Godt vaksen: Om forfattaren og fotografen

No er alle kapitla frå boka Godt vaksen – Kvinnheringar fortel og reflekterer over livet, publisert her på Skimtvis.no. Boka kom ut i 2015 og har vore utseld etter det, men du kan no lesa alle tekstane frå boka her.

Bortsett frå dei tre tekstane frå folk som var i tre ulike fasar av sine eigne vaksne liv, har det vore Kristian Hus som har vore forfattar.

Om forfattaren

Kristian Hus i 2015.

Kristian Hus (f. 1940) er fødd og oppvaksen i Rosendal, der han i ung alder fekk interesse for ord og bokstavar i bladet Grenda sitt prenteverk. Etter å ha gått i typograflære i Haugesunds Avis, var han i 1965 med og etablerte Aksidenstrykkeriet på Husnes, då industrireisinga var i full gang.

I alle år seinare har han vore mediamann, med journalistisk erfaring frå Kvinnheringen, Svalbardposten, NRK Hordaland og digitale medier, som Innsida og HusnesNett. I dag driv Hus nettstaden Skimtvis.no, der han mellom anna lagar lydintervju med eldre kvinnheringar som fortel om sine levde liv.

Hus har gjeve ut åtte bøker: Den første var Godt vaksen i 2015, medan Frå heim til heim kom ut året etter. Begge desse bøkene handla om eldre og deira livssituasjon. I 2018 kom Den sindige villmannen, om Tjerand Aske frå Fjelberg. Dokter Haugen kom ut i april 2019, med ei andreutgåve i juli same år. I 2020 kom sjølvbiografien Skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år og i 2021 kom det to bøker: Samfunnsbyggjarane, om entreprenøren Gunnar Røsseland og familieverksemda, og Prestegardsminne om Malmanger prestegard. Hausten 2023 kom boka om det sterke musikkmiljøet i Kvinnherad, Rock- og popband i Kvinnherad gjennom 60 år, skriven av Lars Jostein Rørvik.

Kristian har også våre djupt involvert i utgjevingane av bøkene Fartøyhistorie frå Halsnøy, Fjelberg og Valen 1900–2023 (del 1) og Fartøyhistorie frå Halsnøy, Fjelberg og Valen 1900–2024 (del 2), om lokal kystkultur og fiske- og fraktebåtar.

Hus har hatt mange tillitsverv innan organisasjons- og næringsliv, og har også fleire periodar i kommunestyret bak seg. Han har òg vore leiar i Kvinnherad eldreråd og fekk gjennom dette arbeidet ideen til dei to første bøkene.

Om fotografen

Kristen Hus i 2015.

Kristen Børje Hus har teke dei fleste bileta i boka Godt vaksen. Han stod også for formgjeving av boka og lærte seg mykje om det å gje ut bøker sjølv på denne tida.

Kristen er fødd og oppvaksen på Husnes, men har seinare ført livet i meir urbane strok. Han bur og arbeider no i Stockholm, men er framleis involvert i ei rekkje prosjekt på vestlandet, mellom anna formgjev han bøker gjennom Enkelbok.no.

Gje ut bok?

Skimtvis forlag har no lagt seg til ro, sjølv om Kristian stadig luftar nye tankar og involverer seg i ymse prosjekt.

Om du sjølv er interessert av å gje ut ei bok, tilbyd Kristen seg å hjelpa med det gjennom Enkelbok.no. Du kan melda deg på e-post-lista her, slik at du får tilsendt nokre tankar og tips om korleis det går til og kva du bør tenkja på.

Og om du ønskjer hjelp til noko av det, kan du alltid senda ein e-post til Kristen og høyra deg for.

Forrige
Forrige

Bok om arv og ætt på Myklebust

Neste
Neste

Godt vaksen: Birgit Boland