Takk for innsatsen!

Vel overstått nasjonaldag. Eg gjekk ikkje i tog, og ikkje høyrde eg tale for dagen. Eg såg knapt nok kongen på balkongen! Veit ikkje om eg høyrde «Ja, vi elsker» ein gong. Likevel hadde eg ein svært så triveleg dag saman med kjende og kjære. Så kvifor har eg litt dårleg samvit då? Eg trur eg veit det. Det er fordi eg ikkje «stiller opp». Her vert det laga til 17. mai-høgtiding i kvar ei bygd. Det vert pynta og fjelga på førehand, kjøkengjengen lagar mat i dungevis og serverer, og is, pølser og brus vert selde. Kor og korps fartar mellom bygdene og 17. mai-toga, talarar har sveitta på førehand for å få spøta saman nokre velvalde ord, og leikar vert arrangerte.
Og når festen er omme skal det ryddast og vaskast. Ein kjempeinnsats av frivillige. Og så stiller ikkje eg opp! Eg har teke min del både av tillaging, potetskrelling, pynting og taling, eg òg, det er ikkje det. Men tenk om ingen hadde kome? Det ville bli trist, det. Kanskje bør eg gå nokre rundar med meg sjølv til neste 17. mai? I alle fall: Takk til alle i dugnadsgjengar og i korps og kor, som lagar nasjonaldagar rundt om i bygdene våre. Heider og ros til dykk!

Jorunn Toskedal
18.05.17.

Forrige
Forrige

17. mai-tale på Halsnøy

Neste
Neste

Trygve Haugland: Kjenner seg ikkje gammal