Kurshelg om levd liv i Sunnhordland
Den ideelle organisasjonen for munnleg historie, Memoar og Sunnhordland museum inviterar til kurs og arbeidsdagar med intervjuopptak i slutten av august. Målsetjinga er å etablera eit samarbeid mellom muséet og frivillege om dokumentasjon, bevaring og formidling av dei minneopptaka Memoar har gjort så langt.
Ei anna målsetjing med samlinga på Stord er å gjera museumstilsette og frivillege i stand til å gjennomføra liknande intervju og opptak i framtida.
– Alle interesserte er velkomne til å delta og til å føreslå personar som bør intervjuast, seier leiar Bjørn Enes i Memoar. Detaljane i programmet vil bli tilpassa deltakarane, legg han til.
Ein førebels plan for kurshelga ser slik ut:
• Torsdag 29.08: Intervjuopptak.
• Fredag 30.08: Dagskurs om munnleg historie
• Laurdag 31.08: Intervjuopptak.
Memoar prioriterer personar som er primærkjelder til historiske prosessar om industri og næringsliv, sjøfart og offshore, fiske og landbruk, kultur- og organisasjonsliv, lokal tradisjon og barne-/ungdomskultur.
– Vi er også opne for andre gode forslag, seier Bjørn Enes.
Du kan senda idear til bjorn@memoar.no eller ot@sunnhordland.museum.no
MEMOAR har til føremål å fremja ein kultur for å ta vare på og dela munnlege forteljingar om levd liv. Organisasjonen blei stifta i Bergen i 2015, og har sidan starten vore initiativtakar og deltakar i intervjuprosjekt over heile landet, der føremålet har vore å samla inn munnleg kjeldemateriale, levera det til offentleg arkiv og gjera det tilgjengeleg på internett.