Bok om arv og ætt på Myklebust

Tormod Myklebust har skrive ei interessant bok. (Foto: Kristian Hus).

Tormod Myklebust (75) frå Uskedalen har skrive både vinter og vår for å bli ferdig med boka si; ei forteljing om oldemor si innan slutten på Utvandrarjubileet 2025. Det greidde han, og på sjølvaste julafta fekk vi boka «Arven» – ei forteljing om Synneva Knutsdotter – i hende. Dermed var den litterære delen av jula berga for vår del. Det vart nokre kjekke juledagar og -kveldar, med sterke historiar om liv og død og slitet på garden, alt takka vere historia som Myklebust har skrive.

Forfattaren har levd seg inn i, og fantasert om korleis folk som levde på garden han kjem frå hadde det før i tida. Han dokumenterer mykje av det han skriv frå ulike kjelder, og vekslar mellom fakta og fantasi i same forteljing. Til dømes let han oldefar sin, Tormod Torekoven, fortelja om oppveksten sin. Det gjer han om bord i jekta si på ei tenkt sjøreise frå ein tur frå Odda.

Vidare let han Knut Myklebust fortelja om livet sitt på det vesle gardsbruket i Uskedalen, slik forfattaren tenkjer seg det kan ha vore. Han prøver òg å fortelja om husa på garden og litt om arbeidsmåtar og utvikling. Utvandringa til Amerika og reiser att og fram får stor plass i boka. Sju av åtte søsken reiste «over there».

Sønene var pådrivarar

Kristian Bringedal skriv på nettstaden uskedalen.no om boka:

«…Sønene til Tormod Myklebust bad faren skriva livsminne frå bruk 14 på Myklebust. Det vart til boka Arven – ei forteljing om Synneva Knutsdotter – oldemor hans, gift med jekteskipper Tormod Torekoven frå Odda. Dei fekk åtte born. Sju av dei i tillegg til ein svoger reiste til Amerika. To kom tilbake, mellom anna bestefar til Tormod, Amund T. Myklebust.

Tormod fortel at han alltid har interessert seg for slekta og dei som utvandra frå Uskedalen og slo seg opp i Midtvesten og på Vestkysten. Arbeidet deira var mellom anna farming og handel. Heime sat mora, Synneva og dreiv garden i tronge kår.

Det er ein arv å ta vare på, ikkje berre frå Myklebust, men også med tilvisning til Hans Nilsen Hauge, Haugerørsla, misjon, forkynning og ei sterk gudstru.

Skipingsmøtet til Samskipnaden på Døssland i 1864 er skildra i boka. Det same er bygdelivet i Uskedalen kring hundreårsskiftet med hermetikkfabrikk, handel og dampskipstopp i Beinavikjo og frå andre hendingar i grendene.

Møtte slekta i Amerika

Tormod Myklebust har vore i Amerika to gonger, møtt slekta, og gjort eit grundig arbeid med dokumentasjon og kjeldetilfang. Mest årleg har det kome amerikabesøk til Myklebust, slekt som vil sjå plassen der dei sju syskena kom frå.

Men Arven handlar om så mykje meir enn utvandringa frå seint på 1800-talet til inn på 1900-talet. Tormod vekslar med å skildra gardslivet heime på bruket i Uskedalen med det å driva farm og handel i Amerika. Det er noko av dette som gjer forteljinga så nyskapande og interessant.

Han skriv kronologisk, og det har vore periodevis skriving, fortel han. Målet var å koma i mål med prosjektet innan utgangen av Utvandrarjubileet i 2025. No kan Tormod pusta letta ut. Ei innhaldsrik skildring er samla mellom to permar.

Boka på 335 sider er komen ut på Alpha forlag, førebels i eit opplag på 200 eksemplar. Med stor slekt og stort nettverk må ein rekna med at førsteopplaget vil gå ut innan kort tid. Berre slekta på Stord, etterkomarar etter Brita og Ole Vågen, har tinga mange bøker.

Arven er å få kjøpt på SPAR Uskedalen og i bokhandelen på Husnes og i Rosendal, men òg hjå forfattaren…»

Ekteparet Synneva Knutsdotter og Tormod Torekoven er sentrale personar i boka. Dei er oldeforeldra til forfattaren.

Neste
Neste

Godt vaksen: Om forfattaren og fotografen