Måne over Opsangervegen

– Månen er på veg opp, og då blir det godvêr lenge, sa dei gamle. Lat oss håpa dei hadde rett! I kveld hang han i alle fall over den nye og fine Opsangervegen, 394.704 km vekke frå oss. To dagar før julafta blir han endå meir synleg, for då er det fullmåne. (Foto: Jens Martin Fotland)

Astri S. Måkestad har òg lete seg fascinera over den fine dagen og kvelden, og ein måne på veg opp. Han speglar seg endåtil i eit blikkstille Opsangervatn.

Forrige
Forrige

Stemningsbilete frå Kaldestad

Neste
Neste

Video frå Husnes