Fine naturopplevingar
– Eit fantastisk uberørt elveleie er noko av det du får sjå på turen langs Blåelvi.
Ernst Jaggi frå Sunde likar å gå turar i skog og mark, og tar alltid bilete av naturopplevingane sine. Nyleg gjekk han langs Blåelvi og vidare opp til Svelgabreen i Blådalen. Der fekk han sjå eit fantastisk uberørt elveleie. Stien inn er også godt merka no, melder turgåaren.
Kvinnherad har mykje fin natur.