Godt vaksen 10 år

I 2015 kunne vi lesa boka om livet til 12 kvinnheringar, alle over 90 år. Vi fekk innblikk i kva kår dei vaks opp under, korleis ungdomstida deira var, kva dei gjorde i vaksenlivet og korleis dei levde i alderdomen sin.

Det var eit vitnesbyrd om endringar i samfunn, kultur og natur. Om lærdom etter eit langt liv. Om vonde minne og om lukkelege tider som hadde vore. Og om dagen i dag, som var både meiningsfull og tilbakeskodande.

Boka heitte Godt vaksen – kvinnheringar fortel og reflekterer over livet.

Alle dei 12 som vart intervjua i boka er no døde.

​Over andre boksider gav tre ulike skribentar oss også sine perspektiv på det å bli eldre.

​Dette var det første bokprosjektet som far Kristian og son Kristen arbeidde med saman. Kristian intervjua og skreiv, Kristen fotograferte og designa. Saman gav dei ut boka på eige forlag.

​Boka vart trykt i 600 eksemplar, utgjeven på hausten – og vart utseld til jul same året.

​Ja, vi burde ha trykt opp fleire.

​Det var mange som ville lesa boka som ikkje fekk tak i ho, og kvart einaste år seinare har folk kontakta oss og spurt kor dei kan få tak i boka.

​Vi har ikkje vilja ta kostnaden med å trykkja fleire bøker, men har kjent at vi gjerne skulle ha gjeve fleire sjansen til å lesa om og sjå desse godt vaksne menneska.

​No som boka har blitt ti år, vil vi difor publisera sakene frå bestseljaren Godt vaksen på Skimtvis.no og i nyhendebrevet. Heilt utan kostnad for deg som lesar.

​Du kan også velja å støtta Skimtvis ved å kjøpa e-boka. Då får du lesa alle sakene samla i ein PDF, som du kan bla i på nettbrett, datamaskin eller telefon. Du kan kjøpa e-boka allereie no ved å klikka her:

Men alle kapitla frå boka vert publiserte på nett, gratis, eitt kapittel i veka fram til jol.

​Denne veka byrjar vi med føreordet – som kjem som eit eige innlegg.

​Vi vonar at tekstane frå Godt vaksen kan gle nye og gamle lesarar, og gje nokre tankar om det å veksa opp i ei anna tid, og om korleis vi ynskjer å leva våre eigne liv.

​God lesnad!

Med beste helsing
Kristian og Kristen Børje

P.S:

​Om du eller nokon du kjenner vil få desse tekstane rett i innboksen din, kan du leggja frå deg e-post-adressa di her: https://skimtvis.no/skimt-nyhendebrev.

Kristian i samtale med Bjørg Hellesøy i 2015. Foto. Kristen

Neste
Neste

Alle anekdotar om Dokter Haugen er publiserte