Trygve Haugland: Kjenner seg ikkje gammal

Lyd

Trygve Haugland i Uskedalen nærmar seg 89 år, men seier som Kong Harald; det er berre eit tal. Han kjenner seg ikkje gammal på noko vis. Einaste plage han har, er at føtene ikkje alltid er som dei skal. Bortsett frå det fungerer både hovud og syn så bra at han framleis kan køyra på tur i bubil med kona si. Dei to overtok garden på Haugland i 1960 og dreiv han i 32 år. Garden har vore i same slekta like sidan 1700-talet.

Høyr intervjuet her:

Utanom gardsdrifta har Trygve vore ein aktiv og engasjert mann i Uskedalen. Han har vore med i musikklaget, ungdomslaget, idrettslaget og i koret Røysterett for alle. I musikklaget vart han den første æresmedlemen etter å ha vore med i 48 år. Ei tid var han også styreleiar i Kvinnherad Samyrkelag, i ei tid då butikken byrja å skranta.

God oppvekst

I dette lydintervjuet fortel Trygve om ein god oppvekst i Uskedalen. Han vart fødd på Døssland, der mora hans kom frå, men flytte til Haugland då han var berre tre år. Etter kvart kom det også fire søstre og ein bror til på garden. Sidan Trygve var den eldste i søskenflokken, var det berre naturleg at han overtok garden då foreldra ville slutta av. Sju år tidlegare gifte han seg med Sigrun. Bryllaupet føregjekk på garden, med 180 innbedne gjester.

Trygve og Sigrun har likt å reisa, blant anna med bubilen sin.

– Eg veit ikkje korleis det hadde gått utan kona mi, seier 89-åringen. Dei to har no vore gifte i 64 år, og har det svært godt som pensjonistar. Det er både godt og viktig å vera to når ein blir gammal, meiner Trygve.

Han har ikkje i særleg grad vore engasjert i politikken i Kvinnherad, men føl likevel godt med på kva som skjer, og har sine klare meiningar om mangt og mykje, både innanfor politikk og i kyrkjeleg samanhang. Til dømes kan han ikkje forstå at Kvinnherad kommune byggjer ny aldersheim i Rosendal utan kjøken. Det er meiningslaust, tykkjer han. Nykokt mat til eldre på institusjon skulle vore ein sjølvfølgje.

Vond strid om kvinneleg prest

På den kyrkjelege fronten meiner Trygve det var trist å oppleva splittinga og striden i bygda om den kvinnelege presten. Det må då vera ordet som betyr noko, ikkje kven som framfører det, seier han. Trygve skulle gjerne sett at dei kunne vore sparte for den sjauen i Uskedalen, for det er ein svært godt likt prest som er komen til bygda.

Når du nærmar deg 90 år er det berre naturleg å filosofera litt over kva som er på andre sida av dette livet. Trygve held på barnetrua si og er sikker på at det finst ei styrande hand over oss, og at det kanskje òg finst eit liv etterpå. Alt rundt oss tyder på det, legg han til. Likevel er det livet her og no som betyr noko. Hans største ønske er at det må vera fred og harmoni mellom folk og at det vil gå godt for etterkomarane hans.

Forutan to døtre og ein son, har Sigrun og Trygve Haugland sju barnebarn og fire oldebarn.

Forrige
Forrige

Takk for innsatsen!

Neste
Neste

Mimring