Debatt med bismak

Kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik oppmoda i siste kommunestyremøte folk om å halda seg saklege i det offentlege ordskiftet. Ho hadde reagert på ein del av debatten i Kvinnherad Energi-saka, først og fremst i sosiale media.

Det er ei oppmoding alle brukarar av til dømes Facebook bør ta til seg. Eg definerer meg sjølv som ein middels brukar av dette mediet, etter som det går litt i rykk og napp for min del. Men eg er der likevel ofte nok til at eg registrerer både ordbruk og måten mange uttrykkjer seg på. Det er ofte fælt å sjå kor elendig det står til, reint språkleg, og eg lurer ofte på korleis norskundervisinga i skulen har vore opp gjennom tidene. 

Elendige språkkunnskapar er berre litt av problemet. Det Bjerkvik venteleg hadde mest i tankane i den generelle oppmodinga si i kommunestyret, er mangelen på folkeskikk i den offentlege debatten. Her må mange brukarar få regelrett stryk! 

– Som kommunedirektør skal eg tåla ganske mykje, men eg har ikkje tenkt å bli vane med det. Å bli vane med det, er det same som å akseptera det, sa Bjerkvik i kommunestyremøtet.

Slik eg ser det, går det an å få fram meiningane sine utan å driva med splitt og hersk og personlege angrep. Så la oss alle ha dette i tankane når vi deltek i offentlege debattar på Facebook og andre stader. Heldigvis slepp vi slikt i lokalavisene våre, der sit folk som veit det meste om språkbruk og anna.

Kristian Hus

24. mai 2019.

Forrige
Forrige

Kløyvde underleppa i fotballkamp

Neste
Neste

Prosjektkoordinator frå Uskedalen