Godt vaksen: Reidar Hjelmeland
Treskjeraren ser både framover og tilbake
Etter eit langt og godt liv, så å seia fri for sjukdomar, flytta 95-åringen Reidar Hjelmeland frå Herøysund til Halsnøytunet tidleg i 2015. Kona, Birgit (88) bur framleis heime. Det er best slik når åra renn på og helsa sviktar. Den gamle treskjeraren har fått plass på demensavdelinga, og vi forstår etter kvart under samtalen med han at ein del er forsvunne frå minnet. Men Reidar er ikkje borte vekk; og han kan enno fortelja. Dessutan høyrer og ser han uvanleg godt til å vera så langt oppi åra.
– Jau, eg har hatt eit godt liv og har ikkje noko å klaga over. Ikkje har eg vore alvorleg sjuk og aldri har eg vore på sjukehus, bortsett frå den eine gongen då eg fekk sett inn pacemaker, oppsummerer Reidar. Det korte sjukehusopphaldet før jul i 2014 hugsar han i alle fall godt der han sit på Halsnøytunet og ser ut over båthamna på Sæbøvik. Dagen før var han til Stord på kontroll, og alt såg bra ut.
– Dei sa at eg kunne koma igjen om ti år, ler han. Batteriet ville visst halda så lenge.
Reidar vart fødd i Bringedalsbygda i 1920, der mora hans kom frå. Faren var frå Omvikdalen. Dei to fekk seks barn og no er det berre Reidar igjen. Han minnest ein hard oppvekst, med lite arbeid og dårleg økonomi for folk flest. Ungane hadde heller ikkje så mykje å ta seg til på den tida, bortsett frå sju års skulegang. Noko organisert ungdomsarbeid var det ikkje snakk om.
Eit hardt liv
Det var eit grueleg hardt liv den gongen, spesielt for familiar med mange barn, fortel Reidar. Oppi ti ungar og kanskje meir var ikkje uvanleg då han voks opp. Pengar fanst det derimot lite av. Faren hans dreiv blant anna med bygningsarbeid og hadde ei timeløn på 24 øre i ein periode. Det var ikkje stort å leva av. Då var det godt å ha båt og kunna fiska litt på fritida for å skaffa mat til ein stor familie. Reiskapen var line, for ingen hadde råd til å kjøpa garn. Bøndene hadde det betre, dei hadde i det minste mat til seg og sine.
– Eg håpar etterkomarane våre aldri får oppleva noko tilsvarande, seier Reidar ettertenksamt.
Han var ferdig med sju års skulegang i 1934, men var for ung til å byrja på sildoljefabrikken, den einaste store arbeidsplassen i bygda. Så når det heller ikkje vart meir skule begynte han så smått med det som seinare i livet skulle bli både hobby og yrke; han lærte seg treskjering.
Reidar byrja på verkstaden til faren heime i kjellaren og fekk tak i billeg trevyrke. Det laga han både jojo-ar, eit populært leikety på den tida, og kjøkenkrakkar av. Men i dei harde trettiåra var det få som kunne betala skikkeleg for seg, så det blei mykje gratisarbeid for ungguten dei første åra.
Treskjering har vore den store hobbyen for Reidar, noko rommet hans på Halsnøytunet også ber preg av.
Krigen
Om noko i dag er vekke frå Reidar Hjelmeland sitt minne, har i alle fall krigsåra 1940–1945 brent seg fast. Han karakteriserer desse åra som ei svært skummel og tung tid, spesielt den dagen tyskarane kom og la seg til ved kaien i Herøysundet, utan noko forvarsel. Heile bygda vart oppskaka, og få visste at det var krig på gang.
Etter det Reidar kan hugsa, låg ein tysk vaktbåt ved kai i bygda like til krigen var slutt. Om kveldane kunne det ofte vera song og spetakkel både om bord og i eit gammalt sjøhus soldatane heldt festar i. Men i snikkarverkstaden gjekk arbeidet nokolunde som normalt under heile krigen. Både faren og fleire av brørne til Reidar var sysselsette der.
I krigsåra reiste han til Sand i Ryfylke for å læra meir om treskjering. I sine yrkesaktive år heldt han òg kurs i regi av Kvinnherad Friundervising for dei som ville læra seg faget.
Tidleg på 1950-talet gjekk han eit vinterkurs ved Sunnhordland småbruksskule på Halsnøy og prøvde seg seinare som gardbrukar i Omvikdalen. Men det var ikkje noko å satsa på fann han snart ut, og Reidar gav seg etter berre to år som bonde. Han selde garden igjen og flytte tilbake til barndomens dal, der han hadde truffe tysnesjenta Birgitte. Dei gifte seg og fekk etter kvart fem barn; fire gutar og ei jente.
Treskjering har vore den store hobbyen for Reidar, noko rommet hans på Halsnøytunet også ber preg av.
Industriarbeidar
Seinare i livet fekk Reidar jobb ved aluminiumverket på Husnes, i støyperiet si vedlikehaldsavdeling, der han arbeidde til han gjekk av som afp-pensjonist, 62 år gammal. Han hadde ei fin tid ved søral, fortel 95-åringen.
– Du har hatt eit godt og variert liv, forstår vi?
– Ja, det skal eg seia deg, farr, eg har ingen ting å klaga over. Eg har òg hatt mange gode vener på reisa gjennom livet. Og aldri noko spetakkel, etter det eg kan hugsa, korkje innan familien eller med vener og naboar. Nei, det kunne ikkje ha vore betre. Det er fint å ha kome så langt og vita at ein ikkje har uvener.
– Tenkjer du ofte på at du er 95 år og kanskje ikkje har så mange åra igjen?
– Berre av og til, men eg går ikkje rundt og tenkjer på slutten kvar dag. Det går ikkje an. Men eg er med på noko kristelege greier her på heimen, song og slikt, og då kan det koma over meg at eg ikkje har så mange år igjen av livet.
– Trur du på ein gud?
– Tja, eg veit ikkje. Men det slår meg stundom at det må vera noko mellom oss og himmelen, langt der ute. Jorda har vel ikkje blitt til heilt av seg sjølv? Nokon må ha skapt det vi har rundt oss; fjella og sjøen og alt det fine vi kan sjå med våre eigne auge. Eg har i alle fall tru på ei høgare makt.
– Og at vi får eit liv etter tida vår her på jorda?
– Ja, det trur eg på. Det er med meg, som med mange andre, når vi blir eldre og meir vaksne er det naturleg å tenkja meir på slikt enn det vi gjorde før.
Reidar er lett på foten og kjem seg lett over golvet på Halsnøytunet med gåstolen sin.
Aldersheimen
– Korleis er det å vera på aldersheim, då?
– Veldig bra, kan eg helsa, men her skulle vore ein snikkarverkstad og litt meir aktivitet, trim til dømes. Men eg får god mat og godt stell. Du skulle foresten sett kor mykje kvinnfolka som er her et til kvart måltid.
– Dei kvinnelege bebuarane, meiner du?
– Nei, dei som jobbar her, det er aldeles heise kor dei legg innpå. No har eg forresten sagt ifrå om at eg snart stikk herifrå. Eg har ikkje skrive kontrakt med nokon og vil tilbake til Herøysund. Der har eg kona og heimen vår.
Men det ønskjet får Reidar Hjelmeland neppe oppfylt, om han aldri så mykje høyrer og ser godt, og endåtil svingar seg lett over golvet på aldersheimen med gåstolen sin. For når ein nærmar seg hundre år må ein rekna med at ikkje alt fungerer like bra som før. Då er det best for alle partar å få bu i meir trygge omgjevnader, slik det til dømes er ved demensavdelinga på Halsnøytunet.
– Eg har fått brukt hendene og hovudet heile vegen, og livet kunne ikkje ha vore betre, gjentek Reidar då vi seier farvel. Alt er all right, legg han til. Bortsett frå at han saknar ein snikkarverkstad der han kunne drive med litt treskjering no og då. Og kona, sjølvsagt.
Vi ser det på han, lysta til å gjera noko med hendene har enno ikkje sleppt taket i 95-åringen. Han fortel levande om både reiskapane og teknikken han brukte for at resultatet skulle bli bra medan han var aktiv treskjerar. Fine gjenstandar rundt om i rommet hans på Halsnøytunet fortel om ein mann som kunne faget sitt.
Reidar er lett på foten og kjem seg lett over golvet på Halsnøytunet med gåstolen sin.
Minnemedalje
Reidar Hjelmeland er einaste attlevande av dei som vart kommanderte av lensmannen i Kvinnherad til å halda vakt på kaien og ved telegrafstasjonen i Herøysundet medan Hardanger Sjøforsvarsavsnitt opererte frå Uskedalen, frå 10. til 20. april 1940. Han var like i nærleiken då kanonbåten «Stegg» vart seinka.
I sommar blei han tildelt regjeringa sin minnemedalje etter desse hendingane, saman med 13 andre kvinnheringar.
Denne teksten er henta frå boka Godt vaksen – kvinnheringar fortel og reflekterer over livet. Boka kom i 2015 og har vore utseld sidan dess. No publiserer vi innhaldet frå boka. Du kan lesa alle tekstane på Skimtvis.no etter kvart som dei vert publiserte.
Om du vil, kan du støtta Skimtvis ved å kjøpa e-boka, der alle tekstar og bilete er samla. Boka kostar 9 euro (om lag 105 kroner), og vert levert som ein PDF med 202 sider.