Bernt Kaldestad

Ikkje gammal – berre eldre

Bernt Kaldestad (fødd 1922) ønskjer å bu i heimen sin livet ut. Å flytta til ein annan stad vil han absolutt ikkje, i alle fall ikkje så lenge han er så sprek som no. Dessutan vil han ikkje høyra snakk om at han er ein gammal mann.

– Eg er berre blitt noko eldre, slår han fast med fynd når vi besøkjer han i huset han sjølv bygde i 1950, året før han gifte seg med Sigma. Bortsett frå litt plager etter eit lårbeinsbrot, er 93-åringen frisk og rask både i kropp og sjel. Å flytta frå heimen sin på Kaldestad er ikkje tema. Ikkje tenkjer han så mykje på det som ein gong skal koma heller, sjølv om tanken av og til streifar han.

– Nei, eg er nok blant dei som skyv slutten framfor seg lengst mogleg, seier Bernt ettertenksamt. Men det slår han av og til at vi kanskje har ei udødeleg sjel. Han er i det minste overtydd om at det finst meir mellom himmel og jord enn det vi er i stand til å forstå. Men om vi får eit liv ein annan stad eller i eit anna univers når det er slutt her på jorda, er 93-åringen heller tvilande til.

– Vi veit heldigvis ikkje kva som skal koma, og ikkje vil eg tenkja så mykje på det heller, seier Bernt. Han er meir oppteken av livet som det er her på jorda og prøver å gjera det beste utifrå situasjonen som han er i dag. Å gå rundt og grubla over slike vanskelege spørsmål fører ikkje noko positivt med seg, meiner han. Kven skulle vi forresten få eit påliteleg svar frå? undrast han.

Einaste Bernt har gjort med tanke på at han ein gong skal fara herifrå, er å dela det han eigde av gard og grunn mellom dei tre borna sine.

– Eg ville ikkje at det skulle bli nokon krangel mellom dei etter meg, så eg har gjort mitt i så måte.

Små kår på Kaldestad

Bernt voks opp i små kår i lag med foreldre og seks søsken på eit lite småbruk. Mora kom frå Hatlestrand, medan faren dreiv småbruk på Kaldestad. Faren reiste òg ein del til sjøs som maskinist for å skaffa pengar til familien utover den vesle utkoma frå småbruket.

– Eg har stort sett berre gode minne frå barndommen min, trass i dei tronge tidene vi levde i den gongen, seier Bernt. Men noko særleg lagsliv utanom ungdomslaget fanst ikkje i den vesle krinsen mellom Husnes og Sunde.

Ungane gjekk på gamle Undarheim skule annakvar dag, minnest han. Seinare gjekk han på yrkesskulen i to år og der lærte han seg treskjering, eit handverk som gjennom heile livet har vore både ein hobby og eit yrke. Etter krigen var han både møbelsnikkar og bygningsarbeidar i mange år før han fekk seg jobb på Valen sjukehus.

I ungdommen arbeidde Bernt på hermetikkfabrikken på Sunde og var også med på brislingfiske i ein sesong. Han var kokk for 12 mann om bord, berre vel 17 år gammal. Det var litt av ei oppleving, forstår vi, med heller lite fiske og lite pengar. Likevel levde mannskapet godt på maten som den unge guten frå Kaldestad serverte. Han høyrde i alle fall aldri nokon som klaga.

Aprildagane i 1940

Bernt tar oss med attende til aprildagane i 1940 då det kom til kamp mellom tyskarane og norske styrkar ved Ånuglo i Husnesfjorden. Frå Kaldestad kunne dei følgja situasjonen så å seia på nært hald då mineleggjaren «Tyr» vart torpedert. Det var dramatisk for ein 18-åring å vera vitne til. Natta før hadde han site oppe og sydd solar under støvlane til søskenbarnet sitt, som var innkalla til militærteneste på Voss.

– Du veit, den gongen måtte vi læra oss å reparera skoa våre sjølve, seier Bernt.

Etter som han sjølv var berre 18 år gammal då krigen braut ut, vart han i første omgang ikkje innkalla til militærteneste. Men to år seinare kom ordren frå den tyske okkupasjonsmakta om at han hadde å møta på arbeidsleir i Skjold utanfor Haugesund. Der var det helst vanleg gardsarbeid som føregjekk; dyrking av jord, grøftegraving og anna. Men det vart òg drive ein del militær eksersis innimellom.

– Vi marsjerte med spadar på aksla, som om det var gevær vi bar på, minnest Bernt. Sjølv er han overtydd om at nazistane hadde ein plan om å senda ungdommane frå arbeidsleiren til austfronten for å delta i krigen mot russarane. Slik vart det heldigvis ikkje.

 

Arkivet til himmels

Etter tre månader i arbeidsleiren kom Bernt heim att og såg for seg at det etter ei tid ville koma ordre frå tyskarane om å reisa ut i krigen. Men det skjedde ikkje, noko han i dag takkar motstandsmannen Gunnar Sønsteby (1918–2012), Max Manus og dei andre i sabotasjegruppa Oslogjengen for. I ein av dei mange aksjonane dei gjennomførde under krigen vart kontoret til den nazistyrde Arbeidsmobiliseringa i Oslo og arkivet med namna på tusenvis av norske menn, sprengt i lufta.

Under krigen var forresten Bernt òg med på å «lura» tyskarane på ein måte, saman med mange andre songarar i heile distriktet. Han var 1. tenor i Husnes mannskor og gjekk fast på øvingane. Men noko stemne ville ikkje okkupantane ha noko av, det var forbode. 

– Men vi lurde oss til og reiste på songarstemne kvar sommar likevel, fortel førstetenoren. I heile 70 år var han aktiv i mannskoret.

Då krigen var slutt og gjenreisinga av landet var i full gang, var Bernt komen i den alderen at det var tid for å tenkja på å stifta eigen familie. Men først måtte han skaffa tak over hovudet til seg og kona, etter som det var lite hus til leige den gongen. Tømmeret henta han frå faren sin skog i Kaldestadåsen og grov ut tomta med handamakt. Då hadde han samtidig teke opp eit lån på 10 000 kroner.

Stifta familie

I 1950 stod huset ferdig og året etter gifte Bernt seg med kjærasten sin, Sigma, i Husnes kyrkje. Dei fekk nærpå 50 år saman før ho døydde i 2001. Dei fekk tre barn; to gutar og ei jente.

I 1955, då Bernt var 33 år gammal søkte han sommarjobb ved Valen sjukehus – og vart tilsett. Her vart han også verande i heile 32 år, først med ansvar for eigedomane ved sjukehuset og seinare som pleiar. På den tida kunne det vera rundt 500 psykiatriske pasientar der.

Etter alle åra på Valen sa Bernt takk for seg i 1987. Då var han «berre» 65 år gammal. Det var ikkje aktuelt å fortsetja i fast arbeid, til det hadde han så alt for mykje anna å gjera på heimebane. Å sitja stille etter så mange år i arbeidslivet, låg dessutan ikkje for han. 

Bernt har vore heilt bevisst på at aktivitet er viktig når ein er vorten pensjonist. Så tru berre ikkje at han har vore arbeidslaus sidan han slutta på Valen i 1987. Treskjering og mindre snikkararbeid, yrkesvalet som i ungdommen også vart ein hobby, har teke mykje av tida hans etter at han slutta som pleiar.

Politikk

I sitt lange liv har Bernt Kaldestad også delteke i politisk arbeid. Som 60-åring vart han innvalt i kommunestyret for Arbeidarpartiet, medan han representerte partiet i skulestyret i heile fire periodar. Der fekk han mellom anna vera med å vedta bygginga av fleire nye skular i Kvinnherad. Det står i sterk kontrast til den diskusjonen som føregår i dag.

– I dag ser det nesten ut til at skuleungane er blitt ein belastning for mange politikarar, seier Bernt, og tenkjer på dei evigvarande debattane om å leggja ned skular. Dei veit ikkje kva dei held på med, seier 93-åringen og kastar seg dermed inn i skuledebatten.

Eg trudde lenge at det berre var oss eldre som var blitt ein belastning for enkelte kommunepolitikarar, men no ser det sanneleg ut for at mange skuleelevar lir same skjebne. Vi må sjå til å få begravd dette sentraliseringsspøkelset her i kommunen, og halda på dei skulane vi har. 

Det er så mykje snakk om at ungdommane må flytta heim igjen i dag, men kva skal dei flytta heim til? spør Bernt. Han gjev sjølv svaret; bygdekrangel! 

– Nei, politikarane må ta til vit, seier den tidlegare Ap-representanten.

 

Middag til eldre

Bernt tar òg eit oppgjer med dei som «fann på» at kommunen skulle kjøpa middag til sjukeheimane frå Bergen. Det er heilt ut på viddene, seier 93-åringen. Han tykkjer dei som var med på dette vedtaket, langt på veg bretta ut sin eigen toskeskap når dei kunne vedta noko slikt. Det vitnar i alle fall om dårleg reknekunst, forutan at dei tok noko svært viktig ifrå dei eldre.

– Du er engasjert i politikk enno, forstår vi?

– Ja, du veit, så lenge eg kan lesa aviser og høyra kva som blir sagt i radio og i fjernsynet, så held eg meg oppdatert om det som skjer både ute og her lokalt. Eg kan jo ikkje berre sitja her i stova og snakka med meg sjølv heile tida, skrattar Bernt.

– Gjer du det?

– Å, ja, det hender nok. Når ein blir åleine må ein læra seg til det, elles blir det einsamt. Det er tøft nok å mista ektemaken sin når ein har vore gift i 50 år, skal eg fortelja deg. Sigma døydde av kreft i 2001, og eg saknar henne kvar dag. Men slik er livet, ikkje noko varer evig.

– Ja, slik er det, og du trur ikkje på eit liv etter døden?

– Nei, som sagt går eg ikkje rundt og tenkjer så mykje på akkurat det. Men eg har sansen for statskyrkja og det ho står for. Noko bedehusmenneske er eg derimot ikkje. Kva er det forresten å vera personleg kristen? Eg kjenner folk som definerer seg som kristne og som nærast unngår å helsa når dei møter eit alminneleg menneske som meg. Det er akkurat som dei held seg for gode til det. Og eg som har trudd at kristendom også handlar om å vera inkluderande, slik Jesus var!

Aktivt liv

– Du har hatt eit langt og aktivt liv, kva står du att med?

– Mitt motto har vore å gjera så godt ein kan og vera aktiv så lenge som mogleg. Å gå og grubla for mykje på slutten og det som eventuelt skal koma etter det, fører ikkje noko positivt med seg, seier Bernt Kaldestad.

– Saknar du noko?

– Kona sjølvsagt! Men det går godt an å vera åleine òg, berre ein kan innordna seg. Eg meiner det er mykje opp til kvar og ein. Dei som har laga seg store forventningar til pensjonistlivet eller sit seg ned utan å vera aktive, blir ofte skuffa.

– Kunne du tenkt deg å budd på ein aldersheim?

– Absolutt ikkje! Eg likar meg godt i mitt eige selskap og finn alltid på noko å gjera på, entan innan treskjering eller anna handverksarbeid. Og så har eg fem sauer og ein vér som skal stellast to gonger for dagen heile vinteren.

Sjølv om Bernt gjekk av med pensjon frå Valen sjukehus som 65-åring, rekna han seg som yrkesaktiv heilt til han datt på kaien og braut lårhalsen i november 2014. Det sette han litt ut av spel, men berre for ei tid.

Etter operasjonen på Stord vart han sendt til Odda på rehabilitering i eit par veker. Einaste Bernt vil seia om den tida, er at delar av helsevesenet har eit forbetringspotensiale, spesielt dei som organiserer transporten til og frå dei ulike institusjonane.

 

Industrireising

Gjennom sitt lange liv fekk Bernt Kaldestad også oppleva oppbygginga av industrien på Husnes, og sjå korleis bygda endra seg frå eit lite bondesamfunn til ein livskraftig industristad med mange nye arbeidsplassar.

– Store omveltningar, ja, men kjærkomne arbeidsplassar, oppsummerer Kaldestad det som skjedde då søral etablerte seg her. Han registrerer med glede den nye tida, at verda har gått framover og at folk har fått romslegare økonomi. Det står i sterk kontrast til situasjonen i 1920- og -30-åra då Bernt voks opp.

I dag angrar han berre på ein ting; at han ikkje lærte seg å handtera datamaskin og internett. Han har nok tapt ein del på det, innser Bernt. Men slikt småtteri går det ikkje an å gå og irritera seg over, meiner han. Det finst så mangt anna å gle seg over, sjølv langt opp i 90-åra.

*

Sluttskrift

Bernt Kaldestad bur i dag … etc.