Godt vaksen: Tordis Gausvik
Kvar dag er ei gåve
Dersom Tordis Gausvik i Mauranger hadde fått levd livet sitt på nytt, er det mangt ho ville gjort annleis. Ho tenkjer spesielt på åra med små born, medan ho og mannen dreiv handel og HSD-ekspedisjon og endåtil eit lite småbruk i Sundal. I dag angrar ho litt på at ho ikkje brukte meir tid på dei minste.
Men den snart 95 år gamle enkja etter handelsmann Erik Gausvik var frå barnsbein av opplært til å arbeida, og det gjekk føre alt anna. Slik var det då Tordis voks opp på den vesle garden i Nordrepollen, og slik blei det seinare i livet då ho flytte heimanfrå. Men i dag gler ho seg over at det trass alt har gått bra med dei tre ungane deira; to søner og ei dotter. Dei har greidd seg bra, tykkjer ho.
Tordis kom til verda i 1920 på Flatebø inst i fjorden under små kår, som vanleg var på dei tider. I motsetnad til situasjonen i dag, var det ei innestengd lita grend utan veg nokon stad. Skulle dei ein tur til Austrepollen, måtte dei bruka robåt. Men om vinteren var fjorden tilfrosen og då måtte dei gå på isen – så sant han var trygg nok. Elles var bygda heilt isolert. Heldigvis var det ein liten landhandel i Nordrepollen på den tida, som selde det mest nødvendige til livets opphald.
Nostalgi: Tordis minnest enno den gamle landhandelen ho og mannen dreiv i Sundal.
Lærde tidleg å arbeida
Foreldra til Tordis dreiv eit lite bruk i den bortgøymde grenda, og fekk seks barn. Ho var den yngste og måtte tidleg læra seg å arbeida. Om sommaren var ho med i høyonna, og både hesja og sleit på turrhøyet når det skulle inn i løa.
På den vesle garden hadde dei fleire kyr, hest, ein stut, nokre sauer, geiter og ein gris. Alt dreidde seg om arbeid og atter arbeid for å skaffa utkome og mat til familien. Dei seks ungane måtte ta sin tørn etter kvart som dei vaks til. Tordis hugsar enno godt turane om somrane med mjølkeholken på ryggen frå stølen på Katturda (468 moh.) og heim til garden på Flatebø. Det kunne vera slitsamt i ung alder.
Då ungane var gamle nok til å gå på skule, kom ein lærar frå øya Skorpo og underviste elevane to veker om gongen. Så hadde dei fri i to veker, før han kom attende til ein ny periode. Noko lagsliv eller forening fanst ikkje, heller ikkje søndagsskule. Det åndelege påfyllet kom frå emissærar som reiste omkring, oftast frå Den indre Sjømannsmisjon og Indremisjonen.
– Ja, eg hugsar godt den tida, seier Tordis ettertenksamt. Emissærane kunne bu heime hjå dei i ei veke eller to om gongen – og fekk den beste maten! Dei heldt møte i skulehuset om kveldane, og såleis fekk både ungar og vaksne høyra om Jesus og det evige livet. Trua på ei høgare makt, ein Gud, har følgt Tordis heile livet. Ho føler seg trygg på det som står i Johannesevangeliet 3,16:
«For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.»
Varelista i den gamle butikken på kaien i Sundal fortel om eit heilt anna prisnivå enn i dag.
Trist og einsamt
Tordis var glad i heimen sin, sjølv om livet i Nordrepollen langt frå var nokon idyll for ei lita jente. Det kunne rett og slett vera forferdeleg stussleg av og til, minnest 95-åringen, medan ho sit i Sundal og tenkjer attende på tida i barndomens dal. Spesielt då dei eldre syskina hennar ein etter ein reiste vekk, kunne det bli både trist og einsamt for dei som var igjen heime.
For ungdommane på Flatebø var det absolutt ingen ting å ta seg til i det isolerte samfunnet etter at sju års folkeskule var unnagjort. Difor reiste òg mange ut etter at dei var konfirmerte, og så snart det baud seg eit høve til vidare skulegang eller arbeid.
Men julehøgtidene hugsar Tordis den dag i dag med stor glede. Ho blir nesten blank i augene medan ho fortel:
Nokre dagar før jul vart grisen slakta, og seinare gjekk dei på skogen og henta juletre, medan far i huset var på fjorden og fiska til julafta. Han likte spesielt lange godt, og ingen av ungane rynka på nasa av slik delikatesse attåt den andre julematen. Presangar var det derimot mindre av. Folk flest hadde lite pengar på den tida, og born og vaksne var mest opptekne og glade for at det stod mat på bordet i den store familien på julekvelden.
Stundom kom det òg snø til jul og la sitt mjuke og kvite teppe over marka, for liksom å pynta naturen til den store festen. Om kvelden gjekk dei rundt juletreet og stundom las faren evangeliet høgt for alle. Første juledag hadde mora laga til svineribbe, og det var ekstra stas for liten og stor.
– Var det nokon som bryggja øl til jul?
– Å, nei, slik styggedom var det ikkje snakk om, etter det eg kan minnast. I alle fall ikkje i vår heim. Vi fekk jo høyra om all synd og elende som følgde med alkoholen, og slik er det vel i dag òg, seier Tordis. Ho er ikkje eit fanatisk avhaldsmenneske, men har halde seg klar den slags gjennom livet. Berre ein gong smakte ho på eit eggeglas med noko sterkt oppi, og det blei med det.
Då Tordis vart vaksen nok hjelpte ho til på andre gardar i bygda og tente seg nokre kroner på det. Seinare i ungdomsåra fekk ho seg arbeid på ein gard i Omvikdalen, ja, endåtil på Stavangerkanten hadde ho huspost. Ho gjekk òg på Nordhordland folkehøgskule i eitt år.
Krigen
Under krigen var det helst fredeleg og godt å bu i Nordrepollen, og berre sporadisk opplevde folk her inne at Tyskland hadde gått til åtak på Norge. Men allereie natt til 10. april i 1940 fekk folk så å seia nærkontakt med fienden. Då kom kryssaren «Köln» og to mindre marinefarty inn fjorden og la seg til eit stykke utanfor Nordrepollen. Det var ei skremmande oppleving for mange.
Tordis kan hugsa at folk sprang og gøymde seg under ein stor steinhellar då dei oppdaga krigsbåtane ute på fjorden. Andre tok med seg proviant og stakk til fjells. Men det skjedde ikkje noko spesielt desse dagane, og seinare gjekk livet sin vante gang i dei fem krigsåra.
I 1951 gifte Tordis og Erik Gausvik seg i Ænes kyrkje. Etter som bygdene var utan veg, brukte dei båt frå Nordrepollen med alle gjestene. Året etter var huset deira i Sundal klart til innflytting, og eit liv med større ansvar og endå meir arbeid tok til for 32-åringen frå Flatebø. Det året vart òg første sonen deira fødd.
Erik dreiv butikk i bygda, og hadde i tillegg både ekspedisjon for hsd-båtane og telefonsentral. Det var aldri snakk om faste opningstider og sjeldan helgefri, minnest Tordis. Dei sto på frå tidleg morgon til seine kvelden, men hadde litt hjelp i butikken av og til.
Eit lite småbruk med ei ku og fem sauer i Sundal skulle òg stellast, så dei var aldri gjerandslause. Heldigvis hadde Tordis god hjelp av svigermor si dei første åra.
Mot slutten av 1960-talet byrja ei ny tid i Mauranger, med utbyggjing av Folgefonnanlegga og veg til omverda. Det gav mange arbeidsplassar og nytt håp for dei innestengde bygdene. Forresten var det ulike meiningar om vegen før han skulle byggjast, etter det Tordis kan hugsa. Somme byfolk, som i alle år hadde kome til dei idylliske og bortgøymde bygdene via sjøvegen, såg helst at alt skulle vera som før, med rutebåtar og turisme etter gammalt mønster.
Slik vart det heldigvis ikkje. Men Tordis og mannen fekk det meir travelt enn nokon gong med butikken og ekspedisjonen attåt småbruket. Alt blei snudd på hovudet under anleggstida, så å seia.
Eit strev
Tordis seier at det ikkje er til å stikka under ein stol at det vart mange og tunge tak gjennom livet hennar. Men ser ho vekk frå litt fysiske plager her og der, har ikkje slitet frå barndommen av og opp i vaksen alder gjort henne vondt.
– Arbeidet har gitt meg styrke, seier ho. Det er verre i dag, no sit mange kvinnfolk helst berre på stas, medan mennene må ta seg av ungar og matstell. Ja, det skulle vore i mi tid!
– Lengtar du attende til den tida?
– Nei, det kan eg ikkje seia, sjølv om eg stundom tenkjer at vi kunne hatt det betre enn vi i realiteten hadde. Men no kan eg endeleg slappa av og gjera nett det eg har lyst til kvar dag. Eg strikkar litt, les fleire aviser og føl ein del med i fjernsynet. Men du veit, det blir helst til at vi ser bakover i min alder, ikkje fram mot det som ein gong skal koma.
– Ja, kva tenkjer du om slutten på dette livet?
– Eg går ikkje rundt og tenkjer på døden heile dagen, sjølv om eg inderleg vel veit at når ein blir så gammal som eg er no, så må vi rekna med å fara herifrå kva tid som helst. Slik er livet. Men eg er førebudd, ber kveldsbøna mi kvar dag, og trur på at eg kjem til ein betre plass på ei ny jord og ny himmel når det er slutt her. Det er i alle fall det eg har fått høyra frå eg var lita jente. Einaste eg er redd for, er at eg skal få ein smertefull død.
Men eg er glad i livet, og håpar at eg framleis får nokre gode år her. Å skulle flytta på ein aldersheim er ikkje noko eg ser fram til. Men må eg så må eg, og det er ikkje noko å gjera med det. Einaste fordelen eg ser med å vera på ein institusjon, er at det kanskje blir meir sosialt med ulik underhaldning, song og bingo og slikt.
Endring
I Sundal er det i dag svært lite som den gamle garde kan vera med på. Husmorlaget og kvinneforeningen er lagt ned, medan bygdelaget framleis held det gåande. Etter at anleggstida tok slutt er det blitt ei stillare bygd igjen – utan rutebåtar og store turistskip på fjorden.
Men trafikken på land har derimot auka monaleg etter at Folgefonntunnelen og Jondalstunnelen kom. I dag køyrer bilane så å seia like forbi huset til Tordis døgeret rundt. Slik kjem også turistane til bygda for å gå tur i Bondhusdalen eller på den «nye» turistvegen over Folgefonna, spesielt om sommaren.
Tordis er glad for at ho enno er i så god fysisk form at ho får stella huset og laga mat til seg og eldste sonen, som bur heime i lag med mor si. Ei dårleg hofte, ein sliten rygg og kne som ikkje fungerer som dei skal, prøver ho å ikkje tenkja på heile tida. Men gåstolen er god å ha når ho skal bevega seg.
– Kvar dag er ei gåve, seier Tordis og minnest mor si, ho blei 101 år. Kva tid Tordis må fara herifrå er det ingen som veit noko om, kanskje heller ikkje Han som styrer livet hennar. Men 95-åringen er førebudd – same kva tid det måtte skje.
Til så lenge gler ho seg over livet her på jorda.
Etterord
Tordis døydde på Husnestunet 26. november 2018, 98 år gammal og gravlagd frå Ænes kyrkje 30. november.
«Takk for all kjærleik og omsut», skreiv familien i dødsannonsa.
Denne teksten er henta frå boka Godt vaksen – kvinnheringar fortel og reflekterer over livet. Boka kom i 2015 og har vore utseld sidan dess. No publiserer vi innhaldet frå boka. Du kan lesa alle tekstane på Skimtvis.no etter kvart som dei vert publiserte.
Om du vil, kan du støtta Skimtvis ved å kjøpa e-boka, der alle tekstar og bilete er samla. Boka kostar 100 kroner, og vert levert som ein PDF med 202 sider.