Omslag-mock.jpg

Samfunnsbyggjarane – Om entreprenøren Gunnar Røsseland og familieverksemda

I 1952 vart Røsseland Bulldoserdrift og Entreprenørforretning etablert. Verksemda sette djupe spor etter seg, både i Kvinnherad og i andre lokalsamfunn. Bak firmaet stod Gunnar Røsseland (1912–1981). I boka Samfunnsbyggjarane får vi lesa om han som var med og bygde Husnes og dei som dreiv livsverket vidare gjennom oppturar og nedturar, fram til konkursen i 2016. 

Vi får ei biografisk oversikt over livet til Gunnaren, etableringa av verksemda, omsuten for samfunnet som førte han inn i politikken og glimt frå industrireisinga på Husnes, Svalbard og andre stader. 

Familien, som alle har vore involverte i drifta, ser i boka attende på det dei har vore med på. Vi får òg høyra frå tidlegare tilsette og andre nærståande. Dette dannar eit viktig dokument i lokalhistoria og syner ein eineståande og driftig mann, ei solid gründerverksemd i eit samfunn i vekst og minnene til dei som seinare var med på reisa. 

Boka er på 208 sider og er rikt illustrert med mange historiske bilde. Kristian Hus er utgjevar gjennom forlaget Skimtvis, medan Multipleks design har stått for den grafiske utforminga. Dette er den 6. boka far og son Hus samarbeider om.

– Vi trur både unge og eldre vil ha stor glede av å lesa boka om Gunnaren og etterkomarane hans. Dei stod for verdiar som aldri går ut på dato. Samfunnsbyggjarane er òg eit viktig dokument i Husnes si historie og utvikling.

Boka er trykt i 800 eksemplar og er til sals i fleire butikkar i Kvinnherad og på denne nettsida. Pris: kr 399,– pluss porto (kr 100,- + mva. for eitt eks.).

Gunnaren-ny.jpg
Arbeid på Fylkesveg 544, Ranavik–Tofte.

Arbeid på Fylkesveg 544, Ranavik–Tofte.

Guttorm Røssland køyrer den aller første bulldosaren i firmaet.

Guttorm Røssland køyrer den aller første bulldosaren i firmaet.

Ei rotekte familiebedrift: Frå venstre: Guttorm, Håkon, Gunnar og Jorunn.

Ei rotekte familiebedrift: Frå venstre: Guttorm, Håkon, Gunnar og Jorunn.

Maskinar, lastebilar og anna utstyr dei trong til arbeidet på Svalbard blei lasta om bord i ein kolbåt ved Bogsneskaien.

Maskinar, lastebilar og anna utstyr dei trong til arbeidet på Svalbard blei lasta om bord i ein kolbåt ved Bogsneskaien.

Den første store jobben for det nystarta firmaet var i Rosendal i 1952. Oppdraget var å mudra i Skålaelva, og det blei sett på som eit storhende og eit meisterstykke. (Teikning: Ole Bjarte Røssland).

Den første store jobben for det nystarta firmaet var i Rosendal i 1952. Oppdraget var å mudra i Skålaelva, og det blei sett på som eit storhende og eit meisterstykke. (Teikning: Ole Bjarte Røssland).

I arbeidet med boka har Kari og Håkon sett gjennom mange bilete og dokument.

I arbeidet med boka har Kari og Håkon sett gjennom mange bilete og dokument.

Frå arbeidet på Gjetingsdalsvegen. Brigt Bauge (t.v.) og Roy Johansen, innleigd skytebas frå Rjukan. (Foto: Kvinnheringen)

Frå arbeidet på Gjetingsdalsvegen. Brigt Bauge (t.v.) og Roy Johansen, innleigd skytebas frå Rjukan. (Foto: Kvinnheringen)