Store mengder pollen
Stor produksjon av pollen gjer at det legg seg ein gul snerk i stranda. Færingen i høgre kant av biletet ligg i flomålet og er farga gul under. (Foto: Kristian Bringedal).
Det har kome store mengder pollen på sjøen i Storsund utanfor Uskedalen siste tida, melder uskedalen.no. Det er mest synleg langs landet og opp i stranda, skriv nettstaden.
Svein Rimestad fortel at det er svært mykje granpollen i år. Rundt kvart femte år er det kongleår for gran, og det skal det vera i år, med stor produksjon av pollen. Det er difor truleg ein stor andel granpollen vi ser på biletet, seier Rimestad.