Godt håp for eit seniorsenter på Husnes

Otto Blokhus, Aud Sigrun Fausk og Roald Teigen i Frivilligsentralen si seniorgruppe gler seg over at arbeidet no ser ut til å vera inne på eit godt spor.

Planane om bygging av eit seniorsenter sentralt på Husnes blir meir og meir konkretisert. Arbeidsgruppa har sett på fleire høvelege tomter og har engasjert arkitekt til forprosjektet. Ei raus gåve frå SpareBank1-stiftinga Kvinnherad har gjort dette mogleg. Dessutan har fleire større entreprenørselskap vist interesse for prosjektet.

Neste mål er å få kommunen med på laget, noko arbeidsgruppa har god grunn til å tru vil skje. Både frå politisk og administrativt hald er det kome positive signal om dette, og måndag vart planane presenterte for kommuneleiinga.

OrdKristian Hus