til Birgit.

– Besøk! kjem det kontant frå 96-åringen. Dei unge er alt for lite flinke til å besøkja oss gamle. Vi sit ofte i vår einsemd utan å kunna snakka med andre. Nei, folk skulle vore flinkare til å gått til kvarandre.

Utanom den aller næraste familien, kjem det folk frå alderspensjonatet i Ølve kvar dag for å ha dropar i augene til Birgit etter ein stæroperasjon. Dessutan kjem dei ein gong i veka og hjelper henne med å bada.

Før mannen til Birgit kom på alderspensjonatet i Ølve og sat i rullestol, vart han stelt heime av kona si i fem år. No ser ho at det minkar på tida der ho sjølv kan greia seg utan heildøgns tilsyn og hjelp frå kommunen si omsorgsteneste – heime eller på ein institusjon. Når den dagen kjem håpar ho berre at det er hjelp å få. Så mykje tillit har ho i det minste til dei nye politikarane i Kvinnherad.

I mellomtida kosar ho seg med kryssord og ser på fjernsyn, stundom òg med eit lite glas Baileys attåt.​

– Men eg gøymer vekk flaska når eg ventar heimesjukepleien. Dei må ikkje få inntrykk av at eg sit her og drikk på mine gamle dagar, seier Birgit og skrattar, medan vi legg vekk notatblokka.

– Skrekk og gru, alt dette kjem vel ikkje i boka di?

Stova til Birgit er full av minne frå tida som har vore.


Etterord

Birgit døydde på Stord sjukehus 12. februar 2016, på 97-årsdagen sin. Ho blei gravlagd frå Hatlestrand kyrkje 19. februar.

«Me unner deg kvila, men saknar deg sårt», skreiv familien i dødsannonsa.


Denne teksten er henta frå boka Godt vaksen – kvinnheringar fortel og reflekterer over livet. Boka kom i 2015 og har vore utseld sidan dess. No publiserer vi innhaldet frå boka. Du kan lesa alle tekstane på ​Skimtvis.no etter kvart som dei vert publiserte.

Om du vil, kan du støtta Skimtvis ved å kjøpa e-boka, der alle tekstar og bilete er samla. Boka kostar 100 kroner, og vert levert som ein PDF med 202 sider.

Kjøp Godt vaksen som e-bok

Forrige
Forrige

Godt vaksen: Om forfattaren og fotografen

Neste
Neste

Godt vaksen: Bjarne Enæs