Godt vaksen: Solveig Heimvik

Trist og vemodig å flytta frå Utåker

Ikkje alle eldre får bu heime til sin døyande dag. Nokon endar sine dagar på sjukehus, medan andre lever dei siste åra sine stille og roleg på ein institusjon. Når helsa sviktar har dei ofte ikkje noko anna val. I Kvinnherad bur mange eldre på sjukeheimane i Rosendal, på Husnes eller på Halsnøy. I Ølve og på Varaldsøy finst det liknande tilbod.

Andre derimot, som er friske nok til å greia seg sjølve ei stund til, flyttar gjerne til mindre og lettstelte bustader i meir sentrale strok. Der ser det ut til å vera lettare å få hjelp frå det offentlege når det røyner på. Berre frå den vesle bygda Utåker har minst fem eldre flytta frå heimane sine og etablert seg på nytt i leiligheter sentralt på Husnes siste åra.

Solveig Heimvik (93) er ei av dei som har følgt denne utviklinga. Ho flytta seinhaustes 2014 til kommunalt husvære i Kvadraten, og seier ho i dag bur ideelt til. At ho har medverka til at folketalet på Utåker har minka, tenkjer ho ikkje så mykje på.

– Det var ein trist og vemodig dag då eg flytta, seier Solveig ettertenksamt. Men eg hadde god hjelp og det gjekk fort for seg. Ho kjenner enno på lengselen etter huset sitt og hagen med alle blomane, og viser oss eit vakkert bilete på veggen som fortel kva ho snakkar om. Er det løye at eg lengtar tilbake, spør ho?

Men når ein blir gammal og etter kvart kanskje òg skrøpeleg både fysisk og på andre måtar, må ein berre godta at det må vera slik, meiner Solveig.

Solveig i den vesle leiligheten sin, lengtande attende til barndomsheimen på Utåker, som vi ser bilete av på veggen.

Meir sosialt liv

Eit av godene med å bu sentralt på Husnes er at ho ser meir folk her enn ho gjorde på Utåker. Ho får òg meir besøk, og kjenner seg ikkje einsam på noko vis i den nye heimen sin. Kort veg til butikken har ho òg, det er berre å ta heisen ein etasje ned. Alt dette veg opp for lengselen attende til barndommens dal.

– Eldre menneske som er i stand til det, må sjølve gjera noko for å trivast i kvardagen, enten ein no bur heime eller flyttar på seg, seier 93-åringen. Så sant helsa er nokolunde tilfredsstillande, er det viktig å ikkje setja seg ned og stura. Ein må vera aktiv og koma seg ut om ein kan.

Då vi kjem på besøk denne januardagen kjem Solveig nett frå styrketreninga som Frivilligsentralen driv i kulturhuset på Husnes.

– Eg er sikkert den eldste deltakaren der, seier ho med glimt i auga og aldri så lite stolt over at ho i sin alder kan gå på trim kvar tysdag. Den sosiale delen av det er også heilt uvurderleg.

Bordet i den vesle leiligheten i Kvadraten er dekka med rosemåla kaffiservise og fat med lefser og mjelkekaker på fint brodert duk. Praten kjem i gang nesten før vi får sett oss.

Evig liv

Ho er lett å prata med, Solveig Heimvik, med eit godt og klart minne om barne- og ungdomsåra på Utåker. Det evige livet opptek henne òg, skjønar vi, men det er ikkje tema i dag. Slutten får koma når han kjem.

– Eg kjem ikkje på at eg er så gammal som eg faktisk er, og tenkjer eigentleg ikkje så mykje på at dette livet ein gong tar slutt – kanskje før du veit ordet av det. Ein får gjera det beste ut av situasjonen slik han er til ei kvar tid.

Men på søndagsskulen var dei opptekne av det evige livet, skal eg fortelja deg. Der vart det alltid sagt då vi skulle gå heim at vi måtte hugsa å be om at plassen vår i Himmelen ikkje måtte bli ståande tom når den dagen kom. Det var ikkje så lett for eit lite barn å forstå slikt snakk. Eg blei nok lei av å sitja i ro på benken i søndagsskulestova i ein heil time kvar helg og høyra om evigheten, og om det som skulle koma. Det var viktigare for oss å koma ut å leika.

– Ser du helst bakover no?

– Å, ja, det blir nok ein del mimring. Du veit, i min alder er det ikkje så mykje å sjå fram til i dette livet, seier Solveig og sender oss eit varmt smil. No må de eta karar, legg ho til og hentar meir kaffi.

Barne- og ungdomsåra

Det var godt å veksa opp på Utåker i 1920- og 30-åra, sjølv om der ikkje var elektrisitet og maten måtte kokast på vedfyrte omnar, minnest Solveig. Smått med pengar var det òg. Men det var ikkje så stor skilnad på folk den gongen, og ikkje var det noko som heitte mobbing blant ungane på skulen heller. Heime hadde vi alltid nok mat og eg kan ikkje hugsa at vi nokon gong måtte leggja oss svoltne.

På skulen gjekk elevane frå 1. til 3. trinnet i ein felles klasse tre dagar i veka, medrekna laurdagen, medan 4. til 7. trinnet gjekk i ein klasse for seg, alle med stor respekt for læraren, Magnus Heimvik. Det var ei kjekk tid, forstår vi, der borna fann på det meste utanom skulestova på eige initiativ. Noko særleg organisert lagsliv og ungdomsarbeid utanom søndagsskulen og ein misjonsforening, var det lite av i oppveksten.

Solveig voks opp med foreldre, to søstre og ein bror. Faren var snikkar og var mykje ute på ulike oppdrag, husbyggjing og slikt. Mora tok seg av det meste heime og stelte dyra; to kyr, nokre sauer og ein gris på det vesle småbruket på Storhaug. Solveig minnest enno med glede då dei gjekk til fjells med sauene kvar vår, og turane om hausten for å henta dyra heim att. Epletrea på småbruket skulle òg haustast på denne tida.

Ut for å tena

Åra gjekk, og som det ofte var på denne tida, måtte Solveig òg ut for å tena pengar i ung alder. Ho fekk blant anna prøva seg på Bjellandsfabrikken på Sunde, men det skulle bli ei heller kortvarig affære. Etter berre ei veke med sildalukt og akkordarbeid orka ho ikkje meir, og sa takk for seg.

Seinare, det må ha vore etter konfirmasjonen i 1937, fekk ho huspost hjå ein familie på Kaldestad. Ungjenta frå Utåker kunne både mjølka og laga mat, det hadde ho lært av mor si. Men det var verre med heimlengselen, den verkte langt inn i sjela på den unge jenta. Sommaren etter trekte ho heimover igjen, no til huspost på Ølfarnes.

Men trass i den sterke lengselen etter foreldra, søskena og heimen på Storhaug, hadde Solveig òg utferdstrang som så mange andre ungdommar både før og no. Ho ville ut for å oppleva noko, ei anna og meir spennande verd. Dermed reiste ho og eine søstera til Stavanger, der dei hadde fått seg jobb på Waisenhuset, ein heim for foreldrelause barn. Der vart dei i fire år, og hadde ei travel, men fin tid.

Solveig minnest enno kveldsmaten dei laga til borna; steikt kålrabi. Det gjekk mykje på det, etter som det ikkje fanst så mykje anna å tilbereda.

I dei seinare åra er det kome fram mykje negativt om forholda på Waisenhuset; om svikt i tilsynet, overgrep og psykisk og fysisk mishandling. Men Solveig Heimvik har helst berre gode minne derifrå. Dei fleste ungane var kjekke, og mange var også flinke til å syngja, hugsar ho.

Stavanger

Solveig var blitt vaksen og ho fekk seg arbeid på eit lite hotell i Stavanger, ein post ho heldt på i 11 år. Men då var det òg slutt på arbeidslivet langt vekke frå familien heime på Utåker.

– Kva har livet gitt deg, og kva ville du gjort annleis om du var ung i dag?

– Eg har levd eit rikt liv, har opplevt mykje kjekt og godt, og kan ikkje klaga. Har eigentleg ikkje sakna noko.

– Ikkje ein mann ein gong?

– Ektemann, meiner du. Å, nei, om eg hadde vilja gifta meg, så kunne eg vel saktens ha gjort det medan eg var yngre. Men slik vart det berre ikkje, så eg har levd åleine heile livet. Likevel har eg aldri følt meg einsam, eg trivst faktisk godt i eige selskap.

– Og om du fekk leva ein gong til?

– Ja, då ville eg ha gått meir på skule, skaffa meg meir kunnskap og lært fleire språk. Og så måtte eg ha teke i bruk pc og internett. I dag angrar eg på at eg ikkje lærte meg det nye verktyet før eg vart for gammal. Det hadde nok stetta behovet mitt etter meir skriftleg kunnskap, vil eg tru.

Dessutan ville eg ha reist meir, først og fremst i Norge, men òg i Danmark og Sverige. Til Nordkapp kunne eg forresten tenkt meg å ha vore ein gong til, det var ei flott oppleving den gongen eg var der.

Hobbykunstnar

Solveig skifter tema og viser oss ei anna side frå livet sitt; porselensmåling og biletmåling, to hobbyar som har gitt henne mykje glede opp gjennom åra. Medan ho var yngre gjekk ho på kurs og lærte seg kunsten å måla på porselen. I det fine kråskapet hennar står det både rosemåla kaffiservise og middagsservise. Noko av det har endåtil vore på utstilling. På veggen heng eit fint sjølvlaga måleri.

God helse er viktig, spesielt når ein kjem langt opp i åra, noko Solveig har vore velsigna med. Kanskje står Vårherre bak? Han er i alle fall med henne kvar dag, og ho ville ikkje ha greidd seg åleine. Det er ho sikker på, fast i trua, som ho er. At ryggen sviktar og høyrselen er sterkt redusert, skuldar ho ikkje på Han som styrer.

Men sjølv om Solveig er på go’fot med ei høgare makt og er sikker på at ho får det minst like godt når livet her på jorda ein gong tar slutt, og ho reiser inn i evigheten, er det ikkje slik at ho går og tenkjer på dette heile tida. I alle fall ikkje på døden, den kjem når han kjem, og vi må ikkje syta for mykje over morgondagen.

Likevel, Solveig Heimvik lever kvar dag som om det skulle vera den siste. På den måten er ho betre budd til å fara herifrå – når tida hennar kjem.

Har flytta for siste gang

Frå stoveglaset i den vesle leiligheten på Kvadraten ser ho rett inn i veggen på storsenteret. Det er ho mindre glad for, men meir flytting her på jorda kjem likevel ikkje på tale no. For denne buforma er då langt betre enn på ein sjukeheim, seier Solveig.

– Eg bur heilt ideelt, og kan nesten ikkje ha det betre enn eg har det no, seier 93-åringen. Men lengten til huset og hagen sin med dei fine blomane på Utåker legg ho ikkje skjul på då vi takkar for god prat og god servering.

På veg ut legg vi merke til eit lite vers av forfattaren Maria Fontaine på veggen:


«Legg fortiden bak deg,

den er død og borte.

Lev for framtiden, den er levende

og full av muligheter».

Rullatorar og batteridrivne køyrety i korridoren på Kvadraten fortel om at her bur mange eldre.

Etterord

Solveig Heimvik døydde brått tysdag 5. mai 2015. Ho forlet denne verda åleine i leiligheten sin på Husnes.

– Døden kjem når han kjem, og vi må ikkje syta for mykje over morgondagen, sa Solveig då vi intervjua henne. Men likevel, ho levde kvar dag som om det skulle vera den siste. På den måten var ho betre budd til å fara herifrå – når tida kom.

No var tida hennar komen. Solveig vart gravlagt frå Holmedal kyrkje tysdag 12. mai 2015.


Denne teksten er henta frå boka Godt vaksen – kvinnheringar fortel og reflekterer over livet. Boka kom i 2015 og har vore utseld sidan dess. No publiserer vi innhaldet frå boka. Du kan lesa alle tekstane på ​Skimtvis.no etter kvart som dei vert publiserte.

Om du vil, kan du støtta Skimtvis ved å kjøpa e-boka, der alle tekstar og bilete er samla. Boka kostar 9 euro (om lag 105 kroner), og vert levert som ein PDF med 202 sider.

Kjøp Godt vaksen som e-bok

Neste
Neste

Godt vaksen: Alt liv er verdt å leva