Føreord
Godt vaksen er boka om 12 tilårskomne kvinnheringar, alle over 90 år. Dei fortel kvar sine interessante historiar om livet sitt, frå oppveksten i tjue- og trettiåra og fram til i dag når dei er komne på oppløpssida i livet. Det er først og fremst forteljingar om korleis det var å veksa opp, ofte under tronge økonomiske kår og åra dei har levd seinare, og litt om kva som eventuelt ventar oss etterpå når vi legg att augo for siste gang.
Idéen til boka voks fram då eg kom med i Eldrerådet i Kvinnherad, utan noko direkte tilknyting til dette vervet. Dessutan vart eg inspirert av Åshild Ulstrup si bok; «100 pluss – våre eldste forteller» (Dinamo forlag, 2005). Eg takkar henne for nyttige råd i startfasen av dette prosjektet.
Så langt eg veit, har det ikkje tidlegare vore laga ei bok om 90-åringar her i kommunen. I så fall var det på tide at denne aldersgruppa fekk koma til orde og fortelja sine historiar. For menneske som har levd så lenge sit inne med mykje kunnskap, erfaring og visdom etter sine lange liv, som eg meiner har vore viktig å få nedteikna. Når folk er vekke for godt, er det for seint å spørja seg korleis livet deira var.
Som pressemann møtte eg mange slags menneske på min veg. Møtet med dei tolv eldre i denne boka var likevel noko nytt, ja, ei ny og spennande oppleving kvar gong, som eg ikkje ville vore forutan. Samtalane med dei var så interessante at eg håpar boka kan vera til ettertanke også for andre, spesielt i høve til korleis deira generasjon måtte greia seg samanlikna med tida vi lever i.
Dei aller fleste som er skrivne om er menneske som ikkje har vore så mykje framme tidlegare. Dei har levd sine liv, ofte i det stille på kvar sin plass i samfunnet. Nokon er likevel meir kjende personar etter å ha gjort seg gjeldande i samfunnsliv og politikk i heimbygda.
Utvalet er nokså tilfeldig, og enno finst det mange vitale eldre rundt om i Kvinnherad, som kunne vore med i boka. Men eg har lagt vekt på å få ei så god geografisk spreiing som mogleg, frå små utkantbygder til meir sentrale strok.
Ikkje alle eldre får bu i sin eigen heim livet ut. Når åra kjem på og helsa kanskje sviktar, treng mange hjelp og pleie for å greia seg gjennom dagen. Då er ein offentleg sjukeheimsplass ofte einaste løysinga, så sant dagleg tilsyn frå heimesjukepleien ikkje er tilstrekkeleg. Men i denne boka kan du òg lesa om godt vaksne som er så pass friske og oppegåande at dei heller vil flytta til mindre leiligheter i sentrale strok, som alternativ til ein institusjonsplass. Der kjem dei i det minste nærare dei kommunale tenestene og får ofte også eit betre sosialt liv, med meir folk og røre omkring seg enn dei er vane med.
Solveig Heimvik frå Utåker tok dette valet og flytte til Husnes før jul i 2014. Men før boka var ferdig døydde ho brått, 93 år gammal. Vi snakka ope om at dersom noko slikt skulle skje, ville ho likevel koma med. «Å, ja, slikt har vi inga garanti for, så det er heilt i orden», sa Solveig. Ho var fast i trua på eit evig liv, men var likevel mest oppteken av dagen i dag. Dessutan meinte ho at eldre menneske ikkje må setja seg ned og stura, men vera aktive og koma seg ut, så sant ein kan. Det same seier fleire andre i denne boka.
Forutan intervjua med dei tolv eldre, har tre kvinnheringar i ulike livsfasar skrive kvart sitt essay i boka. 19-åringen Karen Anna Kleppe skriv om sine tankar om det å leva og døy, medan nyslått pensjonist Ove Tvedt (65) prøver å sjå framover mot alderdomen, og kva som ventar han der. Otto Blokhus (83) er den tredje og siste skribenten, som fortel om korleis det er å bli gammal og oppleva sjukdom råka familien. Han skriv om eit langt liv saman med kona si, Hildur, som er vorten dement og no bur på Husnestunet.
Eg takkar alle som på kvar sin måte har medverka til at boka er blitt til. Det gjeld først og fremst alle dykk som eg fekk koma på besøk til, og snakka med. De var alle positive og sa ja på strak arm då eg tok kontakt.
Ei stor takk går også til Kristen Børje, yngste sonen vår, som har vore fotograf og grafisk designar. Utan han er det tvilsamt om boka hadde blitt til. Kona mi, Solveig, og Geir, den eldste sonen vår, har vore nyttige diskusjonspartnarar og konsulentar under vegs. Eg takkar også dei for hjelpa.
Takk òg til deg som no er i gang med å lesa boka. Eg håpar du vil få stor glede av ho.
Husnes, september 2015
Kristian Hus
*