20201007-DSCF2775.jpg

Kristian Hus – Skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år

Skribent og mediamann Kristian Hus har blitt godt vaksen og ser attende på alt han har vore med på, og vitne til, gjennom 80 år i Kvinnherad. 

Kommunen har vore gjennom store endringar sidan Hus blei fødd i 1940, og i den seinaste boka hans får lesarane nokre skimt av det som har skjedd. Kampane om vegar og tunnelar, raset i Mauranger for femti år sidan, ubåtjakta i sunnhordlandsbassenget i 1983 og flystyrt på Halsnøy i 1954 er blant sakene som Kristian skriv om i boka. Tunnelstriden som splitta Høgre har òg fått plass i boka, like eins den historiske flylandinga på eit lite jorde i Rosendal i 1946. Alt dette og mykje meir, har festa seg i minnet til 80-åringen.

I tillegg reflekterer han over si eiga historie frå barndomen i Skålafjæro, læretida i Haugesund, militærtenesta, jobben i Grenda og etablering av trykkeriverksemd og seinare avisa Kvinnheringen på Husnes. Han er òg innom tida som redaktør på Svalbard og nærradio i Sunnhordland før han utforskar andre medium og engasjerer seg i eldrepolitikken i kommunen.  

Slik bind Kristian saman sitt eige liv til omveltningane i Kvinnherad, og gjennom rikt illustrerte sider gjev han lesaren skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år. 

Hus er fødd i Rosendal og bur no på Husnes. Han har drive Kvinnheringen og seinare gjeve ut fleire bøker.  

Dette er den femte boka grafisk designar Kristen Børje Hus har laga i samarbeid med far sin, også denne gongen er det blitt ei fin og tiltalande bok.

Boka er trykt i 800 eksemplar og kan kjøpast på bokhandelen i Rosendal og på Husnes.

Du kan også tinga boka i din lokale bokhandel over heile landet. Om du ønskjer å tinga boka frå Skimtvis, kan du gjera det her.

Bok-pris kr 359,-. Porto kjem i tillegg.

20201007-DSCF2781.jpg
Plus-Book-8067-2020-10-09.jpg
Den tidlegare friidrettsmannen Kristian har runda dei åtti, men er han i mål? Neppe. Han har alltid vore undervegs. Stadig nye idear og nye mål å nå.
— Sjur Tjelmeland
38-39.jpg
20-21.jpg
132-133.jpg
66-67.jpg
92-93.jpg